Hopp til innhold

Tett trafikk og kø ut frå Oslo

Tidleg laurdag ettermiddag blir det meldt om tett trafikk og mykje kø på dei store vegane sørover ut av Oslo.

E18 mot Drammen og mot Moss, samt E6 sørover mot Moss og Sverige.

Det seier Gry, trafikkoperatør hos Statens vegvesen.

– Eg reknar med at mykje av køen er vekke om ikkje så lang tid, for folk vil jo komme seg til hyttene sine mens vêret er fint, seier ho.

– Følg med på trafikken, ikkje ver oppteken av andre ting og hald god avstand til bilane framfor deg.

Og sidan det er ein varm dag:

– Det kan vere greitt å ha noko å drikke i bilen, ta pausar, stopp for å strekk litt på beina og kjøp ein is, oppfordrar Solli.

Slik ser det ut på E18 Kjellstad lørdag kl.13:20
Foto: Statens vegvesen