Hopp til innhold

Utanlandske klubbar jaktar Noregs supertalent: – Ho skyt som ein hest sparkar

VM-debutant Maja Furu Sæteren har bøtta inn mål i Noregs første VM-kampar. Supertalentet blir no jakta av fleire utanlandske klubbar som vil sikre seg underskrifta til 20-åringen.

Håndball-VM kvinner Norge 2023: Pressetreff

TALENT: Maja Furu Sæteren fekk sin VM-deby mot Grønland for Noreg.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Ho skyt som ein hest sparkar, og når ho først treff, så er det ingen som kan stoppe ho.

Slik skildrar NRK-ekspert og lagvenninne i Larvik, Amanda Kurtovic, stortalentet frå Kragerø.

Eliteserien sin toppscorar, som nyleg vart kåra til årets unge spelar, var einaste debutant som fekk plass i Thorir Hergeirsson sitt VM-uttak.

20-åringen, som til dagleg spelar i Larvik, har ikkje latt den sjansen gå frå seg. På VMs tre første kampar har ho vore på bana i 23 minutt og scora åtte mål.

Landslaget

IMPONERT: Camilla Herrem (t.h) og Kristina Novak (til venstre) lar seg imponere over målteften til Maja Furu Sæteren.

Foto: Frode Søreide / NRK

– Det er jo ekstremt bra. Å kome inn og prestere på den måten der synst eg er veldig imponerande. Ho er jo ei målmaskin i klubb, så kvifor kan ho ikkje vere det her og?, seier landslagsveteran Camilla Herrem.

Med for å lære

Ho får støtte av landslagskaptein Stine Bredal Oftedal, som sjølv debuterte med flagget på brystet, sist Noreg hadde meisterskap på heimebane i 2010.

– Det er jo ein nydeleg debut og særleg i eit meisterskap. Eg synst ho har tørt med ein gang å kome inn med sine ting, og det har sett bra ut. Så det er gøy både for ho og oss, fortel Stine Bredal Oftedal.

Furu Sæteren var også med i firenasjonsturneringa i forkant av VM og har så langt spelt 6 landskampar. Det har resultert i 11 mål.

– Sjølvsagt veldig gøy. Det å få mogelegheita, sleppe seg litt laus og berre gjere sitt beste, tenker eg. Må berre gripe kvart minutt eg får på bana.

Landslagssjef Thorir Hergeirsson fortel til NRK at det unge talentet først og fremst er med for å lære i dette meisterskapet.

– Maja er ein av våre framtidsspelarar med eit ekstremt skot, sa Hergeirsson då han presenterte VM-troppen.

Assistenttrenar Tonje Larsen understreka alt då at Furu Sæteren med sin skotarm kan bli ein joker i meisterskapet.

Blitt kontakta av utanlandske klubbar

Det unge talentet har i år spelt 11 kampar og sett ballen i nettmaskene heile 101 gonger for Larvik. Det gir toppscoraren i ligaen eit snitt på 9,2 mål per kamp.

Til samanlikning er neste kvinne på lista Christine Karlsen Alver frå Molde som står oppført med 80 mål.

Håndball-VM kvinner Norge 2023: Østerrike - Norge

SKOTARM: Stortalentet er berykta for sine skot.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Suksessen gjere at Larvik-spelaren også er blitt lagt merke til utanfor landegrensene.

– Det har vore interesse, absolutt. Eg trur ikkje eg skal sei så mykje. Men det er både frå her i Noreg og utlandet, seier pappa og tidlegare Kragerø-spelar, Andre Sæteren.

Sjølv vel hovudpersonen å bruke minst mogeleg tid på det akkurat nå.

– Eg har ikkje så mykje fokus på det. Sjølvsagt så er det veldig gøy og moro å få det, men eg fokuserer på laget, klubben og spelet.

– Fristar det?

– No har eg eitt år att i Larvik, kanskje meir, så eg tek det litt som det kjem. Sjølvsagt hadde det vore veldig gøy å spele i utlandet, men vi tek det når det kjem.

At tilboda dukka opp er likevel ikkje overraskande.

Familie

FAMILIE: Pappa Andre, mamma Beate og søster Elise på plass i Stavanger for å følgje Maja Furu Sæteren.

Foto: Frode Søreide / NRK

– Ho har spelt veldig bra, det har ho, og det skal ho vere stolt av. Ho jagar etter å utvikle seg og kosar seg med handball. Så tenker eg at ho skal få den tida ho treng. Eg trur det er lurt å sjå det litt an og følgje magekjensla.

For det er ei utfordring – 20 åringen er svært heimekjær og har lenge pendla mellom familien i Kragerø og klubben, før ho no flytta inn med to venninner i Larvik.

– Veldig heimekjær er eg. Så det bli jo eit godt stykke unna familien om eg flyttar til utlandet, så det veit eg ikkje heilt korleis ville gått, men den kjem vel den tid og.

Må bli trygg

Dei to etablerte landslagsvenninna på landslaget Stine Bredal Oftedal og Camilla Herrem har ulik erfaring med å reise til utlandet.

Håndball-VM kvinner Norge 2023: Pressetreff

RÅD: Landslagskaptein Stine Bredal Oftedal angrar ikkje på at ho drog til utlandet tidleg i 20-åra.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Så lenge du er ung er det viktig å ha speletid uansett og vere ein stad du er trygg, så om det er å halde fram her, så trur eg ikkje det gjere nokon ting, svarar landslagskapteinen, som sjølv drog ut tidleg i 20-åra.

– Eg er sjølv veldig glad for at eg drog ut og levde i andre land, og har hatt ein ekstrem god opplevinga med det. Men alt til sin tid, så om det er no eller seinare er opp til ho.

– Mitt råd er å vere tolmodig. Når du er 20 år, så er det veldig ungt, understrekar Herrem som venta med å dra utanlands til ho var 26 år.

Sjølv om europeiske toppklubbar kan freiste med meisterligaspel, meiner 37-åringen at det vil Furu Sæteren uansett få på sikt, men at no er det viktigaste å få speletid og utvikle seg.

– Eg trur det er viktig at du ikkje skal dra berre for å dra. Viss du blir sittande mykje på benk, så går du glipp av ein del av den utviklinga du får i kamp. Eg tenker det aldri er noko hast med å dra ut, så lenge du har det bra der du er.

Firenasjonersturnering håndball kvinner: Norge - Angola (32-24)

ERFARING: Stine Bredal Oftedal debuterte sist Noreg hadde meisterskap på heimebane i 2010. I år har Maja Furu Sæteren sin deby med flagget på brystet.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal