NRK Meny
Normal

Ingen OL-pause i NHL: – Synd på dei som ikkje vår vere med på det største innan idrett

Reaksjonane er sterke etter at NHL-klubbane i går sa nei til ligapause under OL i Pyeongchang.

Erik Karlsson

SINT: - Dette er verdas verste avgjerd, seier Ottawas svenske kaptein Erik Karlsson om NHLs avvisning av OL-pause

Foto: Gregory Shamus / AFP

– Det er mest synd på dei unge som ikkje får vere med i eit OL, for det synest alle uansett nivå er den største turneringa. Det er leit for OL, og ikkje minst for spelarane, seier Norges landslagssjef Petter Thoresen til NRK.

I NHL er det mange unge spelarar som dominerer ligaen og som aldri har spela eit OL, fortel Thoresen.

– Den sjansen får dei ikkje no, og det er synd på dei som ikkje får vere med på det største innan idrett.

Norge har no berre to spelarar i NHL: Mats Zuccarello (New York Rangers) og Andreas Martinsen (Montreal). Thoresen har ikkje snakka med dei etter at NHL-meldinga kom. Uansett er Thoresen mest oppteken av VM i mai.

– Det som skal skje i februar neste år er ikkje heilt på mitt nett enno, seier han.

– Fullstendig katastrofe

Sverige har mange stjernespelarar i NHL. Og i Sverige er reaksjonane kraftige.

– Det er fullstendig katastrofe, og veldig dårleg for hockeyen. Det er verdas verste avgjerd. Dei som har teke denne avgjerda, har tydelegvis inga aning om kva dei held på med, seier ein skuffa og rasande Erik Karlsson til Expressen.

Ottawa-kapteinen får støtte av nattas motspelar, Detroits Henrik Zetterberg. – Det kjennest «tråkigt», seier han.

– Gir oss ikkje

Ingen av dei to vil likevel akseptere at avgjerda er endeleg.

– Vi kjem ikkje til å gi oss. Dei (klubbeigarane) vil nok vurderer reaksjonane, seier Zetterberg.

Laster Twitter-innhold
Henrik Zetterberg

KJEMPAR VIDARE: - Vi gir oss ikkje, seier Henrik Zetterberg

Foto: Eric Bolte / Reuters

Sverige har mange spelarar i NHL, og mister mange av stjernene dersom NHL ikkje tar pause.

– Det er veldig synd for turneringa og eit stort tap for hockeysporten, seier Sveriges landslagssjef Rikard Grönborg.

For første gong sidan Lillehammer i 1994 går den olympiske OL-turneringa i ishockey i Pyeongchang neste år utan spelarar frå NHL, dersom fleirtalet av klubbeigarar får det som dei vil.

– Det er bestemt. Denne saka er avslutta, sa NHL i meldinga dei sende ut i går kveld.

– Til OL uansett

Spelarforeininga NHLPA skriv at spelarane er «svært skuffa, og er sterkt usamde med NHLs kortsiktige avgjerd».

«Alt ubehag ein OL-pause må gi NHL er ein liten pris å betale for sjansen til å vise fram vår idrett og våre beste spelarar på ein enorm internasjonal arena», skriv spelarforeininga.

Fleire spelarar har også sagt at dei vil reise til OL, uansett kva NHL seier.

IOC beklagar NHLs avgjerd.

I førre veke tok det internasjonale ishockeyforbundet på seg å forsikre NHL-spelarar under OL, i tillegg til å betale reise og opphald. Sidan 1998 har IOC hatt dette ansvaret, men ville ikkje ta det denne gongen.

Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Turvoll Fossli reiser hjem

    Sondre Turvoll Fossli reiser hjem fra Ruka etter å ha kommet på sjetteplass under fredagens langrennssprint, skriver NTB. Fossli endte på sjetteplass i finaleheatet, men reiser nå hjem for å forberede seg til verdenscupen på Lillehammer.

    Verdenscup ski nordiske grener
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Sveits vant mot Norge

    Sveits vant bronse i curling-EM etter å ha slått Norge 6-5 i fredagens kamp. I finalen i morgen møtes Sverige og Skottland.

    Thomas Ulsrud
    Foto: Jon Eeg / NTB scanpix
  • Uforandret lag for Norge

    Norge stiller med de samme fire hopperne som forrige helg i morgendagens lagkonkurranse. Det til tross for at Anders Fannemel bommet totalt i kveldens renn. De fire som skal hoppe for Norge er da Tande, Forfang, Fannemel og Johansson.

    lag
    Foto: Janek Skarzynski / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal