Hopp til innhold

Tvilar på godt Rekdal-Deila samarbeid: – Det blir veldig utfordrande

Ein tidlegare trenar som vert sportsleg leiar og skal styre laget saman med ein ny trenar. Kan det gå? Ekspertane er usikre.

deila

SKAL JOBBE SAMAN: Kjetil Rekdal går over i rolla som sportsleg administrativ leiar, medan Ronny Deila blir ny trenar i Vålerenga.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Dei må ha krystallklare linjer, ellers blir det gnisningar i klubben. Det blir veldig utfordrande.

Det seier fotballskribent Joacim Jonsson om det komande samarbeidet mellom Ronny Deila og Kjetil Rekdal. Trenarskriftet i Vålerenga blir av den uvanlege sorten. Det er den noverande trenaren som sjølv har henta inn sin erstattar, medan han går over i ei anna rolle i klubben.

Jonsson meiner likevel at det var på tide at noko skjedde i klubben.

– Per i dag er ikkje Vålerenga ein klubb. Det er ingenting. Dei er i djup krise på alle områder.

Ein av grunnane til at Rekdal no velger å gje seg som trenar, er nettopp fordi han vil få klubben på ein ny kurs.

– Det har vore ein kamp sidan 2013 for å halde dette flytande. Me trengte hjelp for å få det til. Forhåpentlegvis har me funne løysinga på dei problema som har vore der.

– Eit synkande skip

I dag blei det klart av Deila tek over som ny trenar i Vålerenga og at Kjetil Rekdal går over i rolla som sportsleg administrativ leiar. Å få inn Deila var det beste alternativet, meiner Jonsson.

Joacim Jonsson

SKEPTISK: Joacim Jonsson meiner det lett kan bli gnisningar mellom Deila og Rekdal

Foto: Odd Skjerdal / NRK

– Vålerenga er eit synkande skip og dei må reparere det skipet. No er det gjort. Deila er den einaste trenaren på marknaden som kunne gjere det. Alle andre hadde vore eit skuldertrekk.

Likevel trur han det må vere klarare linjer mellom Rekdal og Deila enn det Vålerenga gav uttrykk for i dag.

– Det verkar lite konkret kven som har kva ansvarsområde. Eg trur ikkje Rekdal skal ha sportsleg ansvar, det verkar urealistisk.

Han får støtte av tidlegare Vålerenga-spelar Vidar Davidsen.

– Dei må ha ein klar rollefordeling, og ikkje tråkke i kvarandres bed.

Også sportssjef i den israelske storklubben Maccabi Haifa, Tor-Kristian Karlsen er skeptisk til den nye ordninga.

Laster Twitter-innhold

I tillegg til det reint organisatoriske, meiner også Davidsen at det personlege må fungere mellom dei to.

– Det er det spennande å sjå her. Dei må finne tonen, og det er umogleg å spå.

– Har stor tru

NRKs fotballekspert Lise Klaveness trur at samarbeidet kan fungere, so lenge Rekdal klarar å sleppe taket.

– Eg har i utgangspunktet stor tru på prosjektet, men utfordringa blir for Rekdal å sleppe taket han har hatt på spelargruppa slik at Deila får vere sjefen over det sportslege.

Jonsson meiner også at Rekdal må overlate det sportslege ansvaret til Deila.

– Han har ikkje noko val. Han må trekke seg, og lære seg å spele andrefiolin.

Les kva Deila og Rekdal sjølv sa om samarbeidet her.

Sportsnyheter

Siste nytt

  • De Ligt, Musiala og Dier tilbake i trening før returkampen i Madrid

    Bayern München-trioen Matthijs de Ligt, Jamal Musiala og Eric Dier var alle med på tirsdagens trening før onsdagens Champions League-semifinale mot Real Madrid.

    De Ligt gikk glipp av den første kampen grunnet kneproblemer, og erstatteren Kim Min-jae har fått skylden for begge målene Bayern München slapp inn i 2-2-kampen.

    Bayern-trener Thomas Tuchel sa på tirsdagens pressekonferanse at Dier og De Ligt ligger an til å starte returkampen i Spania.

    – De fortjener å fortsette å spille sammen. Matthijs har fått grønt lys, sa Tuchel.

    Musiala
    Foto: CHRISTOF STACHE / AFP
  • McDavid, MacKinnon eller Kutsjerov blir årets spiller i NHL

    Connor McDavid, Nathan MacKinnon og Nikita Kutsjerov er årets finalister i kampen om å vinne Hart-trofeet som årets spiller i NHL.

    Hart-trofeet gis årlig til spilleren som i en avstemning blant medlemmene i ishockeyjournalistenes forening utpekes som den mest verdifulle for sitt lag.

    McDavid vant Hart-trofeet for tredje gang i fjor og kan slutte seg til Wayne Gretzky (9), Gordie Howe (6) og Eddie Shore (4) som en av spillerne med minst fire. Edmonton Oilers-kapteinen kan også bli den første som vinner to år på rad siden Alex Ovetsjkin i 2008 og 2009.

    6bI-ZE7PPAY
    Foto: AP
  • Nominert til årets manager – fikk sparken

    Liam Rosenior var en av tre nominerte til prisen for årets manager i engelsk mesterskapsserie. Tirsdag fikk han sparken i Hull.

    39-åringen ble i november 2022 hentet til trenerjobben i klubben han hadde spilt for i fem år av sin aktive karriere. Han berget laget fra nedrykk, og sist sesong gjorde Hull det så bra at han i desember fikk en ny og forbedret kontrakt med gyldighet til 2026.

    Han ble også nominert til prisen som sesongens manager sammen med Kieran McKenna (Ipswich, som vant) og Daniel Farke (Leeds), men Hull gikk så vidt glipp av opprykkssluttspill. Med bare en seier på de fire siste kampene endte laget på 7.-plass, tre poeng bak Norwich på den viktige 6.-plassen.

    – Dette er den vanskeligste avgjørelsen jeg har truffet som styreleder i denne klubben. Jeg må se bort fra personlige følelser og treffe avgjørelser med klubbens langsiktige visjoner i sentrum, sier klubbens tyrkiske eier Acun Ilicali til Hulls nettsted.

    – Det er ingen tvil om at vi har hatt framgang under Liam, og han vil alltid være en del av denne familien. Likevel er det blitt tydelig at vi har ulike visjoner for klubbens framtid, og jeg føler at tiden er inne for å gjøre en endring.

    (©NTB)

    dfClLXF5MRI
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal