– Ja, den lette delen er absolutt tøff nok, seier Edvald Boasson Hagen. Han vil ikkje rekne seg sjølv blant favorittane.
Mennenes landevegsritt over 256 km går allereie på OLs første konkurransedag, førstkomande laurdag. Og løypa er tøff, kanskje den tøffaste i OL-historia. Den går i to deler, og det er den lettaste av dei to Edvald og hans lagkameratar har testa.
Den andre delen er ei verkeleg kraftprøve.
Der er det ei 8,6 km lang klatring med stigning på opptil ti prosent. Og den delen - på 25,5 km i alt - skal dei sykle fire gonger.
– Favorittane er nok blant klatrarane, og eg er ingen klatrar, seier Hagen til NRK.
– Eg håpar eg kan vere med lenge. Så får vi sjå kva det kan halde til, seier Edvald Boasson Hagen.
Trenar Stig Kristiansen ventar ei kraftprøve i rittet, og meiner taktikken må stitje hundre prosent.
– I ei så tøff løype vil dei store favorittane berre sjå på kvarandre og vente. For dei får berre brukt kreftene sine ein gong. Bommar dei, så er det slutt. Det er der vi skal prøve å finne øyeblikket vårt, seier Kristiansen.
– Men det er iallfall fint ver og hyggeleg her, seier Edvald Boasson Hagen.
Laurdag er det alvor.