Hopp til innhold

Avviser valfusk etter Tajik-besøk

BØ/PORSGRUNN (NRK): Framstegspartiet reagerte kraftig på at Hadia Tajik heldt føredrag ved høgskulane i Bø og Porsgrunn same dag som studentane kunne røyste på førehand. Leiarane i valstyra meiner klaga frå FrP er for tynn.

Hadia Tajik

FØREDRAG: Nestleiar i Arbeidarpartiet, Hadia Tajik haldt føredrag om ekstremisme ved høgskulane. Her besøker ho NRK sine lokale i Porsgrunn same dag.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

Val

– Eg skjønar ikkje at nokon kan støtte eit krav som er basert på eit så tynt grunnlag, seier ordførar i Porsgrunn, Robin Kåss (Ap).

Som ordførar er Kåss leiar av valstyret i Porsgrunn. Dei skal behandle klaga frå FrP førstkommande måndag.

Robin Kåss

ALVORLEG: Ordførar i Porsgrunn, Robin Kåss, seier det er alvorlege skuldingar FrP no kjem med.

Foto: Katrine Rohde Johannessen / NRK

– Dei krev attval for heile kommunen. Det er eit dramatisk krav, og det er Stortinget som eventuelt må ta ei avgjersle i saka, seier Kåss.

Han får støtte frå leiaren av valstyret i den andre kommunen Tajik haldt føredrag.

– Slik eg har forstått det så har det ikkje skjedd nokre brot på vallova i samband med Tajik sitt besøk, seier ordførar i Bø, Olav Kasland (V).

Kasland var ikkje til stades under besøket, men har vorte fortalt at ting gjekk ryddig for seg.

– Hadja Tajik gjekk rett opp i førelesingssalen i tredje etasje da ho kom til skulen. Partikollegaene ho hadde med seg var heller ikkje kledd i uniformer som synte at dei var frå Arbeidarpartiet, seier Kasland.

Vidare syner Kasland til vallova, og peiker på at valagitasjon må gå føre seg i det same rommet som ein førehandsrøyster om det skal vere lovbrot. Førehandsrøystinga gjekk føre seg i fyrste etasje på skulen.

Meir om saka: Mener valgloven er brutt

Olav Kasland

IKKJE ULOVLEG: Ordførar i Bø, Olav Kasland meiner FrP si klage ikkje vil få gjennomslag.

Foto: Roald Marker / NRK

– Må takast på alvor

Det er 3.-kandidat for Telemark Framstegsparti, Adrian Ness Løvsjø som har sendt inn klaga på vegner av partiet. Han tykkjer ikkje Tajik sitt besøk var etter boka.

Adrian Ness Løvsjø

KLAGA: Adrian Ness Løvsjø klaga inn Tajik-besøket på vegner av partiet sitt.

Foto: Roald Marker / NRK

– Me meiner at dei som har førehandsrøysta i Bø, og til dels i Porsgrunn, ikkje har kunne stemt utan å verte påverka, seier Løvsjø.

– Er dette berre eit valkamputspel?

– Me er opptekne av å følgje regelverket. Me har også fått meldingar frå studentar ved skulane som ikkje tykkjer dette er greitt. Difor tek me det på alvor og sender inn klager til valstyra i begge kommunane, seier Løvsjø.