Hopp til innhold

Denne ormen blei funnen i ein fisk

Denne raude fem centimeter lange ormen som er funnen i aure fiska i Toke i Drangedal. Ormen låg i buken på fisken.

Måkemark i fisk

Her kan du sjå video når den raude ormen røyrer på seg. Foto: Kurt Inge Dale

Lars Tormodsgard i NaturPartner har fått sett på eit bilete av den raude og tynne marken.

– Det kan likne på det vi kallar ein måkemark eller fiskeandmark, og det er ein bendelorm. Den lever i tarmen til måkene, og det er der den vaksne ormen har fått namnet sitt frå, seier Tormodsgard.

Les også: Denne parasitten truer norsk natur

Fisken er mellomvert

Lars Tormodsgard, NaturPartner

Lars Tormodsgard i NaturPartner

Foto: NaturPartner AS

Han fortel at fisken er ein mellomvert, og at egga til marken hamnar i vatnet.

– Der blir den spist av dyreplankton som igjen er mat for aure. Og då lever larvene i fisken, seier Tormodsgard.

Marken lever i nokon små cyster inne i auren, og forsvinn ofte når du reinskar fisken. Men den kan også legge seg i kjøtet.

– Den er ikkje farleg for den dør når den blir varmebehandla. Men det ser absolutt ikkje godt ut, seier Tormodsgard.

Er blitt vanleg i fisk

Han fortel at måkemarken kan bli opp til 13 cm lange, og tjukke som ein binders.

– Er den vanleg?

– Ja. Den er vanleg i veldig mange vatn i Telemark. Særleg der det er måker og fisk er i dårleg kondisjon, seier Tormodsgard.

Han seier det ikkje er farleg å ete fisken dersom den blir varmebehandla, men den bør ikkje spisast rå.

– Ikkje bendelorm

Fiskeparasittolog Erik Sterud er ikkje samd med Tormodsgard. Etter å ha sett bilete på NRKs nettside er han sikker på at dette er ein rundmark.

Dette er ein Eustrongylidosis, seier han.

Parasitten ender gjerne opp i skarv og hegre som et fisken.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark