I morgon spelar Portgual kvartfinale mot Polen i EM. Ein kamp Portugal normalt sett ville vore store favorittar til.
Men i denne meisterskapen har ikkje alt gått på skinner for portugiserene. I gruppespelet enda dei på 3 poeng, utan ein einaste siger, og heller ikkje i åttendedelsfinalen mot Kroatia klarte dei å avgjere etter normal tid. Den lite innhaldsrike kampen fekk folk til å reagere.
ESPN-journalist Iain Macintosh gjekk ut på twitter med dette utsagnet:
– Denne kampen er null og nullere og kommer til å bli null-null frem til evigheten pluss null
Usamd i kritikken
På pressekonferansen før Polen-kampen, var Portugal- og Fenerbache-spelaren Nani likevel godt fornøgd med lagets innsats.
– Eg har gode minner. Det var ein bemerkelsesverdig kamp.
Då han blei spurt om kva han synst om taktikken til Portugal, svarte han med å minne det oppmøtte pressekorpset på at det var sluttresultatet og ikkje spelestilen som avgjorde fotballkampar.
– Me visste at dei hadde eit godt lag, og dei viste det på bana. Sjølv om dei spelte meir aggresivt, betyr ikkje det at dei spelte bedre. Me var det beste laget, på grunn av resultatet me oppnådde.
Portugiseren trur at kampane i EM ber preg av at dei enkelte laga er redde for å gjere feil, fordi det kan få so store konsekvensar.
– Laga blir meir forsiktige og kalkulerande, og opptrer meir ansvarsfullt i kampane sine. Alle veit at til mindre feil ein gjer, dess større sjansar har ein til å vinne.
Vil fortsette defensivt
Nani ser heller ikkje nokon grunn til å endre på den defensive spelestilen fram mot morgendagens kamp. Polen - som har vore gode offensivt so langt i meisterskapen, har også ein av verdens beste spissar på lur, nemleg Robert Lewandowski.
– Me må alltid spele som me gjorde mot Kroatia. Skal me nå finalen og bli meistrar, må me oppretthalde konsentrasjonen, og gje vårt beste.
Og vegen til finalen kan sjå tilsynelatande overkommelig ut for Portugal. Vinn dei over Polen, er det Wales eller Belgia som møter dei i semifinalen. Nani vil ikkje undervurdere nokon av dei laga.
– Ein kan sei at me møter dårligare lag på papiret, men alle kan overraske. Polen er på det same nivået som kva som helst lag, det viste dei mot Tyskland.
– Difor kan me ikkje tenke slik. Me må tenkje at me er i ei vanskeleg gruppe.