Hopp til innhold

No kan du stemme fram Årets Ildsjel 2016

Du kan vere med på å bestemme kven som skal få ein av dei gjevaste prisane på Idrettsgallaen i januar.

Årets ildsjel

GJEV PRIS: Denne premien går til den som blir vald til Årets Ildsjel på Idrettsgallaen. Du kan vere med å hjelpe di favoritt fram til prisen

Foto: Vegard Grøtt / NTB Scanpix

Det er eitt av dei aller gjevaste trofea som blir delt ut på Idrettsgallaen, som skal gå av stabelen på Hamar laurdag 7. januar.

Frå laurdag 17. desember og fram til fredag 6. januar kan du stemme på den av dei fem nominerte kandidatane du ønskjer skal vinne.

Juryens vurdering og folkeavstemminga tel 50% kvar.

I årets jury sit Kjetil André Aamodt (juryleiar), Ole Gunnar Solskjær, Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Helene Olafsen, Are Strandli, Birgit Skarstein og Marit Roland Udnæs (idrettsstyremedlem).

Her kan du lese litt om dei fem nominerte kandidatane.

Stine Mjåtvedt, FK Fyllingsdalen (33)

Stine Mjåtvedt
FK Fyllingsdalen.

Ho tok til å trene Fyllingsdalen Tigers for over 15 år sidan, og har halde på heile tida sidan. Fyllingsdalen Tigers er eit lag for utviklingshemma, og tel rundt 30 spillarar, dei fleste med Downs Syndrom. Stine har vore både trenar og lagleiar.

Stine Mjåtvedt

Stine Mjåtvedt

Foto: Helge Lyngstad / NRK

Sidan 2007 har ho også vore medlem av inkluderingskomiteen i Hordaland fotballkrets. Den komiteen har som opgåve å integrere inn i organisert fotball barn, unge og vaksne med funksjons- og utviklingshemming. Dei siste åra har ho også vore leiar av komiteen.

Stine Mjåtvedt har også vore primus motor i eit trenarkurs for funksjonshemma.

Du kan stemme her.

Mary Ann Samuelsen Naas, Elnesvågen og Omegn (59)

Mary-Ann Samuelsen Naas
Elnesvågen og Omegn Idrettslag

Mary Ann starta handballkarrieren som 12-åring i 1969 og spelte sin siste seriekamp i 2004. Sidan ho var 15 har ho også vore trenar i klubben sin, noko ho er enno. Ofte har ho hatt treneransvar for opptil 8-10 lag.

Mary Ann Samuelsen Naas

Mary Ann Samuelsen Naas

Foto: Helge Lyngstad / NRK

Og klubben har heile tida vore Elnesvågen Håndball, med unntak av sesongen 1980/81 då ho spelte i Molde. Men også den sesongen var ho trener i Elnesvågen.

I tillegg til alt dette har ho også jobba administrativt i klubben dei fleste av desse åra, dei siste 15 som sportsleg leiar.

Du kan stemme her.

Svein Robert Vestå, Sortland Volleyballklubb (53)

Svein Robert Vestå
Sortland Volleyballklubb.

Han har vore trenar i Sortland Volleyballklubb i minst 25 år, og dei siste 15 har han også vore leiar av klubben. Han er opptatt av å involvere flest mogeleg i det som skal gjerast i klubben, under mottoet «alle skal med». Uansett om du er liten eller stor, god eller dårleg – eller kva bakgrunn du har.

Svein Robert Vestå

Svein Robert Vestå

Foto: Helge Lyngstad / NRK

I 2002 var han primus motor bak prosjektet Åpent Hus, der 250-500 personer er innom til ulike aktivitetar kvarfredag. Dette prosjektet var ein viktig grunn til at Sortland i 2015 ble kåra til årets oppvekstkommune i Nordland.

I tillegg er han involvert i fotballen i Sortland når det trengst, blant anna som trenar og lagleiar.

Du kan stemme her.

Kai Henning Stensrud, IL Kolbukameratene (54)

Kai Henning Stensrud
IL Kolbukameratene.

Han var kombinertløpar, men eit fall i hoppbakken i 1979 gjorde ham lam frå brystet og ned.

Sju år seinare var han tilbake i idrettslaget som learr og motivator. Han har lagt ned eit enormt arbeid for å støtte dei som vil satse på idretten sin, og lagt til rette for at det skal kunne kome topp idrettsutøvarar også frå eit lite miljø.

Kai Henning Stensrud

Kai Henning Stensrud

Foto: Helge Lyngstad / NRK

Kai Henning har også hatt fleire verv i fotball, handball og langrenn. Han har vore styreleiar i klubben sidan 2011, og var det også i 2004 og 2005.

Det store beviset på det Kai Henning har hatt å seie for breidda i laget er friluftsgruppa i laget, der alle frå bæremeis-alder til over 90 er aktive. «Idrettsglede i hele bygda» er klubbens slagord.

Hans innsats har bidratt til eit stort samhald i bygda, og der idrettslaget er veldig sentralt i den sosiale aktiviteten.

Du kan stemme her.

Atle Steinar Solheim, Selje IL (58)

Atle Steinar Solheim
Selje Idrettslag.

Han har vore leiar i fotballgruppa sidan 1994, og i heile denne tida også vore sjefen for Seljecupen, ein fotballcup for aldersbestemte lag.

Solheim har også vore svært opptatt av fair play i fotballen, og hans innsats var avgjerande for at Selje fekk prisen som årets fair play-klubb i Sogn og Fjordane Fotballkrets i 2012, 2013 og 2015.

Atle Steinar Solheim

Atle Steinar Solheim

Foto: Helge Lyngstad / NRK

I 2011 blei han årets klubbleiar i kretsen, og i 2012 fekk han også sølv av UEFA i konkurransen om «grassrootleader of the year».

I tillegg har han vore intitiativtakar til ei rekke satsingar på ulike idrettsanlegg: Kunstgrasbane med flomlys, ballbingar, klubbhus, trimløype med lys, trapper og tursti og vedlikehald/rehabiliteringar av ulike anlegg.

Du kan stemme her.

Her høyrer kandidatane heime:

Kandidatane til Årets Ildsjel 2016

Sportsnyheter

Siste nytt

  • De Ligt, Musiala og Dier tilbake i trening før returkampen i Madrid

    Bayern München-trioen Matthijs de Ligt, Jamal Musiala og Eric Dier var alle med på tirsdagens trening før onsdagens Champions League-semifinale mot Real Madrid.

    De Ligt gikk glipp av den første kampen grunnet kneproblemer, og erstatteren Kim Min-jae har fått skylden for begge målene Bayern München slapp inn i 2-2-kampen.

    Bayern-trener Thomas Tuchel sa på tirsdagens pressekonferanse at Dier og De Ligt ligger an til å starte returkampen i Spania.

    – De fortjener å fortsette å spille sammen. Matthijs har fått grønt lys, sa Tuchel.

    Musiala
    Foto: CHRISTOF STACHE / AFP
  • McDavid, MacKinnon eller Kutsjerov blir årets spiller i NHL

    Connor McDavid, Nathan MacKinnon og Nikita Kutsjerov er årets finalister i kampen om å vinne Hart-trofeet som årets spiller i NHL.

    Hart-trofeet gis årlig til spilleren som i en avstemning blant medlemmene i ishockeyjournalistenes forening utpekes som den mest verdifulle for sitt lag.

    McDavid vant Hart-trofeet for tredje gang i fjor og kan slutte seg til Wayne Gretzky (9), Gordie Howe (6) og Eddie Shore (4) som en av spillerne med minst fire. Edmonton Oilers-kapteinen kan også bli den første som vinner to år på rad siden Alex Ovetsjkin i 2008 og 2009.

    6bI-ZE7PPAY
    Foto: AP
  • Nominert til årets manager – fikk sparken

    Liam Rosenior var en av tre nominerte til prisen for årets manager i engelsk mesterskapsserie. Tirsdag fikk han sparken i Hull.

    39-åringen ble i november 2022 hentet til trenerjobben i klubben han hadde spilt for i fem år av sin aktive karriere. Han berget laget fra nedrykk, og sist sesong gjorde Hull det så bra at han i desember fikk en ny og forbedret kontrakt med gyldighet til 2026.

    Han ble også nominert til prisen som sesongens manager sammen med Kieran McKenna (Ipswich, som vant) og Daniel Farke (Leeds), men Hull gikk så vidt glipp av opprykkssluttspill. Med bare en seier på de fire siste kampene endte laget på 7.-plass, tre poeng bak Norwich på den viktige 6.-plassen.

    – Dette er den vanskeligste avgjørelsen jeg har truffet som styreleder i denne klubben. Jeg må se bort fra personlige følelser og treffe avgjørelser med klubbens langsiktige visjoner i sentrum, sier klubbens tyrkiske eier Acun Ilicali til Hulls nettsted.

    – Det er ingen tvil om at vi har hatt framgang under Liam, og han vil alltid være en del av denne familien. Likevel er det blitt tydelig at vi har ulike visjoner for klubbens framtid, og jeg føler at tiden er inne for å gjøre en endring.

    (©NTB)

    dfClLXF5MRI
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal