NRK Meny
Normal

Alvorleg for pelsdyrnæringa i Nissedal

– Alvorleg for Nissedal, seier ordføraren om Listhaug sitt kutt i støtta til pelsdyrnæringa.

Halvor Homme

Ordførar Halvor Homme i Nissedal er uroa for framtida for pelsdyrnæringa i kommunen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Ordførar Halvor Homme seier det er øydeleggjande for pelsdyrnæringa i Nissedal, dersom Listhaugs framlegg til kutt i statsstøtta blir sluttresultatet.

Landbruksministeren vil fjerne frakttilskotet på for til dyra, ei ordning som er meint å sikre utkantane lik pris som bønder i sentrale strøk.

Får mindre i tilskot

Pelsdyroppdrettarane får i år 17,8 millionar kroner i tilskot til frakt av fôr. Det tilskotet er foreslått fjerna i det tilbodet som staten tysdag leverte bøndene i årets jordbruksoppgjer.

Støtten til avløysarordninga på nær 14 millionar kroner blir foreslått halde oppe.

Framstegspartiet har programfestet at partiet ønsker å fjerne støtta til pelsdyroppdrett i Noreg, mens Senterpartiet og KrF ønsker å behalde støtta.

Høgre seier ikkje noko om pels i sitt program, og blant partiets stortingsrepresentantar er meiningane delte. Arbeidarpartiet ønsker ei styrt avvikling av næringa.

Viktig næring i Nissedal

Ordførar Homme er uroa for konsekvensane av dette, fordi pelsdyr er ei viktig næring i Nissedal.

– Nå vil eg først ta kontakt med dei som driv med pelsdyr i Nissedal og få deira reaksjonar, seier Homme som representerer Arbeidarpartiet.

Etter det vil han vurdere kva for politiske kontaktar han skal gjere med sitt eige parti, der pelsdyrhald også er ei omstridd næring.

– Men dette er veldig skadeleg for dei som har satsa på ei tradisjonsrik næring i Nissedal, seier Homme.

Er overraska over Listhaug

Leiar i Sør pelsdyralslag Arnt Erik Evja i Nissedal seier til NRK at han ikkje er overraska, men han er veldig skuffa over tilbodet frå Listhaug.

– Ho er jo veldig positiv til næringa generelt sett, og då er skuffande at Listhaug vil ta bort frakttilskotet, seier Evja.

  • Mann drapstruet politiet

    En mann i 20-årene er pågrepet i Bø i Telemark. Han skal først ha slått seg vrang og kranglet med dørvaktene på et utested. Da politiet kom til stedet sparket og spyttet han på en politibetjent. Han skal også ha drapstruet politiet.

    Laster Twitter-innhold
  • Påførte kraniebrudd med hammer

    En 28 år gammel mann er i Nedre Telemark tingrett dømt til fengsel i et år og tre måneder for grov vold. 28-åringen har blant annet påført en annen person kraniebrudd med en hammer. Mannen må også betale 87 000 i oppreisning som følge av volden.

  • Scoret 32 mål - linkes til Odd

    Tobias Lauritsen i Pors scoret sitt syvende hattrick i 3-0 seieren borte mot Express i dag. Spissen har scoret 32 mål i årets serie og nå linkes ungutten til Odd, skriver PD.