Mark Dempsey var ein av trenarane som måtte gå då Ole Gunnar Solskjær fekk sparken i Cardiff City i september.
No er 50-åringen klar for ny jobb i Haugesund,som assistent for trenar Jostein Grindhaug.
– Dette er ikkje eit steg ned. Det er eit steg opp. Eg gler meg til dette og likar å jobbe med norske spelarar, seier Dempsey til eit samla pressekorps på Haugesund stadion.
Haugesund tok bronse i eliteserien førre sesong. Denne sesongen kjempa laget i bånn av tabellen, men tok seg etter kvart ut av nedrykksstriden.
Ikkje på benken mot Brann
Ein serierunde før slutt ligg Jostein Grindhaugs menn på 10.-plass i serien. Søndag kan dei sende Brann til førstedivisjon i siste kamp. På same tid må Sogndal, som ligg på direkte nedrykksplass, slå Stabæk heime.
Til denne runden er ikkje Dempsey på plass. Avtroppande assistent Eirik Horneland vil sitte på Haugesund-benken i sin siste kamp. Han tar over G-18-landslaget etter sesongen.
Dempsey har signert toårskontrakt med FKH.
– Eg følte at han var litt «out of our league», sa sportssjef Asbjørn Helgeland på pressekonferansen.
Nektar å kommentere Solskjær-kontrakt
Dempsey har til no ikkje ønska å snakke om Cardiff-sparkinga. Det har heller ikkje Solskjær eller andre i støtteapparatet, som blei avsett etter nedrykk frå Premier League og ei rekke dårlege resultat i meisterskapsserien.
– Eg er her no. Eg skal jobbe med Haugesund og vil snakke om Haugesund, seier Dempsey.
Dempsey var ein av trenarane Solskjær tok med seg til Cardiff. No er briten klar for ny jobb i Norge - for første gang på mange år utan å assistere Solskjær.