Sittebenker, solsenger, bord, tre og planter har erstatta bilvegen to nye stader i Oslo.
I dag opna nemleg to nye bylivsgater i Oslo.
Dermed er det totalt tre slike gater i hovudstaden: ei på Grønland, ei på Torshov og ei på Grünerløkka.
– Målet er at alt frå dei bitte små barna til pensjonistane skal kunne henge ute og finne nye, sosiale møtestadar, seier Arild Hermstad (MDG), byråd for byutvikling i Oslo.
For opphald og oppleving
– Vi tar tilbake gatene og gjer dei tilgjengelege for folk, seier Hermstad.
Det gjer dei ved å fjerne parkeringsplassar og redusere trafikkmengda. Slik kan dei bruke området til andre ting.
– Det kan vere plantar, leikeplassar eller stader folk kan henge, seier Hermstad.
På Grünerløkka er det bygd opp eit stort amfi mot Akerselva. På Ankerbrua kan ein no gå mellom eventyrstatuane på ein eigen, liten skogssti.
– Vi har satsa veldig mykje på benkar. Vi ser at folk tek dei i bruk, og vi får mykje positiv respons frå eldre som likar at det er litt høgare benker og variasjon slik at dei kan sette seg, seier Hermstad.
Han peiker og på at i ei tid der ikkje alle har like god råd som før, er felles møteplassar i byen viktige.
– Det er ein stad å vere der du slepper å betale. Der kan du få noko relasjonar, møte venner eller folk du ikkje kjenner frå før. Rett og slett bli meir sosial, utan at du må betale for det, seier Hermstad.
Nye køyremønster
– Det er framleis mogleg å parkere i området eller i parkeringshus, seier Hermstad.
Han håpar at folk berre vil ta bilen så langt det er naudvending, og at dei vil gå eller ta kollektivtransport vidare.
– Men vi prioriterer nyttetrafikken, seier Hermstad.
Sjølv om det er gjort ein del endringar i køyremønsteret i gatene, skal det nemleg vere mogleg å kome fram for naudetatar, varelevering eller folk med funksjonsnedsettingar.
Erfaringane frå bylivsgata på Grønland viser at dette funkar, meiner byråden.
– Vi har sett ein svær nedgang i biltrafikken, på omkring 80 prosent. Næringslivet seier òg at dei syns dette er heilt fantastisk og at dei elskar tiltaket, seier Hermstad.
Bylivsgatene skal vare fram til 2024. Målet er at det skal bli permanent etter kvart.
– Vi haustar erfaringar. Vi kan lære og justere prosjektet, slik at når det forhåpentlegvis blir permanent har vi kome fram til løysingar som vil stå seg over veldig lang tid, seier Hermstad.
Totalt ynskjer MDG å skape 100 nye grøne møteplassar i Oslo.