NRK Meny
Normal

Bjørg Vik feirar 80 år: – Livet har fare fint med meg

PORSGRUNN (NRK): Ho innrømmer at ho er litt forfengeleg, og vil ikkje bli tatt bilete av når ho ikkje er klar for det. No gler ho seg til ein heidundrande fest. – Det er moro å bli gjort stas på mens ein enno lever, seier 80-års jubilant Bjørg Vik.

Bjørg Vik

SPREK JUBILANT: Bjørg Vik er 80-års jubilant og blir feira i heimbyen Porsgrunn.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Eg veit akkurat når eg blei feminist. Det var ein aprildag. Eg var 13 år, og skulle som vanleg til å ta middagsoppvasken. Men så slo det meg: kvifor var det alltid eg som skulle ta oppvasken? Så eg spurde mor mi kvifor bror min ikkje kunne ta oppvasken i blant.

– Nei, han, svara mor mi. Han er gut han. Frå den dagen var eg feminist, fortel forfattar Bjørg Vik.

Men omgrepet kvinnelitteratur hatar ho. Etter hennar meining handlar det om god og dårleg litteratur. Det kjønnsbestemt litteraturomgrepet har ho lite til overs for.

11. september blei Vik 80 år, og det skal feirast. Venene og kollegaene i Grenland Friteater lagar festframsyning til ære for forfattaren, som også kan feire godt 50 års jubileum som forfattar.

Les og:

Bjørg Vik ved vindu

– Livet har fare fint med meg, seier Bjørg Vik.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Studine? EG ? Nei, takk!

Det er lett å le saman med Bjørg Vik, ho er framleis skarp i replikken.

– Bror min ville at eg skulle studere på universitetet.

– Nei, takk, svara eg. Studine ville eg ikkje bli. Eg såg nemleg på studinene, nærsynte med briller, triste klede. Det var ikkje noko å trakte etter, seier forfattaren med ein litt frekk og ungdommeleg latter.

I staden kasta ho seg ut i journalistikken. Ho fekk nemleg jobbtilbod både frå avisa Nordlys og frå Porsgrunns Dagblad.

Den minste byen ho hadde sett

Villa

Bjørg Vik bur i ein mursteinsvilla i Porsgrunn.

Foto: Anne Lognvik

– Eg kom til Porsgrunn i 1956, og redaktøren i PD møtte meg på jernbanestasjonen. Det var den minste byen eg nokon gong hadde sett. Men eg fekk tilbod om jobb, ikkje berre lærlingkontrakt, og lønna var formidabel med over 700 kroner i månaden. Tanken var å bli i den vesle byen nokre månader.

– Men så møtte eg mannen i mitt liv.

Mann, barn og villa

Ho bur framleis i villaen som arkitektmannen Lars Jørgen Vik teikna, og seier ho er takksam for kvar dag ho kan stå opp og gå på sine eigne bein rundt i huset.

– Livet har fare fint med meg, seier Bjørg Vik, som har barn, barnebarn og oldebarn rundt seg i den vesle byen Porsgrunn.

– Når folk spør meg, seier eg berre at avreisa er utsett. Førebels er den utsett i 55 år, så eg blir her nok, avsluttar ho med smil og eit blikk fullt av humor.

Denne veka skal ho feirast med stor fest og festival i Porsgrunn.

– 80 år er eit skremmande tal, me trur ikkje me skal bli så gamle. Men no har eg lyst til å bli endå eldre.