Hopp til innhold

Stadfestar møte med Klaveness: – VM-sjefen uttrykte skuffelsen sin

Fotballpresident Lise Klaveness vart oppsøkt av VM-sjef Hassan Al Thawadi på VM-trekkinga fredag. Partane fekk «prata ut», men stadfestar at dei framleis er rykande usamde.

Lise Klaveness

TOK KONTAKT: VM-topp Hassan Al Thawadi oppsøkte fotballpresident Lise Klaveness på VM-trekkinga fredag.

Foto: NTB

– Han kom bort til meg i går under trekkinga, og vi tok kvarandre i hendene, fortel Klaveness.

Vidare følgde ein diskusjon om talen Klaveness heldt torsdag, og motsvaret ho fekk av Al Thawadi.

– Han gav uttrykk for at det han meinte var at eg burde treft han under fire auge i Qatar denne gongen her, før eg gjekk på talarstolen. Eller kanskje at eg ikkje skulle gå på talarstolen i det heile, men at kritikk skal rettast «face to face».

– Vi hadde ein kort og god prat om dette, at det var eit poeng for oss at dette gjekk føre seg offentleg. Og at kritikken ikkje var retta mot arrangørkomiteen, som jo har gjort mange ting, men mot saka, i og for seg – og framtida.

Fekk motsvar

Klaveness gjekk opp på talarstolen torsdag, og heldt ein tale som sidan har skapt oppsikt verda over. Ho kritiserte FIFA og tildelinga av VM til Qatar i 2010.

– Tildelinga av VM skjedde på ein uakseptabel måte, med uakseptable konsekvensar. Menneskerettar, likestilling, demokrati og kjerneverdiane i fotballen – var ikkje i startellevaren før mange år seinare, sa ho i løpet av innlegget på snautt seks minutt.

Sjå heile talen her:

Like etter henne gjekk VM-sjef Al Thawadi opp på talarstolen for å svare. Han er leiar for den såkalla «supreme committee», arrangørkomiteen i Qatar.

– Før eg går vidare, så vil eg gjerne uttrykke ein skuffelse. Presidenten besøkjer landet vårt, men har ikkje bede om eit møte. Ho har heller ikkje prøvd å få til dialog, før dagens kongress.

– Ønskte å snakke ut

Klaveness seier ho har hatt «masse dialog» med både Qatars styresmakter, arrangørkomiteen og Al Thawadi sjølv, tidlegare.

Ho omtaler møtet som godt.

– Han ønskte å snakke ut om dette. Han gav uttrykk for at han syntest det var skuffande. Eg sa at intensjonen vår ikkje var å kritisere selskapet hans i seg sjølv, men saka, og det å ha veldig gode etiske refleksar i fotballen framover. Men han gav uttrykk for at han oppfatta det som flengjande kritikk av arrangørkomiteen, fortel Klaveness, etter landing på Gardermoen.

Giovanni Infantino

REAGERTE: VM-sjef Hassan Al Thawadi uttrykte skuffelse over talen til Klaveness. Her saman med Fifa-president Giovanni Infantino

Foto: AMMAR ABD RABBO / AFP

VM-komiteen om møtet

NRK har vore i kontakt med ein talsperson for VM-komiteen i Qatar, som stadfestar at Klaveness og Al Thawadi møttest under VM-trekkinga.

– Han uttrykte skuffelsen sin over at presidenten ikkje nådde ut for å diskutere Qatar-relaterte saker før talen hennar. Han var usamd med presidenten i at eit nett-gruppemøte tidleg i 2021 var samanliknbart med ein personleg diskusjon om komplekse spørsmål, skriv talspersonen i ein e-post og held fram:

– Ho noterte vidare at talen hennar ikkje peika ut Qatar, og generalsekretæren var respektfullt usamd.

Talspersonen hevdar at Klaveness erkjende at det var gjord framsteg i Qatar.

– Trass i usemja uttrykte generalsekretæren sitt ønske om fokus på produktiv dialog, og gjentok følgjeleg engasjementet sitt for å halde døra open for diskusjon og dialog.

Les også Drømmedebuten i Doha

Martin Luther King og Lise Klaveness

Skapte reaksjonar ute i verda

No er Klaveness heime på norsk jord, og beskriv Qatar-turen slik:

– Det har vore veldig innhaldsrikt. Frå den eine ytterkanten til den andre, og tilbake igjen. Vi reiste jo dit for å formidle ein bodskap frå medlemmene våre som var både tydeleg og likevel balanserte. Så får andre vurdere om vi trefte.

Talen skapte reaksjonar ute i verda, og Klaveness seier den følgjande offentlege debatten var eit mål for NFF.

– Det var eit poeng å ha ein offentleg debatt rundt tema vi er veldig opptekne av. Så blir det viktigaste å ta det vidare.

Siste nytt

  • Ronaldo med ny rekord

    Cristiano Ronaldo (40) så ut til å sende Portugal til fotball-VM, men på overtid fikk Ungarn med seg 2-2.

    Dermed må portugiserne vente på å booke plass i neste års sluttspill i Nord-Amerika. Festen ble spolert av Dominik Szoboszlai i det 91. minutt.

    Ronaldo har allerede mange rekorder på merittlista, og tirsdag kom det en ny ved å bli tidenes mestscorende spiller i kvalifiseringer til VM.

    Ronaldo satte milepælen da han fra kort hold gjorde 1-1 halvveis ut i første omgang. Med det var han forbi tidligere Guatemala-spiller Carlos Ruiz, som stoppet på 39 mål.

    Rett før pause rykket han ytterligere ifra. Ronaldo tok Portugal i ledelsen på en ball fra Nuno Mendes.

    40-åringen står med 143 landslagsmål og 948 totalt i karrieren.

    (NTB)

    Ronaldo
    Foto: Reuters
  • England klar for VM etter storseier

    5-0 og booket plass i neste års VM som første europeiske lag.

    Oppgjøret i Riga ble aldri spennende. England hadde full kontroll og ledet 3-0 til pause.

    Anthony Gordon skrudde inn åpningsmålet etter en snau halvtime, mens Kane gjorde to kjappe i det 44. og 45. minutt.

    Det skjedde etter at England-kapteinen hadde sløst med sjansene. Kane scoret først på et distanseskudd, og fra straffemerket økte han til 3-0.

    Bayern München-spissen er med sine 76 mål på 110 kamper med klar margin tidenes mestscorende spiller for England.

    Etter hvilen kom 4-0 etter et selvmål av Maksims Tonisevs. Mot slutten kom også innbytteren Eberechi Eze på scoringslista.

    Thomas Tuchels lag har full pott (18 poeng) og målscoren 18-0 etter seks kamper.

    Det er 17. gang at Englands er klar for VM på herresiden. Nasjonen har ikke feilet med å ta seg til et verdensmesterskap siden «Three Lions» ble treer i en kvalifiseringspulje Norge vant foran 1994-sluttspillet.

    Neste års VM spilles i Canada, Mexico og USA.

    (NTB)

    Harry Kane,
    Foto: AP
  • Storhamar videre i mesterligaen – slo tysk topplag

    Storhamar måtte vinne i ordinær tid for å være sikret mer spill i Champions Hockey League. Under press ble Pinguins Bremerhaven slått 2-1.

    I kampen som var en ren finale om avansement til åttedelsfinalene, sto Axel Sandnes og Sander Dilling Hurrød fram med hver sin scoring.

    Storhamar ledet 2-0 i egen hall etter snaut en halvtime. Etter det spilte Petter Thorense menn på resultat og holdt akkurat unna.

    Med under seks minutter igjen skjøt Jan Urbas inn den tyske reduseringen.

    Storhamar vant tre av seks kamper i ligaspillet, og med ni poeng er klubben garantert å ende blant de 16 beste på tabellen.

    Forrige sesong tok Pinguins Bremerhaven seg til kvartfinale i mesterligaen. Laget er for tiden nummer tre i hjemlig serie i Tyskland.

    (NTB)

     Petter Thoresen og Storhamar
    Foto: Terje Bendiksby / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal