Hopp til innhold

Sju spelarar. 12 minuspoeng. Økonomisk kaos. Og sesongstarten er like om hjørnet

– Det er sjeldan fotballfans har hatt grunn til å sjå mørkare på framtida enn Bolton-supporterane akkurat no.

Bolton Wanderers

KLUBBHELT: Nat Lofthouse er tidenes toppscorar for klubben. Han scora 285 mål på 503 kampar frå 1946 til 1960, mellom anna begge då Bolton tok sin einaste tittel med 2–0 over Manchester United i cupfinalen i 1958

Foto: Reuters Staff / Reuters

11 dagar før seriestart er det krise i tradisjonsrike Bolton Wanderers.

Bolton var blant dei 12 klubbane som var med på å starte The Football League i 1888, og er inne i sin vanskelegaste periode nokon gong.

Krisa har ført til at to treningskampar er avlyste, og spelarane har ikkje fått løn på 20 veker, ifølgje BBC. Derfor streikar dei.

PFA – fagforeininga for dei profesjonelle fotballspelarane – støttar spelarane så godt dei kan med lån. Men direktør Gordon Taylor fryktar at den tradisjonsrike klubben kan bli lagt ned. – Klubben er i eit økonomisk kaos, seier han til talksport.com.

– Burde vore ein attraktiv klubb

Erik Hiim Titland

OPTIMIST: Eirik Hiim Titland er leiar i Boltons norske supporterklubb, og er spent på kva som skjer i den nærmaste framtida. Men supporterklubben har uansett planlagt fellestur til Bolton i haust.

Foto: Privat

Eirik Hiim Titland er leiar i Boltons norske supporterklubb, ein klubb med 153 medlemmer. Han meiner gjelda skriv seg frå glansdagane i Premier League. Bolton rykka ned i 2012 etter 11 sesongar samanhengande på toppnivå.

– Men den gongen hadde vi ein eigar, Eddie Davis, som tok seg av kreditorane. Derfor merka vi aldri noko av gjelda. Den var oppe i 192 millionar pund på det meste, men den ettergav han seinare, seier Titland til NRK.

Så selde Davis klubben, og då begynte problema for alvor. To eigarskifte følgde, og problema vaks.

– Vi kan berre spekulere i kvar pengane blei av, men rekningane blei heilt tydeleg ikkje betalt, seier Titland. – Bolton burde vore ein attraktiv klubb, så godt som gjeldfri og med stort potensial.

Har berre sju spelarar

Klubben har sidan mai i år vore sett under administrasjon på grunn av 13 millionar kroner i ubetalt skatt. Det er også grunnen til poengtrekket.

– Drifta av klubben har vore så ille så lenge at EFL (ligaen) burde teke grep for lenge sidan. Derfor burde minuspoenga vore belasta oss i fjor. Nedrykket var vel ikkje til å unngå uansett, men å få øydelagt neste sesong også blir ei ekstra belastning, seier supporterleiaren.

Bolton kan ikkje starte salet av sesongbillettar før overtakinga er i boks. Første ligakamp er allereie laurdag 3. august, borte mot Wycombe.

– Det er svært usikkert om vi har spelarar til å starte sesongen. Eg går ut frå at nokre blir henta opp frå akademiet, men vi har berre to keeperar og fem utespelarar i A-stallen, seier Titland.

To av dei sju spelarane i stallen – Josh Magennis og Erhun Oztumer – har kravd at kontraktane blir annullerte, slik at dei fritt kan gå til andre klubbar, skriv lokalavisa The Bolton News.

Grafikk: Boltons spelarstall

12 DAGAR IGJEN: Dette er Boltons spelarstall kort tid før ligastarten

Foto: Geir Jone Karlsen / NRK

Bolton rykka ned frå Championship (nivå 2 i ligasystemet) i vår, og har hatt store problem heile det siste året. Også i fjor sommar måtte ein treningskamp avlysast fordi spelarane nekta. Dei hadde ikkje fått utbetalt løn og bonusar.

Matinnsamling til dei tilsette

I mars blei treningsanlegget i klubben stengt, og tre ligakampar stod i fare for å bli spela for stengde tribunar fordi klubben ikkje hadde råd til å betale for nødvendig vakthald på kampen. Og den siste heimekampen i vår blei aldri spela, fordi spelarane streika.

Ingen i klubben fekk løn, og det blei sett i gang matinnsamling. Varebilar køyrde rundt i byen og samla inn mat og krisemateriell til dei tilsette i klubben.

No skal ny overtaking vere på gang. Selskapet Football Ventures, med tre-fire pengesterke britar, jobbar for å overta klubben. Men overtakinga har late vente på seg.

Også tidlegare Watford-eigar Laurence Bassini er interessert i å overta klubben.

– Administrasjonen slit visstnok med å få oversikt over kor mykje pengar klubben skuldar, og til kven. Det skal vere meir enn 300 kreditorar, og då seier det seg sjølv at det tek tid å få til overtakingsavtaler, seier Titland.

Klubb med lange tradisjonar

FBL-ENG-PR-WIGAN-BOLTON

FEIRAR SKÅRING: Bolton-spelarar jublar for skåring mot Wigan i Premier League tilbake i 2010.

Foto: Andrew Yates / AFP

Bolton Wanderers har vore ligamedlem i alle 120 sesongane den engelske ligaen har eksistert. 73 av desse har vore på øvste nivå, 13 av dei sidan Premier League blei etablert.

Dei har aldri blitt betre enn nummer tre i ligaen, men har vunne FA-cupen fire gonger – sist i 1958 då klubblegenda og toppscorar Nat Lofthouse scora begge måla i 2-0-sigeren over Manchester United i finalen.

Seinare har spelarar som Youri Djorkaeff, Nicolas Anelka, El Hadji Diouf, Stig Tøfting og Johan Elmander spela for Bolton.

Bolton stod for det første målet i fotballigaens historie – Kenny Davenport etter berre to minutt mot Derby 8. september 1888. Dei var også første laget som vann ein cupfinale på Wembley – mot West Ham i «The White Horse Final» i 1923.

Blir supportertur uansett

Neste sesong er rett rundt hjørnet, og Bolton har verken eigar eller eit lag.

– Det er sjeldan klubbfans har hatt grunn til å sjå mørkare på framtida enn Boltons supporterar akkurat no.

Men supporterleiar Titland er – slik alle supporterar skal vere – optimist likevel.

– Vi er i full gang med å arrangere årets fellestur til Bolton for våre medlemmer. Den går av stabelen frå 18. til 20. oktober, og då skal vi ha årsmøte og bankett etter heimekampen mot Rochdale, uansett om kampen blir spela eller ikkje. 20 medlemmer har allereie meldt seg på, seier supporterleiar Eirik Hiim Titland.

PS: Bolton er ikkje den einaste League One-klubben med 12 minuspoeng. Nyopprykte Bury må starte med same handikapp. – Vi har medkjensle med dei, seier Titland.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal