Hopp til innhold

Supertider blant rivalane – meiner «Ingebrigtsen-effekten» kan vere forklaringa

Rekordraset i internasjonal friidrett held fram. Fleire av Jakob Ingebrigtsens rivalar har klinka til innandørs i år, noko som kan vere eit skremmeskot før VM-et i sommar.

Jakob Ingebrigtsen under stevnet i Lievin. Løp 1500 meter.

LØPARESS: Jakob Ingebrigtsen har starta medaljefangsten i 2023. Samtidig viser fleire konkurrentar lovande taktar før ein viktig utandørssesong.

Foto: FRANCOIS LO PRESTI / AFP

Sjølv har Jakob Ingebrigtsen hatt ein god innandørssesong med ein komfortabel siger på 1500 meter i Liévin og to EM-gull i Istanbul.

Nordmannen, som gjekk gjennom ein lengre sjukdomsperiode på starten av året, leverte norsk rekord på 3000-meteren i Tyrkia med tida 7.40,32.

Men samtidig har fleire av rivalane heva seg og levert på eit utruleg nivå denne vinteren.

  • Etiopiaren Lamecha Girma sette verdsrekord på 3000 meter innandørs i Liévin med tida 7.23,81. Då hadde den gamle verdsrekorden til Daniel Komen stått i 25 år.
  • I same løp drog spanske Mohamed Katir til med 7.24,68. Det er europeisk rekord, og ei tid under den gamle verdsrekorden.
Girma satte ny verdensrekord på 3000 meter innendørs i februar.

VERDSREKORD: Girma kryssar målstreken først, like føre Mohamed Katir. Verdsrekord og europarekord i same løp.

Foto: FRANCOIS LO PRESTI / AFP

Ønskjer konkurransen velkommen

Jakob Ingebrigtsen har sjølv ein personleg rekord utandørs på 7.27,05, frå september 2020. I EM-finalen søndag var han misfornøgd med konkurrentane og han ønskjer dei gode tidene velkommen.

Det er gøy å sjå at det er andre som tek steg i rett retning, og at ein kan knive om å springe fort og slå rekordar. Eg ser fram til ein ny sommar med konkurranse frå mykje bra folk, slik at eg ikkje berre treng å springe i front åleine, seier 22-åringen.

NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal held framleis Ingebrigtsen som ein soleklar einar på mellomdistanse, men liker at det er fleire som melder seg på.

– Girma er ein utøvar som har vist ekstremt talent, han er eit spennande namn. Han kan sjølvsagt bli ein utfordrar for Jakob, men Jakob har den store fordelen at han kjem frå 1500 meter og taklar høg fart, seier Rodal og held fram:

Vebjørn Rodal

EKSPERT: Vebjørn Rodal.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

– Det Daniel Komen gjorde i 1997–1998 var ekstraordinært bra. Det er kult at vi har denne utviklinga, og eg er glad for at vi har løparar som held så høgt nivå.

Rodal meiner at ein Ingebrigtsen i toppform hadde halde følgje på verdsrekordløpet, og minner om at Katir prøvde seg på verdsrekorden til nordmannen på 1500 meter innandørs (3.30,60) veka etter. Den var han langt unna å ta, med eit løp på 3.34,32.

«Ingebrigtsen-effekten»

Men det doble rekordløpet frå Liévin er berre toppen av ei lang rekkje prestasjonar av skyhøgt nivå på mellom- og langdistanse denne vinteren. For også i USA har nokså ukjende løparar sprengt grenser, der heile fem nasjonale rekordar har vorte senka.

Mest imponerande var Woody Kincaid som sprang inn til den fjerde beste tida i historia innandørs med 12.51,61 på 5000 meter. Berre Kenenisa Bekele, Halie Gebreselassie og Daniel Komen har sprunge raskare. Dette var også den raskaste tida i verda på nesten 19 år.

Rodal peikar på at dei amerikanske løpemiljøa har heva seg veldig, der det er fleire kompetente treningsgrupper med gode trenarar og store talent. Fleire av dei verkar også å vere inspirerte av Team Ingebrigtsen i treningsarbeidet, fortel han.

– Ser vi ein Ingebrigtsen-effekt?

– Definitivt. Han har knust myten om at du må halde på i mange år før du når toppen.

Les også Ingebrigtsen blir freista av OL-trippel: – Betre moglegheit er det vanskeleg å få

Vebjørn Rodal Jakob Ingebrigtsen

– Eg ser ikkje bort frå at dei ser til Ingebrigtsen. At dei blir inspirerte av den strukturerte terskeltreninga, med systematisk trening på rett intensitet. Det er det bygget kompetanse på i fleire miljø i USA.

– Det kjem løparar som utfordrar Jakob og som gjer at han ikkje kan kvile på laurbæra. Etter 3000-finalen var det ikkje mest fokus på å feire, men på å komme seg heim for å trene. Han er imponerande, seier Rodal.

Ingebrigtsen følgjer sitt eige opplegg slavisk, men ser ikkje bort frå at det er fleire vegar som fører til suksess.

– Det er mange som trenar bra, og som har funne ut at det hjelper for å springe fort. Det er kult å sjå at det fungerer, og ikkje nødvendigvis berre det eg gjer. Ein kan trene på ulike måtar med ulike filosofiar, og samtidig konkurrere på same nivå, seier han.

Vil bli den beste løparen i historia

Førre månad mista Ingebrigtsen rekorden på engelsk mil for 16-åringar, sat i 2017. Den australske 16-åringen Cameron Myers sprang på 3.55.44, og senka aldersrekorden til nordmannen med nesten eitt sekund.

Ingebrigtsen forklarer at for å setje rekordar, må ein prioritere det. Akkurat no står det ikkje øvst på prioriteringslista hans, men løparesset har høge ambisjonar for karrieren.

– Kor mange rekordar ønskjer du å ha på slutten av karrieren?

Det er vel kanskje dei fleste. Frå 1500 meter og opp. Eg har eit mål om å bli den beste løparen i verda gjennom alle tider. Det er ingen garanti for det eine eller andre. Men eg skal i alle fall prøve så godt som eg kan på å forbetre meg så mykje mogleg på alt. Kor god eg blir, det står att å sjå, seier han.

PS! Det er ikkje berre på lang- og mellomdistanse det har vorte sett rekorden denne vinteren. Også i følgjande øvingar er det sett verdsrekord:

  • Stavsprang, menn: Armand Duplantis, 6.22
  • Kule, menn: Ryan Crouser, 23,38
  • 400 meter, innandørs, kvinner: Femke Bol, 49,26
  • 500 meter, innandørs, kvinner: Femke Bol, 1,05.63
  • 600 meter, innandørs, kvinner: Keely Hodgkinson, 1.23,41
  • Diskos, innandørs, kvinner: Shanice Craft, 65,23

Siste nytt

  • «Moi» mister norsk duell i Mesterligaen

    Mohamed «Moi» Elyounoussi (31) blir ikke klar til FC Københavns kamp mot Borussia Dortmund i Mesterligaen.

    Navnet hans er ikke blant de 19 uttatte i FCK-troppen til tirsdagens oppgjør i Parken. Klubben skriver at «Moi» er på klubbens skadeliste.

    Dermed blir det ingen norsk duell mellom Elyounoussi og Julian Ryerson, som i helgen spilte fra start i Dortmunds 1-2-tap for Bayern München.

    Det kan fortsatt bli et norsk mesterligamøte i København, men da må Birger Meling få sjansen. Venstrebacken så begge FCKs to første mesterligakamper fra benken. (NTB)

    Mohamed Elyounoussi i aksjon for FC København i Serieligaen
    Foto: NTB
  • Brunstad Fet forlenget med Bodø/Glimt

    Sondre Brunstad Fet (28) har skrevet ny kontrakt med Bodø/Glimt fram til sommeren 2028.

    Midtbanesliteren sier at det er flere årsaker til at han forlenger kontrakten med nordlendingene.

    Det hjelper godt på at supporterne har mast om forlengelsen lenge. Brunstad Fet føler seg ønsket med videre.

    – Det er veldig mange grunner til at jeg vil fortsette å være i Bodø/Glimt. For det første trives jeg veldig godt i Bodø både på grunn av lagkamerater og folk i klubben, men også supportere og folk i byen som gjør at det er lett å trives her. Så er det ingenting som kan måle seg sportslig med det vi jobber med her, og jeg føler vi har mer å gå på og flere steg å kunne ta. Det vil jeg gjøre sammen med klubben, sier 28-åringen til klubbens hjemmeside.

    Brunstad Fet kom til Bodø/Glimt fra Aalesund foran 2020-sesongen. Siden overgangen er det blitt 18 scoringer og 22 assists totalt på snaut 170 kamper. (NTB)

    fotballspillere takker publikum
    Foto: Reuters
  • Godt nytt for Brann – Horn Myhre kan rekke Europa-kamp

    Felix Horn Myhre (26) trente mandag og kan bli spilleklar til torsdagens kamp mot skotske Rangers i ligaspillet i Europaligaen.

    – Det er håp. Han var med på trening nå, og så venter vi på hvordan kroppen reagerer på det, sier Brann-trener Freyr Alexandersson, ifølge Bergens Tidende.

    Også BA sitter inne på de samme opplysningene om Branns midtbanejuvel.

    Sistnevnte melder også om at Niklas Castro ikke rekker kampen mot skottene.

    Horn Myhre spilte sin forrige kamp for Brann mot Viking 5. oktober. Han var også tatt ut til landskampene mot Israel og New Zealand, men ble sendt hjem til Bergen igjen etter å ha vært ubenyttet reserve i kampen mot Israel 11. oktober. (NTB)

    en mann i rød skjorte
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal