Det var i lokaloppgjeret mellom Vålerenga og Lyn i Toppserien førre veke at Una Johanne Roaldseth Søyland var uheldig.
Eit kvarter inn i kampen kom spissen aleine med keeper Jalen Tompkins og blei felt. Søyland landa forkjært og blei liggande med smerter før ho blei hjelpt av banen.
Men kort tid etterpå kom ho på igjen – med brekt olboge.
– Eg høyrde det knakk
Ei veke etterpå er ho i godt humør, sjølv om armen er i fatle og ho kan vente seg ei stund på sidelina.
– Eg er tydelegvis ikkje så god til å ta meg i mot, seier Roaldseth Søyland, og ler.
Det var ikkje smertefritt. Da ho bestemte seg for at ho skulle på banen igjen merka ho at armen berre hekk ned.
– Eg høyrde at det knakk i armen og eg kjende at det var vondt.
– Men du ville spele?
– Ja, ja, ein må jo kome seg utpå der så kjapt som mogleg. Det er jo berre ein arm, så ein kan jo framleis springe, seier ho.
Tvilar på at menn hadde gjort det same
Lyn tapa derbyet 2-0, og ligg nest sist på tabellen. Lyn-trenar Ole Johan Aas karakteriserer Søyland som ein spelar som er viljug til å gi det vesle ekstra. Det er viktig for eit lag i poengnaud.
– Me er i ein situasjon der me kjempar med nebb og klør for å halde plassen og ho var i tillegg Lyn-spelar mot Vålerenga. Det er kort fortalt den innstillinga me treng, seier Aas.
Skaden gjer at laget må klare seg nokre veker utan ho.
– Det første eg tenkte var at det var veldig synd. For me treng alle spelarane me har, og det er synd å miste ein så god og viktig spelar som Una, fortel Aas.
Lagvenninne Emilie Bølviken trur ikkje mange menn hadde klart det same.
– Una er eit råskinn. Det viser berre kor tøffe jenter kan vere i blant. I motsetting til mange gutar som sikkert hadde gått av banen tidlegare enn det ho gjorde, seier Bølviken.
– Ho representerer Lyn på ein framifrå måte. I lokaloppgjeret mot Vålerenga så skal ein blø for drakta, og sjølv om det ikkje var blod involvert her så trur eg me likevel kan sette det på den kontoen, seier Aas.
– Trur du det er mange eliteseriespelarar som hadde gjort det same?
– Det kan eg ikkje sjå for meg, smiler Lyn-trenaren.