- Slik var:
– Vi har god innsats og vinn. Dei har ikkje tapt mange kampar her, kommenterte Sandnes Ulf-kaptein Aksel Berget Skjølsvik til CSports etter kampen.
Aalesund utlikna til både 1–1 og 2-2, og i sluttminutta pressa dei oransje og blå hardt på for sigersmålet.
I staden var det Sandnes Ulf som fekk med seg alle poenga frå Color Line Stadion. Klokka gjekk mot 90 minutt då bortelaget klarerte. I angrep fekk Steinthor Frey Thorsteinsson føtene på ballen.
I duell med Andreas Nordvik og Jonatan Tollås Nation pirka med seg ballen, før han runda ein utrusande Sten Grytebust. Ballen blei trilla i mål til 2–3.
AaFK jaga scoring på overtid, men det enda med tre poeng til Sandnes Ulf.
– Oppjaga
Sandnes Ulf opna offensivt på Color Line Stadion, og sjokkerte AaFK-forsvaret ved fleire høve i opningsminutta. Etter fleire halvsjansar til begge lag kom 0–1 etter 28 minutt.
I duell med Edvard Skagestad spelte Henrik Furebotn ballen gjennom til Fredrik Torsteinsbø med hælen, før sistnemnde breisida 0–1 i mål.
Aalesund prøvde seg ved fleire høve etter scoringa, men dei verkeleg store målsjansane uteblei.
– Vi slit med spelet, både offensivt og defensivt. Alle prøver å slå den avgjerande pasninga og det heile blir oppjaga, sa AaFK-kaptein Tollås Nation til Csports i pausen.
Toppscorar med utlikning
Etter kvilen gjekk det ikkje lenge før AaFK utlikna. Leke James spelte Abderrazzaq Hamed-Allah fri, før Sandnes Ulf-keeper Sean McDermott felte spissen.
Aalesund sine straffer blir ekspedert av Fredrik Ulvestad, og 21-åringen var på ny sikker og la 1–1 i mål.
Det gjekk derimot ikkje meir enn fire minutt før 1–2 låg i målet bak AaFK-keeper Sten Grytebust.
Henrik Furebotn var mannen bak scoringa, då han etter å ha ført ballen framover banka 1-2-leiinga i mål frå 16 meter.
I det 73. minutt kom 2-2, signert Abderrazzaq Hamed-Allah. Spissen fekk stå åleine på eit innlegg frå Leke James, og heada enkelt inn si sjuande scoring. Dermed er marokkanaren toppscorar i Eliteserien.
AaFK pressa altså på for 3-2-scoringa, men i staden sikra Sandnes Ulf seg tre sterke bortepoeng med scoringa i det 90. minutt.
– Eg veit ikkje kva som feiler oss. Ingen er 100 prosent i dag, og vi får ikkje opp intensiteten verken offensivt eller defensivt. Det er tafatt kampen gjennom, sa AaFK-kaptein Tollås Nation til CSports.
Første heimetap sidan september
Tapet for Sandnes Ulf var det første heimetapet for AaFK sidan 22. september i fjor. Då var det Lillestrøm som overlista dei oransje og blå og vann 2–1.
2-3-kampen i dag laurdag øydela derimot statistikken, og gjorde samstundes at Sandnes Ulf klatra frå nedrykksplass og fire plassar opp til 11. plass
Aalesund på si side ligg framleis på tredjeplass, men både Brann og Viking går forbi ved siger.
- Sjå tabellen:
Brann-spekulerte Barrantes rett inn
Ballkunstnar Michael Barrantes gjekk rett inn i førsteellevaren igjen, etter spel for Costa Rica i Gold Cup. Tidlegare laurdag skreiv Bergens Tidende at Brann er ute etter Barrantes.
AaFK (4-4-2): Sten Michael Grytebust – Thomas Skog Martinussen, Edvard Skagestad, Jonatan Tollås Nation, Jo Nymo Matland – Fredrik Carlsen, Peter Orry Larsen, Fredrik S. Ulvestad, Michael Barrantes Rojas – Abderrazzaq Hamed-Allah, Leke Samson James.
Sandnes Ulf (3-5-2): Sean McDermott – Edier Frejd, Avni Pepa, Milos Mihajlov – Fredrik Torsteinsbø, Aksel Berget Skjølsvik, Henrik Luggenes Furebotn, Anel Raskaj, Steinthor Frey Thorsteinsson – Marius Helle, Kenneth Sola.