Hopp til innhold

Eksamensresultata i matematikk blir dårlegare

Langt færre oppnår karakteren 4 eller høgare enn tidlegare i matematikk. Dette trass i at ein berre treng å få halvparten riktig for å få karakteren 4 til eksamen i grunnskulen.

Tiandeklassingane ved Førde ungdomsskule er spente på kva dei kjem opp i til våren

SPENTE: Tiandeklassingane ved Førde ungdomsskule er spente på kva dei kjem opp i til våren. Dei tykkjer matematikk er kjekt når dei får det til. Frå vestre: Tove Mariell Bruland, Grete Roska, Renate Pollen, Marte Vingsnes, Daniel Fossøy Sandbakk og Haakon K. Nybø

Foto: Idun Fivelstad / NRK

Sidan 2009 har det gått jamt nedover med eksamensresultata i matematikk.

I 2009 fekk 49 % av elevane i Noreg karakteren 4 eller betre til eksamen i skriftleg matematikk. I 2013 fekk derimot berre 36.9 % av elevane karakteren 4, 5 eller 6. Det er ein nedgang på litt over 12 prosentpoeng på fire år.

Har gått ned nesten ein halv karakter på fire år

Elevane i Sogn og Fjordane har lenge scora betre enn landsgjennomsnittet i dei fleste fag – også i matematikk – men i år fekk berre 44,6 % av elevane som kom opp i matematikk i fylket karakteren 4 eller betre.

Det er ein drastisk nedgang sidan 2009, då litt over 55 % kunne skilte seg med karakterar i den øvre delen av karakterskalaen.

Fleire einarar og færre seksarar

Lærar og sensor i matematikk, Berit Grue, merkar at eksamensresultata blir dårlegare.

– Det blir fleire og fleire einarar og færre og færre seksarar, fortel ho.

Det er i tråd med tala til Utdanningsdirektoratet. I Sogn og Fjordane fekk 2,5 % karakteren 1 i 2009. Fire år seinare er talet mangedobla. I år fekk heile 10,3 % fekk den lågaste karakteren til eksamen.

Eg trur ikkje at elevane har vorte dummare

Berit Grue

På landsbasis fekk 5,1 % karakteren 1 i 2009. I år fekk over dobbelt så mange, heile 11,7 %, den lågaste karakteren i skriftleg matematikk.

Ser ein i andre delen av skalaen fekk 4,8 % karakteren 6 i 2009.

I år kunne berre 1 % av tiandeklassingane i Sogn og Fjordane som kom opp i matematikk smykke seg med den gjævaste karakteren, mot 2 % på landsbasis.

Uroa kunnskapsminister

– Regjeringa er veldig bekymra for at matematikkresultata blir dårlegare, seier Torbjørn Røe Isaksen. Kunnskapsministeren fortel at regjeringa vil gjere ei kraftsatsing i realfag og blant anna vidareutdanne lærarane i matematikk.

Torbjørn Røe Isaksen

BROTE VALLØFTE: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil ikkje heve krava for å kome inn på lærarutdanning.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Han trur ikkje at løysinga er å heve krava for å kome inne på lærarutdanning, slik som Høgre lova i valkampen.
– Då risikerer me å ikkje få nok lærarar, hevdar Isaksen.

Kunnskapsministeren seier at Noreg vil gå ei mørkare framtid i møte om trenden ikkje snur.

– Konsekvensen er i verste fall at me blir nøydd til å importere meir og meir arbeidskraft. Noreg er eit land som er bygd på realfag, seier Isaksen.
Han trur i verste fall at me ikkje kan halde fram med arbeidet med å finne ei løysing på klimakrisa og å utnytte naturressursane våre.

Veit ikkje kva det skuldast

Forskar ved institutt for lærerutdanning og skoleforskning ved UIO, Ole Kristian Bergem, veit ikkje kva den negative kurven kan skuldast.

– I utgangspunktet er det vanskeleg å seie om dette skuldast at elevane har vorte svakare eller at eksamen er vanskelegare.

Matematikklærar og sensor Berit Grue

FLEIRE EINARAR: Berit Grue er lærar og sensor i matematikk. Ho merkar at eksamensresultata blir dårlegare.

Foto: Idun Fivelstad / NRK

Matematikklærar ved Halbrend skule i Førde, Berit Grue, meiner at eksamensoppgåvene har vorte vanskelegare. I tillegg har det kome fleire kompetansemål, men det er ingenting som er teke vekk.
– Elevane får ikkje tid til å fordjupe seg nok.

Grue legg til at elevane må vere klare over at matematikk er eit fag der dei må trene.

– For å bli gode i matematikk så må dei trene på lik linje som om dei skulle bli gode i fotball.