Hopp til innhold

Varsla om kampfiksing – kallar svaret ein katastrofe

I ei undersøking svarer sju av ti skandinaviske landslagsspelarar at dei manglar tillit til at dei internasjonale handballforbunda handterer kampfiksing på ein god måte. Höör gjorde alt etter boka, men vart aldri høyrd.

Ola Månsson på en håndballtribune.

TRENAR: Ola Månsson trenar H65 Höör. Det gjorde han også då dei for to år sidan tapte ein kamp dei meiner var fiksa.

Foto: Lars Dareberg / SVT

– Det kjendest umogleg for oss å vinne den kampen, minnast Ola Månsson.

Han er hovudtrenar for den svenske handballklubben H65 Höör og snakkar om ein bortekamp i Europa for eit par år sidan.

Höör var store favorittar, men tapte kampen. Overraskingar i handballen skjer med jamne mellomrom, men hovudtrenar Månsson meiner det var andre krefter i sving.

– Eg var ikkje i tvil om kva resultat dommarane ønskte, seier han i dag.

Manglande tillit frå spelarane

I går presenterte NRK, DR og SVT ei undersøking som viser at éin av tre skandinaviske landslagsspelarar i handball svarer at dei har spelt ein kamp dei mistenkjer var fiksa. Höör-kampen er ein av desse kampane.

Men svært få trur dei internasjonale forbunda klarer å rydde opp.

I undersøkinga dei tre mediehusa har gjort, svarer 72 av 102 toppspelarar frå Skandinavia at dei har liten eller ingen tillit til at det europeiske handballforbundet (EHF) og det internasjonale handballforbundet (IHF) handterer kampfiksing på ein god måte.

Stine Bredal Oftedal

KREV HANDLING: Landslagskaptein Stine Bredal Oftedal.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Landslagskaptein på kvinnelandslaget, Stine Bredal Oftedal, meiner mistilliten til spelarane må takast på alvor hos EHF og IHF.

Eg tenkjer det er det perfekte presset mot dei, at dei no tek det frykteleg på alvor og gjer noko med det. Det kan ikkje vere ein god ting for dei å høyre at så mange har ein mistillit der. Hadde eg vore dei, så hadde eg sett endå meir i gang for å få løyst det og få ein sport utan kampfiksing, seier Oftedal.

EHF seier dei har nulltoleranse når det gjeld kampfiksing.

– Vi gjer alt for å verne ryktet til handballen som ein rein og rettferdig idrett, skriv EHFs kommunikasjonssjef, Thomas Schöneich, i e-post.

Media- og kommunikasjonsansvarlig i det europeiske håndballforbundet (EHF) Thomas Schöneich under gruppespillkampen i EM mellom Kroatia og Sveits i Stožice Arena.

PRESSEANSVARLEG: Thomas Schöneich i det europeiske handballforbundet (EHF)

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Han viser til at forbundet sidan 2018 har hatt ein varslingskanal der spelarar, trenarar og klubbar konfidensielt kan melde frå om til dømes kampfiksing.

Det gjorde Höör tre dagar etter kampen dei mistenkte at var fiksa. Men dei opplevde ikkje å bli tekne på alvor.

– Ein katastrofe

Den første kampen vart spelt på bortebane for nokre år sidan.

– Tidleg i kampen skjønar vi at «det er noko som ikkje stemmer her». I løpet av kampen forstår vi at det blir vanskeleg å vinne. Det kjendest rart, seier trenar Ola Månsson to år seinare.

Ola Månsson på trening med Höör.

TRENAR: Ola Månsson er framleis trenar for H65 Höör.

Foto: Lars Dareberg / SVT

I rapporten understrekar dei at dei ikkje har nokon mistanke mot heimelaget. Kjensla var at dommarane var mot dei.

– Domarane var ein katastrofe og gjorde alt dei kunne for at heimelaget skulle vinne. Vi meiner det er 100 prosent sikkert at kampen var fiksa. Det finst inga anna forklaring, skriv Höör i rapporten som vart send til EHF.

Då svenske Håndbollskanalen spurde ein anonym tidlegare toppdommar om å sjå kampen, konkluderte vedkommande med at det var minst 20 suspekte dommaravgjerder som gjekk i favør av heimelaget.

Etter tapet var det kjensleladd i garderoben. Amelia Lundbäck, no i rumenske Baia Mare, seier:

– Kjensla var veldig merkeleg. Du kjende deg utnytta.

Amelia Lundback sitter i en sofa og snakker.

OPPGITT: Amelia Lundbäck spelte kampen for Höör. I ettertid har ho tenkt mykje på kampen og kor vanskeleg han var å handtere for spelarane der og då.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Håndbollskanalen kontakta dommarane i saka den gongen, utan å få svar. NRK, SVT og DR har også prøvd å komme i kontakt med dommarane, både gjennom fleire kontaktar i deira eige handballforbund, men vi har også prøvd å oppdrive dommarane for å kontakte dei direkte. Vi har ikkje lykkast med å få noko svar.

Avslutta saka etter kort tid

Då klaga frå Höör vart send, fekk dei ei stadfesting på at ho var motteken og vart forsikra om at EHF ville sjå på saka. Så vart det stille.

Det var først då SVT tidlegare i år tok kontakt for å høyre om status at ein klubbleiar logga seg inn i varslingssystemet til EHF igjen. Der fann han ei ulesen melding. Saka var avslutta nokre veker etter at varselet kom inn, utan at EHF hadde snakka med ein einaste spelar, trenar eller lagleiar i den svenske klubben, forklarer dei i Höör.

– Vi ønskjer å bidra til at handball blir ein så rein idrett som mogleg, men vi kan ikkje handtere ei slik sak sjølv. Det kjennest beklageleg, seier Ola Månsson.

  • Les heile svaret frå EHF til Höör her:
Slik svarte EHF

SVAR: I meldinga frå EHF vart det skrive at det ikkje var nok bevis til å gå vidare.

Handteringa blir kritisert i skarpe ordelag av tidlegare Höör-spelar Amelia Lundbäck, som spelte kampen for Höör.

– Det er ein katastrofe. Når ein melder frå om noko, håpar ein at det blir teke på alvor, seier ho.

Höör vann returoppgjeret og tok seg dermed vidare i turneringa.

Les også Landslagsprofiler måper av NRK-undersøkelse: – Det er sjokkerende

Stine Bredal Oftedal, Sander Sagosen og Camilla Herrem

Forventar opprydding

NRK, SVT og DR har spurt EHF konkret om rapporten frå den svenske klubben. Forbundet svarer at dei har hatt kontakt med han i Höör som skreiv meldinga, der vedkommande vart informert om prosessen. Slik oppfattar ikkje klubben det.

Dei føler dei aldri fekk nokon som helst informasjon før saka plutseleg var avslutta.

EHF opplyser at saka vart handtert etter EHFs prosedyrar. Det vart også overlevert relevant informasjon til austerriksk politi, skriv dei i ein e-post.

– Vi har utvikla ulike prosedyrar for å nøye gå gjennom informasjon om kampfiksing eller påverking av kampar, både internt og eksternt. Desse prosedyrane understrekar nulltoleransen vår når det gjeld slike skuldingar, skriv EHF i e-posten.

IHF meiner mistilliten til spelarane er ugrunna og trekkjer mellom anna fram ei sak frå september, der EHF suspenderte ein tidlegare dommarsjef som ein konsekvens av ein dokumentar frå dansk TV 2 som handla om kampfiksing.

– IHF er av den oppfatning at spelarar, trenarar, tilsette og fans ikkje skal ha nokon grunn til å tvile på integriteten til idretten, som IHF tydelegvis strevar etter å verne med tiltak for å sikre fair play og forhindre manipulasjon av kampar, skriv IHF i ein e-post.

Harald Reinkind under EM-kvalifiseringen i håndball mot Serbia i september.

VIL HA HANDLING: Harald Reinkind håpar at EHF ryddar opp.

Foto: Nikola Krstic / NTB

Landslagsspelar Harald Reinkind håpar EHF tek både kampfiksingssaker og den manglande tilliten frå spelarar på alvor.

– Vi må jo ha tillit til systemet, og dei må slå ekstremt hardt ned på sånne tilfelle viss det er noko som er der. For det er absolutt ikkje bra for sporten vår, og det er ikkje bra for dei som ser på. Det tek vekk litt av den kredibiliteten som vi har i handballen i dag, seier Harald Reinkind.

Siste nytt

  • Overraskende tap for Djokovic i Shanghai – finalen glapp

    Tennisstjernen Novak Djokovic tapte semifinalen i Masters 1000-turneringen i Shanghai i strake sett mot Valentin Vacherot fra Monaco.

    Den serbiske 38-åringen tapte med settsifrene 3-6, 4-6.

    Vacherot er rangert som nummer 204 i verden og kom til hovedtablået i Masters 1000-turneringen gjennom kvalifiseringen. Nå kan han gå hele veien.

    Til sammenligning er Djokovic nummer fem i verden og har vunnet turneringen i Shanghai fire ganger tidligere.

    I finalen venter enten Daniil Medvedev eller Arthur Rinderknech for 26 år gamle Vacherot.

    (NTB)

    Novak Djokovic slår en ball med en tennisracket
    Foto: Andy Wong / AP / NTB
  • Mbappé reiser hjem fra landslagssamling – trøbbel med ankelen

    Fotballstjernen Kylian Mbappé forlater Frankrikes landslagssamling, som følge av en ankelskade.

    Frankrikes fotballforbund bekrefter at Mbappé reiser tilbake til Madrid etter fredagens landskamp mot Aserbajdsjan.

    26-åringen scoret i 3-0-seieren mot Aserbajdsjan, men haltet av banen etter 83 minutter. Like før landslagspausen hadde Mbappé skadet samme ankelen i en seriekamp mot Villarreal.

    Ankelskaden sørger for at Real Madrid-stjernen går glipp av VM-kvalifiseringskampen mot Island.

    Frankrike har imidlertid startet VM-kvalifiseringen perfekt med tre strake seire i gruppe D. Nasjonen tapte finalen i det forrige verdensmesterskapet i Qatar i 2022.

    (NTB)

    en mann som ligger på bakken med hendene på knærne
    Foto: Michel Euler / AP / NTB
  • Haaland-video går viralt: – Har du drukket?

    En video som følger Erling Braut Haaland tett på en av de siste landslagstreningene før lørdagens VM-kvalifiseringskamp mot Israel på Ullevaal Stadion går sin seiersgang på internett.

    Det eksklusive innblikket i treningen fra nasjonalarenaen, som ble publisert sent fredag kveld, har totalt over en million visninger i sosiale medier etter 890 000 visninger på Herrelandslaget sin Instagram-profil, samt over 315 000 visninger på Twitter/X i skrivende stund.

    I videoen sender angriperen flere humoristiske stikk til lagkameratene underveis i treningsøkten, hvor Thelo Aasgaard er blant spillerne som får gjennomgå.

    – Har du drukket? Hva gjorde du i går kveld? spør jærbuen til Aasgaard og smiler underveis i en av øvelsene.

    I tillegg gir Haaland, som ble kåret til månedes spiller i Premier League i september, innblikk i mentaliteten som kan ha ført til målraset i Premier League.

    – Mesteparten handler ikke om kvalitet. Det handler om mentalitet. Det handler om å ville score, sier Manchester City-angriperen i samtale med Brede Hangeland i det norske støtteapparatet.

    Norge - Israel har avspark klokken 18.00 lørdag. Kampen sendes på TV 2, NRK Sport på radio og kan følges her.

    En gruppe menn i sportsuniformer på en bane
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal