Vålerenga med fire strake

Vålerenga vant 3-0 over Arna-Bjørnar og tok sin fjerde strake seier i Toppserien. Ajara Nchout ble tomålsscorer mens Rikke Marie Madsen la på et siste på overtid. Det sendte hovedstadsklubben på toppen av tabellen, men LSK Kvinner tok over tabelltopp etter de vant sin kamp. For Arna-Bjørnar er situasjonen helt annerledes. De sliter i andre enden av tabellen og ligger nest sist med tre poeng på fem kamper.

Vålerenga vant igjen.
Foto: Annika Byrde / NTB scanpix

Siste nytt

  • Glesnes tap i MLS-semifinale

    Jakob Glesnes og hans Philadelphia Union tapte 1–2 for Portland Timbers i semifinalen av MLS' comeback-turnering. Dermed blir det ingen nordmenn i finalen av turneringa i Orlando.

    Portland Timbers tok ei tidleg leiing etter scoring av Jeremy Ebobisse. Philadelphia hadde sjansen til å utlikne då dei fekk straffespark på overtid i første omgang, men Sergio Santos blåste straffa over mål.

    I andre omgang dobla Dario Zuparic Portland si leiing etter eit hjørnespark, før Andrew Wooten reduserte fem minutt før slutt. Men utan fleire mål er det Portland Timbers som er klare for finalen, der dei skal møte vinnaren av oppgjeret mellom Orlando City og Minnesota United.

    Jakob Glesnes (t.h.) i duell med Zdeněk Ondrášek.
    Foto: Jerome Miron / Reuters
  • Aké er klar for Manchester City

    Nathan Aké blir Bournemouths dyraste sal nokosinne, etter at Manchester City skal ha bladd opp med rundt 475 millionar kroner for den tidlegare Chelsea-spelaren.

    – City har vore det beste laget i England det siste tiåret, og det er ein draum å kome hit. Det er eit topplag fullt av spelarar i verdsklasse, seier Aké.

    Nederlendaren var ein del av Bournemouth-laget som rykka ned frå Premier League førre sesong, men blir ikkje med ned til meisterskapsserien.

    Nathan Aké
    Foto: Andrew Yates / Reuters
  • Kalassiger for Molde

    Molde stoppa ikkje før dei hadde scora fem gongar i onsdagens eliteseriekamp mot Start, som til slutt enda 5–0. To mål kvar frå Ohi Omoijuanfo og Ola Brynhildsen, samt ein scoring frå Magnus Wolff Eikrem sørga for ein kalassiger på Aker Stadion. 5-0 sigeren gjer at Molde er tilbake på vinnarsporet etter tapet mot Sandefjord førre helg.

    Eliteserien fotball 2020, Molde - Start.
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Svein Ove Ekornesvåg

Sendeplan

Kl. Program Kanal