Turbulent vêr da Vålerenga vann
Vålerenga sin meisterligadraum lev etter at dei slo PAOK 2–0 i Thessaloniki. Uvêr med mykje nedbør og lyn gjorde at kampen blei stoppa før det var spelt ein halvtime. Det stoppa ikkje Vålerenga, for Janni Thomsen og Elise Thorsnes gjorde at det no berre står att ein dobbeltkamp før dei er klare for gruppespelet i meisterligaen.