Historia skjedde i Nairobi i Keyna søndag. Nairobi International Marathon vart arrangert for 13. gong.
Men då løparane la i veg, var det fire mann som ikkje var på startstreken. Dei fann eit tett kratt seks kilometer før mål, og gøymde seg der.
Blei stansa like før mål
Når tetgruppa passerer, sprett dei fram og legg seg på hjul. Utkvilde som dei er, har dei ingen vanskar med å halde følgje.
Julius Njogu er den raskaste av dei. På dei siste metrane inn mot mål navigerer han seg inn til andreplass i tetgruppa. Han har berre få meter igjen, og ein premie tilsvarande nærmare 55.000 kroner er innan rekkevidde.
Men like før mållinja stig ein funksjonær ut i bana, stengjer vegen for 30-åringen og tek tak i han. – Du er diska, får Njogu beskjed om.
– Dumt og amatørmessig
– Det var eit dumt og amatørmessig forsøk, seier løpsdirektør Ibrahim Hussain til telegrambyrået Reuters.
– Vi hadde følgt løpet heile tida, vi visste at det var ei tetgruppe på 13, og vi visste kven alle var, sa Hussain.
Og som om ikkje det gjorde det lett nok for arrangørane:
– Han hadde heller ikkje på seg ein chips som alle startande skal ha.
Hussain seier at funksjonærane følgde Njogu dei siste kilometrane og greip inn like før målpassering.
Brukte vatn for å sjå sveitt ut
– Han hadde helt vatn over seg for å få det til å sjå ut som om han var sveitt. Men han verka altfor frisk til å lure nokon, seier løpsleiaren.
Dei tre andre løparane blei borte i forvirringa som følgde. Men ettersom dei også var utan chips, reknar Hussain med at dei snart blir tatt, dei også.
– Sprang du verkeleg heile løpet? spurde journalistane Njogu.
– Eg sprang saman med dei andre, svarte han.
Utan å presisere om det gjaldt heile løypa, eller berre litt.