Det norske kvinnelandslaget hadde siste trening på Vålerengas heimebane før den viktige VM-kvalikkampen mot Nederland tysdag kveld.
Kampen er ein gruppefinale, og med siger går Noreg direkte til neste års fotball-VM.
– Kjenning i kneet
Men etter berre nokre få minutt av måndagens trening valde Wolfsburg-spelaren Caroline Graham Hansen å avbryte treninga.
23-åringen tok ingen sjansar før finalen i gruppe 3 og gjekk rett i garderoben medan resten av laget heldt fram med økta på Oslos austkant.
Men landslagssjef Martin Sjögren avdramatiserer situasjonen, og garanterer at kantspelaren er klar til morgondagens storkamp.
– Ho fekk ein liten kjenning i kneet, men det er ingen problem før kampen i morgon. Det er 100 prosent sikkert, seier landslagstrenar Martin Sjögren til NRK.
Graham Hansen står med 29 mål på 59 landskampar, men kom ikkje på scoringslista då Noreg knuste Slovakia i VM-kvaliken på fredag. Scora gjorde derimot Lisa-Marie Karlseng Utland med sine tre mål.
– Mykje står på spel
Noreg treng alle sine beste spelarar mot fjorårets EM-vinnar.
Medan EM blei ei mareritt for Noreg med tre tap og null scora mål, blei meisterskapen ein triumfferd på heimebane for dei nederlandske kvinnene. Noreg tapte det første kvalik-oppgjeret på bortebane 1–0 i fjor haust.
– Vi er blitt betre og betre etter at vi tapte mot Nederland sist. Vi er klar over kva som står på spel. Kampane mot dei har vore jamne. Dei er regjerande europameistrar og dei er eit godt lag, men vi er gode vi også så styrkeforholdet er jamt, meiner Martin Sjögren.
Kaptein Maren Mjelde vedgår at mykje står på spel tysdag kveld.
– Det er noko vi veit alle saman. Mentalt er vi betre førebudd enn nokon gong. Men det er viktig at vi ikkje blir for mykje prega av situasjonen. Dei som taklar presset best vinn kampen, seier Maren Mjelde.
PS: VM-kvalikkampen mellom Noreg og Nederland kan sjåast direkte på NRK 1 tysdag frå klokka 16.45.