– Det er så klart ei god kjensle. Men eg er litt småredd også med tanke på kva eg har vore i gjennom dei siste to åra, seier Ole-Kristian Tollefsen til NRK der han sit på kontorstolen framfor pulten i lokala til Norges Ishockeyforbund i Oslo.
KAPTEIN: Ole-Kristian Tollefsen var ein sentral spelar for Norge i mange år. Her gjev han landslagssjef Roy Johansen ei landslagstrøye i trenarens siste kamp i 2016.
Foto: Berit Roald / NTB scanpixNoregs tidlegare back-kjempe har fått seg ny jobb. Og er glad for det. 34-åringen har byrja i ei 25 prosent stilling i hockeyforbundet.
– Eg skal vere ein ressurs på utvikling ut mot spelarar og klubbar. Eg skal forsøke og dele mine erfaringar, og kva eg har vore med på. Korleis eg meiner hockey er, og korleis den nye hockeyen ser ut, seier Tollefsen til NRK.
– Ole-Kristian har ein bakgrunn og erfaring som gjer at han tilfører mykje til norsk ishockey. Vi treng alle dei ressursane vi kan få, og han utgjer verkeleg ein god ressurs, seier Ottar Eide, generalsekretær i Norges Ishockeyforbund.
– Ferdig med barnehagen
Tollefsen har verkeleg fått føle at det kan storme i livet den siste tida.
I januar i år tok han avgjerda om å legge opp. Årsaka var ein hovudskade han pådrog seg i fjor. I ein duell fekk han ein skulder rett i tinningen på treninga til hans svenske klubb Färjestad.
I etterkant sleit han med hovudverk og humørsvingingar, fortalde han i ein artikkel på Färjestad sine nettsider. Men no er livet hans betre, og 34-åringen er klar for «vaksenlivet».
– Eg seier til folk: Eg er ferdig med barnehagen. No tar eg steget inn i den vaksne verda, seier han og smiler.
– Det er rart med tanke på alt som har skjedd. Eg er mest berre glad for å vere her. Og at eg har fått sjansen til å ta ein jobb som eg brenn for. Og at eg først og fremst fungerer slik at eg er ute i jobb, det er positivt, seier Tollefsen, som fortel at det har vore tøffe tak dei to siste åra.
KJEMPE: Tollefsen spelte OL for Noreg både i 2010 og i 2014.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix– Sjå korleis det går
– Det har vore opp og ned, fram og tilbake, og vanskeleg og tungt. Men eg har hatt bra folk rundt meg som gjer at eg sit her i dag og ser fram mot at dette skal bli ein bra ting.
– Det er veldig positivt, men eg har i bakhovudet at det har vore tøft, så eg får ikkje gjere for mykje, seier Tollefsen.
– Du har ei 25 prosent stilling, korleis blir det?
– Det blir jo korte dagar. Men det blir viktig å sjå korleis det går og kva eg orkar, og korleis kvardagen ser ut. No er eg såpass bra at eg orkar det. Så skal vi ta steget vidare og sjå korleis det går, seier Ole-Kristian Tollefsen.