Hopp til innhold

Biografien som ikkje er ein biografi

Terje Håkonsen blir rekna som mannen som revolusjonerte snøbrettsporten. No hamnar han mellom to permar.

Terje Håkonsen

SNØBRETT: Terje Håkonsen er aktuell med bok og film.

Foto: Anne Lognvik / NRK

42-åringen dominera fristilkonkurransane på 1990-talet. Han har vunne VM og EM fleire gonger i tillegg til ei rekkje store, internasjonale konkurransar. Dei seinare åra har han jobba med filminnspelingar, sponsoroppdrag og utvikla World Snowboard Tour.

Terje Håkonsen

Terje Håkonsen har vært et forbilde for snøbrettinteresserte.

Foto: NTB Scanpix

– Denne boka er ikkje berre om meg. Det meir er om kulturen, trur eg. Og det er ikkje slik at eg utleverer historier frå mitt private liv, så det er ikkje ein hundre prosent biografi. Boka handlar ikkje om at eg gjekk på epleslang eller var på bygdefest. Det er ikkje det som blir overskriftene, seier Håkonsen.

– Gjorde du det?

– Eg er frå Åmot i Vinje, så eg har vel lov til det, smiler Håkonsen.

Telemarkingen har mange jern i elden, og er aktuell både på film og med andre store prosjekt.

Terje Håkonsen meiner boka ikkje er ein heilt klassisk biografi.

Heimfylket betyr mykje

– Kva betyr heimfylket og Vinje for deg?

– Det betyr meir og meir. Særleg etter at eg har fått ungar, då set eg pris på å dra heim til Åmot og Vinje. Det er jo fordi eg likar å vere på snøen, og det er rolegare der. Eg likar betre å vere på landet enn i byen.

Det er førsteamanuensis på Høgskolen i Sør Øst Norge, Tommy Langseth, som skriv sportsbiografien.

Terje Håkonsen er også aktuell i filmsuksessen Supervention 2, som gjer det bra både i Norge og Skandinavia.

Planlegg nytt snøbrettarrangement

I tillegg planlegg telemarkingen eit comeback for snøbrettarrangementet Artic Challange, som etter planen skal arrangerast på Strandafjellet i mars.

– No prøvar eg å få til arrangementet slik vi hadde det i Nord-Norge. Med meir livsstil og toppturar, surfing langs kysten og ulike aktivitetar. Og ikkje berre ranking og listeplasseringar.

Men det er ikkje lett å få tak i sponsorar når Terje Håkonsen ikkje vil bli sett i bås med selskap han ikkje likar.

– Men det er gjerne dei som har pengar. Men det er også mange bra berekraftige firma i Norge. Det hadde vore fint om dei kunne støtte vaksensporten også.