– Eg synes de skal gi desse gutane honnør. Det er eit nykomponert lag som kjempa godt mot ein motstandar som har 50 kampar i snitt. La dei få lov til å utvikle seg, sa landslagssjef Per-Mathias Høgmo på pressekonferansen etter at Norge var utspelt og tapte 0-3 mot Tyskland.
– Vi trefte relativt bra med laguttaket. Vi var litt spente på Stefan Johansen med lite kamptrening, og med Markus Henriksen som har vore sjuk. Dei blei også fort slitne, sa Høgmo.
Han vedgjekk at Norge møtte ein svært god motstandar.
– Vi spela mot eit veldig godt lag. Tyskland kan fort vinne alle kampane i gruppa, seier han.
– Dette blei ein tøff start for oss. Vi drog med oss mykje skader, det vil forhåpentlig rette seg, sa Høgmo.
– Fekk brota vi ønskte oss
Han sakna litt meir aggressivitet på midtbana, og meinte Norge var uheldige med å få 0-2 rett før pause.
– Vi må ta vare på sjansane vi får. Vi hadde ein stor sjanse til 1-1 då Joshua King var gjennom. Uansett er det slike sjansar vi må ta vare på. Der var vi for unøyaktige, seier Høgmo.
– Vi fekk dei brota vi ønskte, og vi burde skapt fleire sjansar av dei, sa han.
Han ser allereie fram mot kampane mot Aserbajdsjan og San Marino i oktober.
– Der er målet seks poeng, då vil vi ha eit greit utgangspunkt før Tsjekkia borte i november. Vi veit kvar vi står, sa han.
Rosar spelarane
Som ikkje har anna enn ros til sine spelarar.
– Det var innsats og vilje over heile linja. Spelarane ga alt utpå der. Dei sprang og sprang, og var skikkelig slitne. Dei skal ha ros for jobbing heilt ut.
Han skulle ønskje at Kviterussland ikkje hadde ført med seg så mykje negativitet som han gjorde.
– Men det må vi leve med. Dette går i bølgjer, dette er fotball. I dag hadde vi ein tøff kamp, men vi ser framover.