Hopp til innhold

Tysk hopplegende hudflettar ugle-trofé: – Eg måtte gulpe

Medan trofeet i hoppveka er ein gullørn, er det ei gullugle til vinnaren i Silvester-turneringa. Det forstår Sven Hannawald (48) ingenting av.

Sven Hannawald - ugletrofé i Silvester Tournament

KRITISK: Sven Hannawald forstår ikkje kvifor Silvester-turneringa har ei ugle som trofé.

Foto: Blaz Weindorfer/Geir Olsen / Sportid/NTB

– For meg kjem det på toppen av alt. Damene må hoppe i bakkar på rundt 85 meter. Silvester-turneringa burde kanskje vore hoppveka. Det er eit stort kaos for meg, og på toppen av det kjem denne vesle ugla. Ho er gullfarga – det er ok. Men ei ugle? Kva er det for noko?, seier Hannawald til NRK.

Den tyske hopplegenda, som vann hoppveka i 2001/02-sesongen, la ikkje skjul på misnøya med trofeet i eit intervju med BR24 førre veke.

– Eg måtte gulpe innvendig, sa han om trofeet da.

– Finst andre fuglar som flyr meir elegant

Silvester-turneringa vart arrangert for første gong førre sesong. Da var det to renn i slovenske Ljubno som utgjorde turneringa, som vart vunne av austerrikske Marita Kramer.

Denne sesongen var det fire renn, som i hoppveka til herrane, med to renn i austerrikske Villach og to renn i Ljubno. Til slutt var det austerrikske Eva Pinkelnig som kunne løfte gullugla som eit bevis på at ho gjekk sigrande ut.

– Det finst andre fuglar som flyr meir elegant enn ein nattaktiv, kulerund sak i lufta, meiner Hannawald.

SKI - JUMPING - FOUR HILLS

ØRN: Slik ser trofeen til herrane i hoppveka ut.

Foto: DANIEL KARMANN / AFP

I den tysk-austerrikske hoppveka har vinnaren sidan 2010/11-sesongen fått eit trofé med ei gullbelagd ørn.

Tomi Trbovc i det slovenske Skiforbundet skriv til NRK at dei valde ugla som ein kvinneleg motpart til den velkjente gullørnen.

– I forhold til ørnen er ugla uredd, smidig, stille, mild, fotogen og vanleg i Slovenia og Austerrikes alpeområde. Den er ein ekstraordinær flyger – akkurat som ørnen, skriv Trbovc vidare.

Lundby: – Har fleipa mykje rundt det

Den tidlegare tyske landslagstrenaren Andreas Bauer fortel til NRK at han ville føretrekt ei ørn som trofé også i Silvester-turneringa for kvinner og smiler lett når han blir spurd av NRK om gullugla.

– Det var eigentleg forferdeleg. Det er ein fugl som nesten ikkje kan flyge, og som berre sit roleg. Det går ikkje an, seier Bauer, og held fram:

– Det er veldig komisk. Eg veit ikkje kva dei i marknadsavdelinga i Silvester-turneringa har tenkt.

Noreg sin mestvinnande hopper, Maren Lundby, er heller ikkje spesielt imponert over ugla.

– Eg må innrømme at eg lo godt første gongen eg høyrde det òg. Vi har fleipa mykje rundt det, og lèt det ikkje gå så inn på oss. Men vi synest det er litt gøy. Det er jo litt forskjell på å vinne ei flott ørn og ei ugle, skriv Lundby i ein SMS til NRK.

Maren Lundby

TROFÉVAND: Maren Lundby har vore på toppen av sigerspallen mange gonger. Her er ho med gullmedaljen og eit trofé frå VM i 2021.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Synest eigentleg designet var ganske fint

Lundby deltok ikkje i Silvester-turneringa i sesongen, som austerrikske Eva Pinkelnig vann. I desember kom også beskjeden om at ei full tysk-austerriksk hoppveke for kvinnene truleg tidlegast kan arrangerast i 2024/25-sesongen.

– Eg håpar sjølvsagt at vi også kan kjempe om ørnar, og ikkje ugler i framtida, skriv Lundby.

Sjølv om det ikkje vart noka tysk-austerriksk hoppveke for kvinnene denne sesongen, vart Silvester-turneringa ein stor opptur for Anna Odine Strøm. Ho tok den første verdscupsigeren sin da ho vann i Ljubno på nyttårsaftan og vart til slutt nummer to samanlagt.

I motsetning til Hannawald, Bauer og Lundby, har Strøm sans for gullugla.

– Eg synest eigentleg designet på ugla var ganske fint. Slik eg ser det blir ugler ofte sett på som dei meir intelligente fuglane, men eg kan vere samd i at det er fuglar som flyr meir grasiøst, skriv ho i ein SMS til NRK.

– Tida vil vise om litt historie vil vere med på å tilføre turneringa meir prestisje, og at det kan gjere trofeet meir populært, skriv ho.

Anna Odine Strøm

LIKER UGLA: Anna Odine Strøm.

Foto: Geir Olsen / NTB

Tyskland vil ha renn i Oberstdorf og Garmisch-Partenkirchen

Andreas Bauer, som er Tyskland sin representant i hoppkomiteen til Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet (Fis), ivrar etter å få i gang ei hoppveke for kvinnene.

– Det er jo på tide no, å få damene inn i hoppveka òg. Vi har bestemt oss i det tyske Skiforbundet at vi vil arrangere neste sesong i Garmisch-Partenkirchen og Oberstdorf, seier Bauer.

– Vi kan berre snakke for dei to hopprenna vi har i Tyskland. Sjølvsagt er det ikkje fire og den tradisjonelle hoppveka er jo fire hopprenn. Men kva skal vi gjere? Vi byrjar no, og så må vi vente på kva Austerrike gjer, seier Bauer vidare.

– No har vi jo likestilling og damene skal ha skiflyging i Vikersund i år. Det er veldig på tide at vi gjer det.

Den tyske planen er å ha eit renn i Garmisch-Partenkirchen 29. desember og så eit renn i Oberstdorf 1. januar – altså motsett av kalenderen til herrane.

NRK har vore i kontakt med Austerrikes sportssjef Mario Stecher, som er til stades under hoppuka for herrar. Han vil ikkje stille til intervju

Siste nytt

  • Chelsea med milliardunderskudd for 21-22-sesongen

    Den engelske fotballstorheten Chelsea leverer et dundrende underskudd på nesten 1,5 milliarder kroner.

    Regnskapstallene gjelder for regnskapsåret 2021-22 (juni-juni) og ble offentliggjort mandag.

    Klubben mener at hovedgrunnen til det voldsomme underskuddet skyldes sanksjoner som rammet klubben da Roman Abramovitsj var eier. Abramovitsj havnet på Storbritannias sanksjonsliste etter at Russland angrep Ukraina i februar i fjor.

    For et år siden la russeren Chelsea ut for salg. Noen få måneder etter havnet klubben i hendene på et konsortium med amerikaneren Todd Boehly i spissen.

    Etter at han kom inn i bildet har Chelsea brukt kjempesummer både på spillere og manager.

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Rui Vieira / AP
  • Amerikansk toppløper legger opp

    Amerikanske Hailey Swirbul avslutter langrennskarrieren, bare 24 år gammel. På instagram skriver hun at søndagens klassiske fellesstart i Lahti var hennes siste renn i verdenscupen. Hun ble nummer 26.

    – Det skremmer meg å frivillig gå bort fra noe som som er en så stor del av min identitet, men jeg vet i hjertet at jeg er klar til å prioritere andre verdier i livet, skriver Swirbul.

    Hun har én pallplass på 55 individuelle starter i verdenscupen. Hun har vært på det amerikanske stafettlaget i de tre siste internasjonale mesterskapene.

    _nJJH6stwXQ
    Foto: Matthias Schrader / AP
  • Stjernefall til ski-NM

    NM i Tolga går uten Håvard Solås Taugbøl, Hans Christer Holund, Sjur Røthe, Lotta Udnes Weng, Heidi Weng og Helene Marie Fossesholm.

    Det skriver Norges Skiforbund i en pressemelding.

    Taugbøl er ute resten av sesongen med brudd i hånden, mens Holund og Røthe ikke er tilbake etter sykdom. Udnes Weng, Weng og Fossesholm står også over alle tre for å lade batteriene.

    Ski-NM på Tolga starter med lagsprinter onsdag. For seniorene avsluttes det med tre- og femmil fredag.

    Holmenkollen skifestival 2023
    Foto: Geir Olsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste