Det var Reals stjerne Gareth Bale alle venta på då Wales EM-debuterte. Men det var ein annan som sikra Wales 2-1 over Slovakia – og han er utan klubb.
Innbytar Hal Robson-Kanu som var sist på ballen då Wales vann 2-1 etter ein forrykande andreomgang. Men han trefte ikkje heilt reint på innlegget frå Aaron Ramsey, og ballen trilla over målstreken.
Ingen kandidat til EMs vakraste mål, men gull for Wales, som hadde ei eventyrleg støtte frå tribunene. Raudkledde walisarar song seg av full hals gjennom samtlege 90 minutt og var frå seg av glede då kampen var slutt.
Matchvinnaren er utan klubb. Hans kontrakt med Championship-klubben Reading har gått ut, og ingen ny klubb har meldt seg. Men i dag leverte han ein sterk søknad.
– Det er ikkje noko eg tenkjer på no. I dag gjeld det nasjonen (Wales), og eg håpar vi kan gjere walisarane stolte. No er det fullt forkus på England-kampen, seier han til BBC.
Frispark-magi frå Bale
Men det var Bales meisterskapsdebut alle venta på. Og Bale skuffa ikkje. Sjå Gareth Bales frisparkmål:
Real-stjernespissen fekk sjansen han og alle walisarane hadde venta på etter berre ti minutt.
Frå over 25 meter skrudde ballen over muren og i bakken ved bortre stolpe. Slovakias keeper Matus Kozacik stod feilplassert, og rakk ikkje ned i tide.
Real Madrid-spissen kopierte dermed sitt aller første landslagsmål: Eit direkte frispark i ein EM-kvalifiseringskamp i oktober 2006 – mot Slovakia.
Norsk dommar i straffe-fokus
Kvarteret før pause kom situasjonen alle diskuterte etterpå:
Martin Skrtl smelte albogen i hovudet på Johnny Williams, som gjekk rett i bakken. Walisarane ropte på straffe, og tv-reprisen viste at dei hadde ei god sak.
Men kampens norske dommar Svein Oddvar Moen var av ei anna meining, og dømde utspel frå mål.
John Arne Riise var blant dei mange som reagerte på Moens avgjerd:
Det same gjorde ein annan eks-Liverpool-spelar:
Utlikna etter 59 sekund
Kvarteret etter pause hadde Wales og Bale ein ny stor sjanse til å doble leiinga. Men denne gongen tok Kozacik ballen på streken.
I staden utlika Slovakia. Innbytar Ondrej Duda fekk fulltreff og sende ballen i mål inne ved stolpen. Dudas første ballberøring etter berre 59 sekund på bana.
Sjå Slovakias utlikning:
Og så kom Wales sigersmål. Midt inn i ei kampavslutning som nærma seg ein orgie i sjansar og halvsjansar i begge endar. Adam Nemec heada i stolpen fire minutt før full tid.
Wales har dermed ein fot i åttedelsfinalene. Men først skal dei gjennom ein kjensleladd kamp mot storebror England torsdag.