– Eg er ikkje optimistisk, sa Manchester Uniteds manager etter europaliga-kampen mot Anderlecht i går. I dag fekk han dei: Zlatan Ibrahimovic er ute for resten av sesongen, melder Sky Sports.
«Ibra» har ikkje forlenga kontrakten som går ut etter denne sesongen, og det blir spekulert i om kampen torsdag kveld var hans siste for United.
Ifølgje Daily Star kan skaden vere så alvorleg at Ibrahimovic vil vere borte frå fotballen i opptil ni månader.
Til Nord-Amerika?
Spekulasjonane har dei siste månadane gått om at han kan vere på veg til Major League Soccer i Nord-Amerika.
35-åringen kom til United på fri overgang frå Paris Saint-Germain i fjor sommar. Totalt har han scora 28 mål for Manchester-klubben, inkldert sigersmåla i både Community Shield-kampen og ligacupfinalen. Av Uniteds 48 ligamål har Zlatan scora 17, altså nesten ein tredel. Nest best på den lista er Juan Mata med seks mål.
Manchester United er på femteplass i Premier League og har sju kampar igjen. Med sine 48 mål har United suverent færrast scoringar av dei sju øvste laga på tabellen.
Det betyr at manager Jose Mourinho får ei skikkeleg utfordring i kampen om meisterligaspel når klubbens suverene toppscorar er ute.
Zlatan mister mellom anna lokalderbyet mot Manchester City torsdag. Han scora Uniteds mål i 1-2-tapet tidlegare i sesongen.
Manchester United er også klar for semifinale i europaligaen etter at Anderlecht blei slått 2-1 etter ekstraomgangar torsdag.