Hopp til innhold

Barn lærer matematikk i leiken

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fekk sjå korleis barn mellom to og tre år lærer matematikk gjennom leik og moro.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i Falkum barnehage

Sjå video: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen besøkte Falkum barnehage på sitt første offisielle statsrådbesøk.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen var på sitt første offisielle besøk som statsråd i Falkum barnehage i Skien for å lære om korleis dei minste barna lærer matematikk.

Den ferske kunnskapsministeren fekk god kontakt med barna som var på fornamn med statsråden. I Falkum barnehage fekk han ein liten smakebit på korleis dei aller minste lærer seg matematiske omgrep.

– Det har vore gøy å sjå korleis dei jobbar med leik og læring, seier Røe Isaksen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Falkum barnehage synger for Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

Sjå video: Barn i Falkum barnehage synger for den nye kunnskapsministeren.

Han meiner det er viktig å sjå korleis matematikkundervisninga i barnehagen fungerer i praksis, og seier at fleire barnehagar bør bake inn matematikk i leiken.

– Til og med då barna skulle rydde fekk eg sjå korleis barna lærte forskjell på stor, mellomstor og liten.

Røe Isaksen seier dette er noko Solberg-regjeringa vil ha meir av.

– Vi er opptekne av innhald og kvalitet i barnehagen, utan at det betyr at barnehagen skal bli som skolen.

Vil heve nivået i matematikk

Skien kommune har ein langsiktig plan om å heve nivået i matematikk i skolen. Og det arbeidet startar i barnehagen. Gjennom leik og moro i daglegdagse situasjonar skal barna lære om tall, former og figurar.

I dag er snittet for skriftleg eksamen i matematikk 2,67 i Skien, og målet er å heve snittkarakteren til 3,5 innan ti år.

Då må grunnlaget leggjast alt i barnehagen, for det som skjer i barnehagen vil danne grunnlaget for all seinare matematikklæring. For dei som sliter med matematikk, er gjerne dei elevane som droppar ut av skolen seinare.

– Vi ønskjer at denne satsinga blant anna skal få ned behovet for spesialundervisning seinare i skolen, seier kommunalsjef for oppvekst, Grete Gjelten.

(Artikkelen held fram under videoen)

Marianne Wergeland Thorsen, forelder i Falkum barnehage

Sjå video: Marianne Wergeland Thorsen er forelder til Herbert Amandus og likar ar barna lærer matematikk i barnehagen.

Unik læreglede hos barn

Barn mellom null og tre år skal blant anna få kjennskap til tallrekka mellom 1-5, lære seg enkle omgrep som lite, mykje, høg og låg, få og mange, og former som trekant, firkant, sirkel og kule.

– Leiken og læremiljøet er tilpassa aldersgruppene, barna likar å vere saman og har ei unik læreglede som vi vil ta vare på, seier Mariann Christoffersen, styrar i Falkum barnehage.

Dei større barna mellom tre og seks år skal lære om tallrekka opp til 10, geometriske former og mønstre, og matematiske omgrep som stor, liten, lang, kort, tung, lett, like og ulike.

Marianne Wergeland Thorsen er forelder til Herbert Amandus, og veldig fornøgd med at barna lærer matematikk alt i barnehagen.

– Barna treng desse omgrepa når dei startar på skolen, og det er bare positivt at barna blir kjent med dei alt i barnehagen, seier Wergeland Thorsen.

Mariann Christoffersen, styrer i Falkum barnehage

Sjå video: Mariann Christoffersen er styrar i Falkum barnehage. Her fortel ho om matematikkopplæringa i barnehagen.