– Eg kjem nok til å skrive «Takk for kampen. Betre lykke neste gong», til Tor, seier Vipers-trenar Kenneth Gabrielsen.
– Mi melding blir kort og greitt «Gratulerer med sølv», kontrar Larvik-trenar Tor Oddvar Moen.
Eliteserien opnar i helga, og det går mot den mest uvisse sesongen på svært lenge i norsk kvinnehandball.
Ikkje berre har Vipers teke overteke favorittstempelet frå Larvik som har vunne serien dei 17 siste sesongane, og som i vår tapte ein seriekamp for første gong sidan april 2001.
Profilar som Heidi Løke (Storhamar), Camilla Herrem (Sola) og Katrine Lunde (Vipers) er også tilbake i norsk eliteserie etter fleire år i utanlandske toppklubbar.
Ni av 12 eliteserietrenarar held Vipers som favoritt til seriegullet.
– Skal ha ein tittel denne sesongen
Vipers-trenaren likar at hans lag er favoritt.
– Det er herleg, og det skal vi takle. Vi skal ha ein tittel denne sesongen, anten serie, cup eller sluttspel. Og vi skal bite frå oss i meisterligaen. Hugs at Vipers enno ikkje har vunne nokon ting, seier Gabrielsen.
Han kom til Vipers i fjor, og då var målet å bli best i sesongen 2018–19. Men så hadde laget ein god sesong i fjor.
– Vi har vore flinke til å hente inn kvalitet også i går. Larvik er svekka, men har likevel masse kvalitet igjen. Det blir morosamt i norsk eliteserie i år, seier Vipers-trenaren.
– Vinnarkultur, men ikkje i veggane
– Vi går for siger. Eg forstår spådommane, men vi har ambisjonar om å vinne. Vi går for siger, seier Gabrielsens kollega i Larvik, Tor Odvar Moen.
– Det er gøy å bygge lag, gøy å prøve å finne styrkar og kvalitetar. Vi har mykje på plass.
– Og så sit det vinnarkultur i veggane?
– Nei, i folka i klubben. Kultur er resultat av dei menneska som er der. Vi vinn fordi vi har erfaring, gode nok spelarar, og veit korleis det er å vinne serien, seier Moen.
– Ikkje førebudd på å tape
Thea Mørk har knapt vore med på å tape ein handballkamp på toppnivå.
– Korleis møter du tanken på å kanskje tape no?
– Eg orkar ikkje å tenke på det. Eg elskar å vinne. Men eg har ikkje førebudd meg på å tape, eg får takle det når det eventuelt kjem, seier Larvik-spelaren.
– Det ser vi på som ei utfordring. Men vi har ein stor vinnarkultur, dette blir ein ny start for oss, seier Mørk, som har mange nye lagvenninner å spele saman med i år.
– Det blir utfordrande. Eg gjekk rett frå ung og lovande i fjor til topp på gamlelista i år – iallfall topp 3-4, slår Mørk fast.
- Favorittane opnar søndag med Larvik – Fredrikstad og Glassverket – Vipers.