Hopp til innhold

Tidlegare komiteleiar: – Vi blei forsøkt pressa til å godta russisk minister

– Utan ei radikal kulturendring i FIFA kjem det aldri til å bli endringar i FIFA, sa Miguel Maduro. Han svara på spørsmål i ei open høyring i det britiske parlamentet i dag.

Gianni Infantino og Vitalij Mutko

FIFA-president Gianni Infantino (t.v.) likte ikkje at Russlands fotballpresident og visestatsminister Vitalij Mutko blei nekta plass i FIFA-styret

Foto: MLADEN ANTONOV / AFP

Portugisiske Miguel Maduro gjekk hardt ut mot fryktkulturen og mangel på opne kanalar i det internasjonale fotballforbundet då han møtte til open høyring i det britiske parlamentet i dag.

– FIFA har ein kultur med ein ekstrem motstand mot uavhengig kontroll, ansvar, openheit og å unngå interessekonfliktar, sa Maduro i London i dag.

Han var innkalla som vitne i komiteens arbeid med ein rapport om leiing av internasjonal idrett. Rapporten skal vere ferdig i løpet av hausten.

– Utan vilje til systematiske endringar av denne kulturen, kjem det ikkje til å bli endringar i FIFA, la han til.

Skulle redde FIFA-renommeet – sparka etter åtte månader

Miguel Maduro er portugisisk jurist og tidlegare regjeringsmedlem. Han har også jobba fleire år i EU-domstolen i Luxemburg.

Maduro blei i fjor haust henta inn i komiteen som skal kontrollere leiinga av det internasjonale fotballforbundet. Hans gode namn og rykte skulle gi FIFA tilbake noko av tilliten dei har mista gjennom fleire år med skandalar.

Men i mai i år, etter berre åtte månader, blei han sparka. Samstundes blei også dei to leiarane av FIFAs etiske komité, Hans-Joachim Eckert og Cornel Borbély, også sparka utan varsel.

– Vi fann arbeidstilhøva våre så vanskelege at vi vurderte å slutte sjølve. Men vi gjorde det ikkje, vi tenkte at om vi peika på feil og pirka i systemet lenge nok, ville vi kome eit stykke. Men det fekk vi ikkje, sa Maduro.

Nekta visestatsministeren styreplass

Det Maduro sjølv meiner var det som utløyste sparkinga, var at han greidde å blokkere for at den russiske fotballpresidenten Vitalij Mutko skulle bli vald inn som styremedlem i FIFA.

Mutko er russisk fotballpresident og leiar for organisasjonskomiteen for VM neste sommar.

Men Mutko er også visestatsminister i Russland, og dermed fungerande statsminister av og til. Det er imot FIFAs reglar, som strengt vil halde fotballen utanfor politikken.

– FIFA har ofte suspendert land der dei meiner politikarane har for stor kontroll med fotballen. Men her ville dei gi plassen til ein toppolitikar. Det går ikkje, sa Maduro.

– Dersom FIFA verkeleg ville ha ein uavhengig kontrollkomite, ville leiinga støtta oss der. Men eg trur Gianni Infantino (FIFA-president) sparka oss for sjølv å overleve politisk.

Han oppfatta det slik at Infantino sjølv prøvde å påverke utnemninga av Mutko.

– Fatma Samoura (FIFAs generalsekretær) åtvara meg og bad meg finne ei løysing, elles ville det bli stilt spørsmål ved presidenten og VM kunne bli ein katastrofe, sa Miguel Maduro.

I høyringa sa Maduro også mellom anna at fleire konføderasjonar (verdsdeler) prøver å blokkere reglar som skal sikre kvinner plass i styret, og at det ved val blir brukt fargekodar slik at ein kan finne ut korleis dei enkelte røystar.

– FIFA har ein kultur om å styre etter reglar som ikkje er i tråd med FIFAs skrivne og vedtekne regelverk, sa han.

Blei nekta å vitne

Cornel Borbély var også kalla inn til høyringa i London. Men FIFA sette ned foten og nekta Borbély å vitne. FIFA viste til at han er bunden av teieplikta han har etter sin tidlegare verv som etterforskar i den etiske komiteen.

Siste nytt

  • Tuva Hansen ute med ankelskade – mister kamp for Norge

    Tuva Hansen (28) er ute av spill i flere uker etter ankelsmellen hun pådro seg i helgen. Hun går glipp av kamper for Bayern München og landslaget.

    Skadesituasjonen kommer fram i en melding Bayern har lagt ut i sine kanaler.

    – God bedring, Tuva! skriver den tyske serielederen.

    Forsvarsspilleren var innbytter i Bayerns 5-1-seier over Köln søndag. Hun slapp til da det gjensto et snaut kvarter igjen.

    Hansen spilte alt for Norge i EM i juli og var et åpenbart navn i troppen til oppgjøret mot Japan 28. oktober.

    (NTB)

    Tuva Hansen og Geraldine Reuteler
    Foto: AFP
  • Stormester Daniel Naroditsky er død

    Sjakkspilleren Daniel Naroditsky er død.

    Det melder storspillerens familie på X mandag kveld. Også Det internasjonale sjakkforbundet (FIDE) omtaler dødsfallet.

    Naroditsky ble 29 år gammel.

    «Det er med stor sorg at vi deler nyheten om det uventede bortgangen til Daniel Naroditsky», står det i meldingen Charlotte Chess Center deler på vegne av familien.

    Daniel Naroditskij sitter ved et sjakkbrett

    Stormester Daniel Naroditsky (29) er død

    Sjakkspiller og stormester Daniel Naroditsky (29) er død. Sjakkmiljøet er i sorg.

  • Aasgard fikk ny trener tre dager før europakamp mot Brann

    Danny Röhl (36) er hentet inn som ny Rangers-manager. Tyskerens første oppgjør blir mot Brann i europaligaen.

    – Det er et stort privilegium å få rollen som hovedtrener i en så fantastisk klubb, som er anerkjent over hele verden, sier han i en uttalelse.

    Rangers har fått en fryktelig start i den skotske eliteserien og ligger på sjetteplass med kun ni poeng fra åtte kamper.

    Nylig fikk Russell Martin sparken etter 123 dager i jobben.

    Röhl har tidligere vært hovedtrener i Sheffield Wednesday på nivå to i engelsk fotball.

    Rangers står med null poeng etter to kamper i europaligaen, og neste motstander er Brann. Møtet spilles i Bergen torsdag.

    I helgen scoret landslagsspiller Thelo Aasgaard sitt første mål for Rangers da det ble 2-2 mot Dundee United. (NTB)

    en mann med hestehale
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal