Ullevaal-ombygging til 30 mill kr
Etter årets sesong skal første etasje på Ullevaal stadion rivast og ombyggast for rundt 30 millionar kroner. Det er UEFA som krev utbetringar.
– Krava deira om funksjonalitet og storleik aukar. Vi skal mellom anna ha nye garderober, betre fasilitetar for dommarar og fysioterapeutar, nytt antidopingrom og breiare spelarsluse, seier direktør Erik Forgard til NRK.
Ombygginga skal vere ferdig til VM-kvalifiseringa tek til i mars 2021.