Hopp til innhold

Siste svaneunge i Frognerparken drept av hund

Den siste av dei tre svaneungane i Frognerparken i Oslo vart fredag morgon drepen av ein hund som ikkje var i band. Det stadfestar Bymiljøetaten, som skriv at ungen vart teken aust for Kjærlighetsbrua ved Frognerdammen.

Hundeeigaren skal ifølgje eit vitne ha stukke frå staden, og Bymiljøetaten vil melde hendinga til politiet.

Dei tre svaneungane vart klekka i juni. Ein av dei forsvann etter berre ei veke, den andre vart borte for eit par dagar sidan.

Etter bekymra meldingar frå publikum om lause hundar nær svanene svarte Bymiljøetaten i ein e-post 13. juli at dei er «kjent med situasjonen med svanene, men det er ikke prioritering per nå å sette opp mer sikring langs Frognerdammen.»

Svaneungene i Frognerdammen, juni 2022
Foto: Eduardo Cortes