NRK Meny
Normal

Ein person omkom i trafikkulykke på E134

Ein person er stadfesta omkommen i ein kollisjon mellom ein personbil og eit vogntog på Kongsbergveien ved Høgås på Notodden.

Dødsulukke E134 ved Notodden

Ein personbil kolliderte med eit vogntog på E134 ved Høgås på Notodden. Føraren av personbilen omkom.

Foto: Radio Telemark

Alle nødetatar rykka ut etter at politiet fekk melding om ulykka rundt klokka 15.30.

– Det er ein personbil som har kollidert med ei lastebil. Ein person er bekrefta omkommen. Det er for tidleg å si noko om hendingsgangen, seier operasjonsleiar Jan Olaf Jensen i Sør-Øst politidistrikt til NTB.

Vegvesenet si ulykkesgruppe er varsla.

Laster Twitter-innhold

Sjåføren i vogntoget får hjelp

– Mannen som køyrde vogntoget, går det etter forholda bra med, men han er sjølvsagt svært prega av hendinga, seier Jensen.

Vogntogsjåføren blir tatt hand om av helsepersonell på staden, og arbeidsgivaren hans er varsla.

Det er store køar på staden. Politiet gjennomfører manuell dirigering i periodar. Men vegen blir også stengt i periodar, mens det går føre seg undersøkingar og rydding, opplyser vegtrafikksentralen.

Politiet jobbar måndag kveld framleis med å komme i kontakt med den avdøde sine pårørande.