Hopp til innhold

Anno-Ove: – Vi kjente på svolten kvar dag

I kveld er det premiere på realityserien «Anno». Ein av deltakarane kjem frå Telemark.

Ove Ravn Hansen er deltakar i Anno 2017. Handlinga er lagt til Trøndelag i 1537.

Dermed er sesong nummer tre i gang, og denne gangen er handlinga lagt til år 1537 i mellomalderen i Trondheim.

Programskaparane har invitert 14 deltakarar, ein av dei er Ove Ravn Hansen frå Porsgrunn.

– Eg er veldig spent, for eg veit ikkje kva som er klipt saman. Men eg er roleg, og trur det blir veldig bra.

Ove Hansen kjem ikkje til å sitte åleine for å sjå på første episoden. Ein god gjeng skal samlast hos ein kamerat for å sjå programmet.

– Vi skal sette oss ned to timar før programmet startar og snakke saman. Men vi er veldig spente heile gjengen.

Kjende på svolten kvar dag

Ove Ravn Hansen - deltaker i Anno

Ove Ravn Hansen var gjest i NRK Telemarksendinga.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Korleis var det å bli sett tilbake i tid til år 1537?

– Det var veldig spesielt. Vi måtte lage alt sjølv frå botn av. Vi måtte slakte sjølv og kjøtet måtte ligge først, så det tok mange timar berre å lage ein middag. Og det blei heller ikkje veldig godt, for vi hadde ikkje noko å krydre med.

Men etter kvart så blei all maten dei laga god.

– Vi kjente på svolten kvar dag. Så vi gjekk ned mange kilo.

Det er ikkje så mykje Ove Ravn Hansen kan fortelje om maten før programmet blir vist på NRK. Men ein av rettane var juret på ei ku.

– Det er det verste eg nokon gong har forsøkt å ete, og alle blei kvalme. Juret var fullt av sur mjølk og det lukta ille.

Ove Ravn Hansen i Anno 2017

Deltakarane i Anno fekk prøve korleis det var å leve i år 1537.

Foto: NRK

Måtte vere klar for det meste

– Korleis førebur ein seg mentalt til å gå fem hundre år tilbake i tid?

– Det var vanskeleg å vite kva som kom, så du måtte berre vere klar for alt. Ikkje minst det å skulle bu tett saman og sove saman med andre er også ei utfordring. Alle hadde ulike døgnrytmar, og la seg og stod opp til ulike tider.

– Blei det mykje krangling mellom deltakarane?

– Vi krangla ikkje i det heile. Frå dag ein blei vi einige om å skape glede på TV. Vi kan vere ueinig, men ikkje falske og dolke kvar andre i ryggen.

– Kva kan vi glede oss mest til i det første programmet?

– Det blir ein veldig fin start med ei reise der vi kjem saman heile gjengen i ein veldig fin båt på fjorden. Og eg blei overraska over at NRK hadde klart å finne og samle ein så fantastisk flott gjeng.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark