Suarez-mål sikra Atletico ligasiger
Luis Suarez mål som gav Atletico Madrid 2-1 over Valladolid sikra Madrids veslebror meisterskapet i La Liga for første gong sidan 2014.
Valladolid leia ved pause, men mål av Angel Corre og Suarez i løpet av sju minutt i andre omgang snudde kampen.
Med Atletico-siger kunne ikkje tittelforsvarar Real ta byrivalen igjen. Trass litt amper stemning mot slutten, heldt Atletico unna.
Real var også i trøbbel og låg under med 0-1 ved pause mot Villarreal. Ikkje før i det 87. minutt utlikna Karim Benzema, og Luca Modric sette inn 2-1 på overtid. Men det var til liten nytte. Atletico vann med to poengs margin.
Barcelona var hekta av tetkampen før den siste runden. Dei slo Osasuna 1-0, scoring av Antione Griezmann ti minutt før slutt.
Atleticos ligameisterskap i dag er berre det fjerde av 21 meisterskap i dette århundret som ikkje har gått til Real Madrid eller Barcelona. Atletico vann også for sju år sidan, og i tillegg vann Valencia i 2002 og 2004.