Vi har tidlegare fortalt om Bolton Wanderers som står nesten utan spelarar få dagar før seriestart, og må starte livet i League One med 12 minuspoeng.
Bury i same divisjon må også starte med minus 12, og er, om mogeleg, endå verre stilt.
Ligaen (EFL) hadde gitt begge klubbane frist til måndag kveld med å løyse sine økonomiske problem. EFL var nøgde med Boltons planar, men ikkje Burys.
Det betyr at Burys heimekamp mot MK Dons blir utsett.
– Vi har ikkje fått nok dokumentasjon på korleis klubben vil bli finansiert, skriv EFL i ei pressemelding seint måndag kveld.
EFL-styret krev at Bury kan kome med ei dokumentert løysing seinast fredag klokka 13. I motsett fall vil også Burys bortekamp mot Accrington i andre runde den 10. august bli utsett.
Får løn frå fagforeininga
– Det er ulideleg spennande og kan bli veldig trist, seier Martin Teddy. Han er leiar for Burys norske supporterklubb, ein klubb med 30 registrerte medlemmer.
Bury står med berre fire registrerte spelarar. I ein treningskamp tidlegare i juli stilte dei med berre prøvespelarar. Laurdag greidde dei å slå Port Vale 2–1, også det med for det meste prøvespelarar.
– Klubben slutta å betale lønningar i mars, fleire tilsette er oppsagt, manager og støtteapparat er reist, heimebana er pantsett og leigeavtalen med Manchester City om treningsanlegget er også sagt opp, summerer Teddy.
Spelarane fekk utbetalt løn frå fagforeininga (PFA) den første månaden, men ikkje seinare.
Serieopning for Bolton
Ligaen (EFL) ventar på at nye eigarar skal overta Bolton, som har sju spelarar i stallen, og som har avlyst fleire treningskampar. Årsaka er at spelarane har streika. Bolton la fram opplysningar om framdrifta i arbeidet, og det var godt nok for EFL
Dermed får Bolton spele serieopninga mot Wycombe laurdag.
EFL ventar på at Burys eigar Steve Dale skal dokumentere at han kan betale gjelda han fekk på kjøpet då han overtok klubben for 1 pund i desember i fjor.
– Gjelda på 100 millionar kroner var nok større enn Dale kjende til då han overtok. Men handelen var godkjend av EFL, som ifølgje sine eigne reglar skal undersøke om ein eigar har god nok økonomi, seier Teddy.
Dale prøvde allereie i april å selje Bury. – Han har fått fleire bod, men har avslått dei, seier Martin Teddy.
Trua med utkasting av ligaen
Sist torsdag gav EFL beskjed om at også heimebana Gigg Lane stadion manglar godkjenning, og at dei trua Bury med å bli kasta ut av ligaen.
Bury har spela i ligaen sidan 1894, og var i Championship sist i 1999. Seinare har dei halde til på dei to nedste liga-nivåa. I vår rykka dei opp frå League Two.
I cupfinalen i 1903 slo dei Derby 6–0 – den største finalesigeren i historia fram til i mai i år, då Manchester City vann med same siffer.
Brørne Phil og Gary Neville kjem frå klubben. Far deira var lenge direktør og klubbens sterke leiar – han heitte Neville også til førenamn.
At Martin Teddy blei Bury-fan, hadde med FIFA å gjere.
– Vi var ein gjeng som spela FIFA, der Bury var det desidert dårlegaste laget. Så dårleg at vi blei interessert. Så reiste vi over for å sjå klubben, og etter kvart blei det supporterklubb av det, seier Teddy.
Han skal sjølv over for å følgje Bury heime og borte i seks veker. Det inkluderer Bolton – Bury 8. september. Dersom den blir spela.