– Formatet er veldig enkelt. Sendinga blir tatt opp framfor peisen kor vi tar opp spørsmål eg har fått gjennom sosiale medier. Det er veldig avslappa atmosfære, seier Uhrenholdt Jacobsen.
– Kva ønskar du å formidle?
– Eg ønskar å komme tettare på folk flest og følge opp ein del av alle dei gode tilbakemeldingane og spørsmåla eg har fått via sosiale medier den siste tida, seier langrennsstjerna.
Send inn spørsmål her eller på Twitter eller Instagram under emnet #AUJski.
Nytt på nytt-Ingrid sender utfordring tilbake til Uhrenholdt Jacobsen
Ved å gå på lufta med sitt eige TV-program i beste sendetid fredag kveld utfordrar ho tungvektarar som Norge Rundt, The Hit, Nytt på nytt og Skavlan.
– Er planen å utfordre Gullrekka?
– Sjølvsagt!
Det vekker konkurranseinstinktet i Nytt på nytts Ingrid Gjessing Linehave.
– Det er greit at ho gir oss konkurranse, men då skal ho vere førebudd på at Ingrid «Lynet» Gjessing gjekk naborunden på ski i Sørkedalen i 1989 og lett stiller til start på Beitostølen i november i kondomdress og passe lange stavar og luftig teknikk, som kan gje henne konkurranse, skriv Gjessing Linehave i ein SMS.
Dette vil folket ha svar på
Uhrenholdt Jacobsen har hatt fleire opp- og nedturar i løpet av karrieren. Så mange at ho kunne ha skrive bok om det.
27-åringen bekreftar at ho er forespurt om å skrive ei, men har enno ikkje bestemt seg for kva boka skal innehalde. Langrennsstjerna avviser at det er snakk om ein biografi.
Astrid skriv mykje på privaten, men innhaldet held ho mest for seg sjølv.
Fredag kveld skal ho behandle det andre har skrive ned. Fansens spørsmål får svar direkte i nett-TV.
– Kva spørsmål får du mest av?
– Det er sjølvsagt mykje trening, men også ein del rundt studier, bøker og framtida. Mellom anna kjem vi nok denne gangen til å ta opp spekulasjonane rundt den framtidige satsinga mi, seier Uhrenholdt Jacobsen.
SJÅ KLIPP FRÅ UHRENHOLDT JACOBSENS FØRRE SESONG: