Hopp til innhold

Vålerenga-fansen forlét stadion i VAR-protest: – Alt med det her er trist

Like før 20 minutt var spela av eliteseriekampen mellom Vålerenga og Haugesund forlét Vålerenga-fansen arenaen.

VAR det verdt det?

PROTEST: «VAR det verdt det» spør Klanen med banneret på stadion, som dei forlet etter 20 minutt.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Dette gjorde dei i protest mot det nylege VAR-vedtaket som har blitt gjort i Eliteserien.

For frå 2023 skal videodømming, VAR, innførast på alle kampar i Eliteserien, etter at dei norske toppfotballklubbane sa ja til dette i eit møte mellom styreleiarane i desse klubbane tidlegare i oktober.

Dette har skapt reaksjonar blant fotballsupporterar i Noreg, så sterke reaksjonar at supportarar har protestert på fleire stadionar denne runden. Mest merkbart i kampen mellom Vålerenga og Haugesund, der supporterane forlet stadion etter 20 minutt.

– Alt med det her er trist, vi står ikkje her og jublar over at vi har gjort ein walk-out aksjon mot eigen klubb. Det er drittrist, det er dødkjipt, og vedtaket er kjipt og det er eigentleg berre ein trist dag for norsk fotball på alle moglege måtar, seier talspersonen i Klanen, Erling Rostvåg til NRK.

Trur ikkje på konsekvensar

På stadion i Vålerenga låg det lappar med følgjande bodskap:

«Ingen av dei 32 klubbane har spurt sine medlemmer, stikk i strid med demokratiske prosessar og prinsipp. Store spørsmål som dette bør avgjerast i klubbanes øvste organ, og ikkje av tilsette på midlertidige kontraktar i klubbane. Eigne medlemmer og supportarar blei ikkje eingong spurd,» står det.

«Derfor vil vi lage liv i denne kampen som vanleg dei første 19 minutta og 13 sekunda. Deretter vil vi forlate stadion i protest.»

Styreleiaren i Toppfotball Noreg viser til klubbane sjølve når ein spør om supporterane ikkje har fått involvere seg nok i diskusjonane rundt VAR.

– Nei, supporterane har vi snakka med heile tida. Med Norsk toppfotball er det 32 klubbar, og det er vanskeleg å seie korleis dei ulike klubbane har inkludert sine supportarar. Det må klubbane svare på, det er dei som har sagt at dei ønskjer VAR, seier Haug til NRK.

– Vi lyttar til supporterane, utan at eg trur desse protestane vil gi store konsekvensar for det som er blitt bestemt, held han fram.

– Her for å bli

Også på Marienlyst var det protestar mot VAR-innføringar. Der venta mange supportarar med å kome inn på stadion før det var spela 10 minutt av kampen. Tre minutt etter måtte Strømsgodset-supportarane som hadde teke seg inn på stadion sjå Ola Solbakken sende Bodø/Glimt i føringa.

I Strømsgodset venta supporterane med å gå inn på stadion før ti minutt av kampen var spela.

Og mellom Vålerenga og Haugesund kunne ein høyre Vålerenga-supporterane rope ut «Vi er Vålerenga!» i det 19 minutt og 13 sekund var passert, før supporterar frå Klanen reiste seg og gjekk ut frå stadion.

– Heldigvis har vi ytringsfridom i vårt demokrati, og det skal vi vere glade for. Og det er eit sterkt verkemiddel å gå, for de elsker Vålerenga. På den andre sida så har eg forståing for det, for det ein inngripen i fotball med VAR. I tillegg er dei såpass opptekne av fotballen, og har ikkje fått vere med i prosessen, så det forstår eg at dei viser ein sterk reaksjon, og det må vi respektere, seier Dag Eilev Fagermo til NRK etter kampen.

– Men vi skulle gjerne hatt dei på tribuna utover i kampen fordi den austblokka er rå til å lage stemning og det gir oss energi.

Eit kvarter etter at supportarane forlot stadion tok Haugesund leiinga gjennom Peter Therkildsen, eit resultat som også stod seg til pause.

I andre omgang utlikna Osame Sahraoui, før Nikolaj Thomsen sørga for at Vålerenga vann kampen 2–1, sjølv utan maks hjelp frå tribuna.

– Eg trur VAR er her for å bli. Ein kan godt stå imot, men det er som eg seier, du vinn ikkje hopprenn i klassisk lenger, du må bruke v-stil, sa Fagermo.

Cato Haug sat sjølv på stadion under Vålerenga-kampen for å sjå sonen sin Kjetil Haug spele. Han har respekt for aksjonen supportarar gjennomfører.

– Eg tenkjer at det må vere rom for å signalisere synet sitt. Og når ein gjer det på måtar som ikkje skader folk, eller gjer folk til harme. Dette er demokratiet i praksis, stor respekt for det, men det er fleirtal for å implementere VAR hjå klubbane, seier leiaren i Toppfotball Norge til NRK.

Då klubbane skulle stemme over vedtaket var det berre Lillestrøm som stemte imot.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal