Hopp til innhold

Verdsrekordhaldar Kashafali: – Vi kunne bli og døy, eller vi kunne flykte og ta sjansen

BERGEN/OSLO (NRK): Noregs svaksynte sprintar Salum Kashafali har greidd å ta med seg det positive frå tragediane han opplevde som flyktning. Og det var ikkje før verdsrekordhaldaren kom til Noreg han visste kva som var gale med augo hans.

Salum Kashafali

RASK: Svaksynte Salum Kashafali er Noregs raskaste mann. Han er takksam for det han har fått etter at han kom til Noreg som flyktning.

Foto: Martin Roalsø / NRK

Det er ei dramatisk historie Salum Kashafali fortel til NRK – spesielt om dei to-tre siste åra før familien kom til Noreg som kvoteflyktningar ein augustdag i 2003.

– Å kome til Noreg var omtrent som å skrape fram vinnartala på eit skrapelodd, seier mamma Cecilie Helland når NRK møter henne og svaksynte Salum Kashafali, like før han skal representere Noreg i friidretts-EM for lag i Sandnes.

Det var det lite som tydde på ei slik utvikling for 18–19 år sidan.

Salum Kashafali til Norge

FRAMANDT LAND: Uvant og kaldt for tiåringen Salum då han kom til Noreg i 2003.

Foto: Privat

25 år gamle Kashafali har greidd å bygge på det positive i all tragedien har han gjennomlevd. I trua på Gud er han takknemleg for det han har fått.

– Du set deg ikkje ned og grin, men du sit og er takksam for det du har, og ikkje fordi det du har, ikkje er det som det kunne ha vore, seier Salum Kashafali.

– Det mest skremmande ein kan gå gjennom

Dei to fortel ei sterk historie om vulkanutbrot, krig, livsfarleg flukt og flyktningleirar.

– Eg hadde det fint i barneåra i Kongo. Vi budde i fattigdom, men eg visste ikkje om noko anna, fortel han.

Så kom borgarkrigen.

– Vi blei vekt og fortalt at no var det krig. Folk skreik, og det blei skote. Vi kunne bli og døy, eller vi kunne flykte og ta sjansen. Det er noko av det mest skremmande ein kan gå gjennom, seier Kashafali, 10 år den gongen.

Salum Kashafali

FREDELEG: Det er langt frå dei dramatiske åra på flukt i Afrika til freden i norsk natur. Religiøse Kashafali er takksam for det han har fått.

Foto: Martin Roalsø / NRK

Han fortel at han flykta saman med mor og far og syskena.

– Eg hugsar at min far tok med noko av kleda. Så gjekk vi heile natta, saman med tusenvis av andre. Det var forferdeleg. Du ventar berre på å døy. Folk blei skotne ned og drepne like ved oss. Du går med hjartet i halsen, men tenkjer samstundes at du berre må gå og gå, springe og springe.

– Eg hugsar flyktningleiren eigentleg som ein god ting då vi kom dit. Vi var takknemlege for at vi kom oss ut av krigen i live, alle saman. Set pris på det du har. Alt er på ein måte i Guds hender, meiner Kashafali.

– Trua på Gud har fått oss gjennom mykje. Det var trongt og vanskeleg i leiren, men eg syntest det var bra. For det var iallfall trygt, legg han til.

– Det er ikkje synd i meg

Salums mamma

MAMMA: NRK møter Kashafali heime på besøk hos mor Cecilie Helland.

Foto: Martin Roalsø / NRK

Han fortel om tunge tider med mykje flytting. Til slutt kom han til Noreg som kvoteflyktning saman med mor, far og syskena.

Først der oppdaga legane at han var synshemma – ei synshemming som ville utvikle seg etter kvart. Sidan er synet redusert frå 20 til under fem prosent, det meste dei siste to åra.

– Det er ei nokså drastisk endring, seier han.

Han kan velje å bryte saman, eller han kan reise seg og sjå moglegheitene han trass alt har, ikkje avgrensingane. Og det valet har han teke.

– Eg blir sterkare på det. Det er kjedeleg, men det er ikkje synd i meg.

Kashafali har teke utdanning som barne- og ungdomsarbeidar. Han har jobba som lærar, men det er ei utfordring no på grunn av synet.

– Eg veit ikkje korleis det er å sjå hundre prosent, derfor er det vanskeleg å skildre skilnaden, seier Kashafali, som var fødd blind.

– Så eg veit ikkje korleis ein person med normalt syn ser.

Salum Kashafali

– Skulle gjerne spela fotball

Salum Kashafali meiner at hans opplevingar med borgarkrig og flukt har forma han som menneske og mellom anna hatt betydning for korleis han handterer sjukdommen sin.

– Slik som då vi flykta frå krigen og prøvde å overleve. Det er det eg tek med meg vidare. Eg må sjå på det positive og ikkje det negative. Eg har lært meg å ta med meg det positive kvar dag, seier han.

Salum Kashafali

SUKSESS: – Eg brukar idretten for å kjenne meg fri, seier svaksynte Salum Kashafali.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Idretten brukar han for å kjenne seg fri.

– Eg spring for glede, fridom, og for familien. Det er ei kjensle ein ikkje kan skildre med ord, seier han, og avslører at det ikkje var friidrett han først og fremst ønskte å delta i.

– Eg skulle gjerne spelt fotball, med det kan eg ikkje. Ikkje kan eg stå på skateboard heller. Det er mykje eg ikkje kan gjere, men eg vil heller tenke på det eg kan gjere.

Så blei det friidrett og sprint i staden. Men først i år blei han parautøvar. Det har gitt verdsrekord for svaksynte på 100 meter, med tida 10,44 under Bislett Games. På Hamar i konkurranse med funksjonsfriske, blei det NM-gull. Og no deltek han i lag-EM for Noreg.

– Det har gitt meg høve til å konkurrere på like høgt nivå som vanlege folk. Det har med vilje og motivasjon å gjere. Eg hadde aldri trudd eg kunne springe så raskt med så dårleg syn.

– Ingen grenser

– Kvar går grensene?

– Det er ingen grenser, berre mogelegheiter. Eg hadde ikkje vore her på trening i dag om eg ikkje trudde at eg kunne bli betre.

25-åringen fortel at han ikkje har prøvd seg som parautøvar før, fordi han ikkje kjende til kva det er for noko. Først i april i år hadde han møte med paraleiaren i friidrettsforbundet, og bestemte seg til å vere med.

Salum Kashafali

HEIMEBANE: Salum Kashafali spring for bergensklubben Norna-Salhus.

Foto: Martin Roalsø / NRK

100-meteren er hans hovuddistanse, men han meiner han er blant dei raskaste også på 200 meter.

– Men eg har problem med utgangen av svingen, det blir for mange detaljar for augo mine, og eg får ikkje ut potensialet.

Utfordringar har han og på 100 meter, men det taklar han.

– Eg ser berre ti meter om gongen, eller fem når det går fort. Konkurrentane ser derfor målstreken før eg gjer det, seier han.

– Var du overraska då du tok gullet i NM?

– Eigentleg ikkje. Eg var nokså sikker på å vinne. Likevel var det sterke kjensler då eg kom i mål og hadde oppnådd det eg ønskte, seier Salum Kashafali.

Og no er han blant Noregs aller største håp i Paralympics i Tokyo neste sommar.

  • Lag-EM i friidrett vises på NRK 1 laurdag frå kl. 14.40 og søndag kl. 13.00.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal