Fotballpresident om Norway Cup
Fotballpresident Lise Klaveness meiner russiske og kviterussiske barn bør bli inviterte til Norway Cup.
Nyleg valde arrangøren å stenge ute barn og unge frå desse landa frå konkurransen komande sommar. Grunnen er krigen i Ukraina. Avgjerda har møtt kritikk og arrangøren vurderer no om dei skal gjere om vedtaket.
Fotballpresidenten meiner utestenginga er feil og forhasta.