– Vi viser endå ein gong at vi har eit utruleg stort potensial i laget. Og vi klarer å hente ut det vesle ekstra når vi møter gode lag. Det er utruleg kjekt og bra, sa Sivert Heltne Nilsen til NRK etter sigeren.
Forlenga ikkje rekorden
Sist Bodø/Glimt tapte var 28. april borte mot Bryne. Då tapte det no, så å seie, opprykksklare laget frå nord heile 4–0.
Etter det har dei vore fleire både hakk og nivå over motstandarane i 1. divisjon. Før kampen mot Hødd leia Bodø/Glimt 1. divisjon med 53 poeng – 14 poeng framfor Stabæk på andreplass.
Dermed kom Bodø/Glimt som storfavoritt til Høddvoll. Då dei vann 2–1 heime mot Elverum sist helg tok dei rekorden for flest sigrar på rad i 1. divisjon. Den førre rekorden heldt Lillestrøm med 11 sigrar på rad i 1986.
Serieleiaren reiste til Ulsteinvik for å forlengje ei allereie svært imponerande sigersrekke. Hødd ville det annleis.
VIF-klare Heltne Nilsen stanga inn 1–0
Etter tre strake tap på Høddvoll snudde blåtrøyene vinden og har slått Sandefjord og Strømmen heime før kampen mot Bodø/Glimt.
Første omgang mot serieleiaren starta treigt, men utover i omgangen tok det seg opp.
Begge lag kom til store sjansar dei siste 20 minutta i omgangen, men ikkje før etter 42 minutt kom 1–0. Eit langt innkast blei stussa bakover i feltet, før Vålerenga-klare Sivert Heltne Nilsen fekk kjempa ballen i mål med hovudet.
– Det er eit litt spesielt mål. Det er eit innkast som blir stussa vidare, og eg blir heldt noko enormt. Eg får heada, men er på veg opp og skal kjefte på dommaren, før eg ser ballen i mål. Rart mål, men mål er mål, slo Heltne Nilsen fast.
Det stod seg til pause, før laga i andre omgangen heldt oppe dampen. Bodø/Glimt kunne utlikna, og Hødd kunne gått opp til 2-0, før heimelaget tok over dei siste 10 minutta av kampen.
Etter 84 minutt kom 2–0. Espen Standal vann ballen høgt oppe, og storma mot mål, før han banka ballen i mål bak bortelaget sin keeper Viktor Noring.
Spenning etter tvilsam straffe
Kampen såg ut til å vere avgjort, men berre to minutt seinare blei kampen svært spennande igjen.
86 minutt hadde gått då Jim Johansen fekk ballen inne i Hødd sin 16-meter. 26-åringen frå Harstad blei takla og gjekk i bakken, kanskje litt lett, men dommaren peikte på straffemerket. Johansen banka sjølv 2–1 i mål.
– Eg veit ikkje heilt på straffa. Det såg litt billeg ut, men eg fekk den ikkje heilt med meg, sa Heltne Nilsen.
Dei siste 10 minutta, seks minutt tilleggstid, blei svært så spennande på Høddvoll, men fjorårets cupmeister stod imot.
– Kan avgjere vår eiga skjebne
Tre viktige poeng for Hødd, som framleis er med i kampen om både andreplassen og kvalikplassen.
– Om vi skal klare kvalikplass, som er målet, så var det sjølvsagt viktig med siger. No er det opp til oss sjølve, og vi kan avgjere vår eiga skjebne, avslutta Heltne Nilsen.
For Bodø/Glimt sin del var ei broten sigersrekke det mest dramatiske – for nordlendingane leiar framleis 1. divisjon suverent.