Hopp til innhold

- Eg veit kven drapsmannen er

Waldemar Aksnes frå Skien meiner å vite kven som drap Olav Martinius Fjeld i Kilebygda vinteren 1990.

Aksnes

Waldemar Aknes meiner å vite kven som drap Olav Martinius Fjeld i 1990, men politiet har ikkje funne grunn til å gjennopne saka.

Foto: Anne Lognvik / NRK

20. september i 1990 blei Åge Vidar Fjell dømd til fengsel i 7 år og til 10 års sikring for drapet på naboen sin i Kilebygda i Telemark.

I 2009 blei han frikjend for Kilebygdadrapet. Fjell hadde då sona sju år for drapet.

Frikjenninga seier ingenting om skuld eller ikkje skuld, men konkluderer med at Fjell ikkje var strafferettsleg ansvarleg.

– Eg veit kven det var

Åge Vidar Fjell

Åge Vidar Fjell ble dømd til sju års fengsel og ti års sikring for drapet på naboen. Han blei seinare frikjend.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Men Waldemar Aksnes i Skien meiner å vite kven drapsmannen var. Og det var ikkje Åge Vidar Fjell.

– Eg veit kven det var. Eg kjende folka. Dei hadde Kilebygda som yndlingsstad for jakt, seier Aksnes.

Han seier eit kontant nei på spørsmål om det var Åge Vidar Fjell.

På denne tida var Aksnes skraphandlar, og meinar han har overhøyrd ei privat samtale med to personar som var i Kilebygda drapsnatta. Dette har han fortald til politiet.

Han kan ikkje seie om det var ei ulykke eller noka anna som førde til at Olav Martinius Fjeld ble drepen.

– Dei to jakta i Kilebygda den gongen. Eg oppfatta det som om han ble skoten fordi dei hadde to dyr i bagasjerommet på bilen. Dei blei overraska av Fjeld – så small det, seier Aksnes.

Kular og våpen

– Eg skulle henta ein bil som skulle vrakast, og det var ein av bilane som mennene brukte under jakta. Bilen var full av kular og våpen, både på golv og i setene. Politiet satte ikkje lit til meg, og eg kom ikkje lengre - men eg veit, og kan hente mannen nå dersom eg ynskjar det, seier Aksnes.

Saken fortsetter under videoen.

Video Kilebygda - Aksnes

Se hele innslaget med Waldemar Aksnes som ble sendt på NRK Østafjells onsdag kveld.

Fungerande visepolitimester i Telemark Knut Kolloen stadfester at dei har snakka med Aksnes utan at det endra saka.

– Me har tatt dette inn som ein del av saka, og sendt det øver til dei som skal vurdera korleis detta skal handsamast vidare, seier Kolloen.

Inga aktiv granskning

Dersom det er rett slik Aksnes hevdar, går det ein drapsmann laus i Telemark. Kolloen seier dei ikkje aktivt granskar saka.

– Det er ikkje nokon aktiv granskning av denne saka. Me har ikkje hatt noka insitament til å gjennopna den. Dei opplysningane som har kome fram i avhøyr av Aksnes i 2009, har ikkje ført til nokon ordre frå påtalemakta om å gjennopne saka. Det har politiet helde seg til, seier Kolloen.

Politiet kan gjera avhøyr på eiga grunnlag, men det har ikkje politiet funne grunn til ifølge Kolloen. Dei har imidlertid avhøyrd personane Aksnes visar til.

– Det har me, men det føyrde ikkje til nokon avgjeranda opplysningar i de avhøyra. Det er inga grunn til rette mistanke i nokon retning basera på dei avhøyra, seier Kolloen.

Kilebygda-drapet

Politiet leter her etter spor på åstedet der den 51 år gamle Olav Martinius Fjeld blei drepen i Kilebygda i Telemark i 1990.

Foto: Berg, Bjørn / SCANPIX

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark