Spania vann Davis Cup

Rafael Nadal avgjorde i siste kamp mot Denias Sjapovalov og sikra Spania sigeren i Davis Cup. Nadal vann 6-3, 7-6. Roberto Bautista Agut hadde tidlegare slått Felix Auger-Aliassime 7-6, 6-3.

Spania vann turneringa for sjette gong, men har ikkje vunne sidan 2012. Nadal har ikkje tapt ein Davis Cup-kamp i single sidan 2004.

Rafael Nadal
Foto: Sergio Perez / Reuters

Siste nytt

  • Hvas til finale med ny rekord

    Tomoe Zenimoto Hvas forbedra sin eigen norske rekord og kvalifiserte seg greitt til finalen på 200 meter medley i kortbane-EM. Den nye norske rekorden er nå på 1.53,74. I går blei 19-åringen nummer fem i finalen på 100 meter, nå får han moglegheiten til revansje i finalen på den doble distansen i kveld.

    Tomoe Hvas
    Foto: Claudio Bresciani/TT / Claudio Bresciani/TT
  • Solskjær opprørt over avisforside

    Ole Gunnar Solskjær reagerer sterkt på forsida til den italienske avisa Corriere dello Sport. – Den verste forsida eg har sett, seier Solskjær. Avisa har slått opp eit bilde av dei tidlegare United-spelarane Chris Smalling og Romelu Lukaku med tittelen «Black friday». Dei spelar i kveld mot kvarandre når Roma møter Inter.

    – Eg jobbar ikkje i dykkar bransje, men wow. Me ser mykje rart her også, men ikkje dette. Dette må bli slått ned på, sa Solskjær til det engelske pressekorpset.

    Solskjær seier han har vore i kontakt med begge spelarane.

    – Dei veit dei har støtta vår. Manchester United møter byrival Manchester City laurdag kveld.

    Lukaku og Smalling
    Foto: Skjermdump frå Corriere delle Sport
  • Markeng reiser til Russland

    Thomas Aasen Markeng var med landslaget som reiste til Russland for helgens verdenscuprenn. Men fremme i Russland, ble han sendt i retur. Nordmannen hadde ikke fornyet passet sitt, og med mindre enn seks måneder igjen før det går ut, var det ikke mulig å få visum. Nå har Markeng fått ryddet opp og han setter på ny kursen mot Russland. Dermed rekker hopperen søndagens renn.

    Verdencup i Holmenkollen. Individuelt hopp menn Raw Air
    Foto: Tore Meek

Sendeplan

Kl. Program Kanal