Hopp til innhold

Snille gutar vinn ikkje

KOMMENTAR: Molde og Rosenborg gjekk til Europaligaen, mens Odd imploderte mot Dortmund. Kva fortel dette om norsk klubbfotball?

Asante

DEPPER: Stabæks Ernest Asante

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Norsk herrefotball har hatt ei bedrøveleg utvikling dei siste åra. Landslaget ser meir ut som ein sovemedisin enn eit fotballag, mens klubblaga har strevd tungt i europeisk samanheng.

I skrivande stund er norsk klubbfotball nr. 25 på UEFA si rangeringsliste, bak land som Romania, Kypros og Kviterussland. Rosenborg er det høgast rangerte enkeltlaget – på 146. plass.

Men det er absolutt lys å skimte i tunnelen. Ikkje for landslaget, som går i lås med ein gong dei må gjere noko meir avansert enn å utveksle enkle støttepasningar, men fleire av eliteserielaga ser ut til å vere på stigande kurs.

Bob Bradley

Kroppsspråket seier mykje om kva Bob Bradley tenkjar.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Odd og Stabæk er to av dei mest interessante laga i så måte. Unge spelarar har fått mykje speletid, og begge laga spelar feiande flott fotball på sitt beste. Dei er dessutan kjennemerka av eit mot til å spele over eigne evner – den beste medisinen mot middelmåtigheit.

Vågemot på menyen

Kall det gjerne naivt, det Odd leverte mot Dortmund, men det er samstundes herleg å sjå eit lag som tør å guffe på, sjølv når styrkeforholdet er fullstendig skeivt. Norsk fotball må kome seg ut av den etablerte tvangstrøya om alltid å spele på det sikre.

Stabæk og Odd er dei fremste eksponentane for vågemot i årets eliteserie. Drivkrafta er til å ta og føle på når desse laga trør inn på grasmatta. Dei var spådd ein vanskeleg sesong, Stabæk. Men du verda som dei har imponert!

Faktisk i såpass stor grad at eg tok meg i å lure på om dei andre laga rett og slett hadde vorte dårlegare. I fjor var det tredjeplassen til Odd som fekk meg til å spekulere i same retning.

Den ferske innsatsen i Europa indikerer noko anna. Ein må rett nok ha i bakhovudet at nivået i Europaligaen ikkje alltid er representativt for dei nasjonale seriane – engelske lag er kjende for å nedprioritere turneringa – men likevel.

Molde slo ut Standard Liége, eit topplag i talentfabrikken ved namn Jupiler Pro League. Rosenborg tok ein heilstøypt samanlagtsiger mot Steaua Bucuresti, som har vinne den rumenske ligaen tre år på rad. Hatten av for det.

Snille gutar vinn ikkje

Henning Berg

Henning Berg i 1999.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

I samanlikning er landslaget sine prestasjonar til å grine av. Sjølvtilliten til dei beste Drillo-årgangane ser ut til å ha fordampa. Borte er dei susande taklingane til Alf Inge Håland, den innbitne konsentrasjonen til Henning Berg og jernvilja til Kjetil Rekdal.

Sanninga er at 90-talsgenerasjonen etterlet seg eit mentalt vakuum som norsk fotball stadig har til gode å fylle.

Fotballekspert og tidlegare talentspeidar Tor-Kristian Karlsen er ein mann som veit kva som skal til for å lukkast på europeisk toppnivå. Då vi prata fotball for ei tid sidan, etterlyste han fleire ”kjeltringar” på landslaget. Vi har for mange snille gutar, meinte han. Ingen fryktar å møte Noreg lenger.

Stabæk og Odd har ingen utprega kjeltringar på laget, men dei legg definitivt frå seg silkehanskane i garderoben før kamp. Spelarar som Ardian Gashi og Birger Meling oser av ”never say die”-mentalitet.

Førstnemnde viste dessutan prov på kjeltringtendensar i kveld, då han vart utvist midtvegs i andre omgang. På sidelinja står to trenarar, Bradley og Fagermo, som har klart å byggje opp to fryktlause mannskap.

Kåre Ingebrigtsen har gjort det same i Rosenborg. Då RBK vann 3-0 borte mot Steaua, kunne ein lure på om spelarane hadde fått injisert eit serum beståande av engasjementet til Nils Arne Eggen, løpa til Road Strand og målteften til Harald Brattbakk.

Eit lovleg dopingmiddel av denne typen er akkurat det norsk klubbfotball treng.

Kontinuitet i rekkene

Vågemot er bra, men fungerer ikkje åleine. Det Stabæk har utmerkt seg med denne sesongen, er å satse på fast inventar. Før kveldens kamp hadde heile fem spelarar starta alle kampane så langt: Sayouba, Skjønsberg, Diomande, Asante og Jalasto. Dette er flest i eliteserien.

Morten Morisbak Skjønsberg

Morten Morisbak Skjønsberg er en av fem Stabæk-spillere som har startet samtlige av lagets eliteseriekamper i år.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Stabæk har dessutan berre brukt 18 spelarar totalt sett, færrast av alle eliteserielaga.

Dette heng sjølvsagt saman med at Stabæk-troppen er tynn, noko som gir Bradley færre alternativ. Han bør likevel rosast for den kontinuiteten laget har framvist. Tillit over tid gir grobotn for sjølvtillit, som igjen avlar prestasjonsauke.

Før kveldens kamp hadde laget seks kampar på rad utan tap i eliteserien. ”The stats tell the story”, som engelskmennene seier.

Odd hadde også ei fin kamprekke bak seg. Dei hadde ikkje tapt på fem eliteseriekampar, og dessutan vinne dei to siste bortekampane, attpåtil med kalassiffer: 6-3 mot Mjøndalen og 4-0 mot Start. Berre vågale lag får til slikt på bortebane.

I samsvar med statistikken

Apropos statistikk: Odd har eit godt grep om Stabæk, som ikkje har slått Odd på heimebane sidan 2007. Odd er det einaste eliteserielaget som Bradley aldri har teke poeng mot.

I Fagermo har han møtt sin likemann – for ikkje å seie overmann – som motivator. Denne kvelden var det også ein del andre faktorar som peika i favør Odd.

Stabæk mangla Adama Diomande, innsatsspelaren par excellense. Han har vore involvert i nitten mål denne sesongen. Erstattaren Muhamed Keita er mindre duellsterk, og Bradley måtte derfor leggje om stilen.

Stabæk klarte berre unntaksvis å utnytte den meir vandrande spelestilen til Keita, som symptomatisk nok flaksa inn i ein reklameplakat tidleg i første omgang.

Dag-Eilev Fagermo

Fagermo takkar publikum etter Dortmund-kampen.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Odd hadde teke med seg tempoet frå Dortmund-kampane og gjorde Stabæk-spelarane svimle innleiingsvis. Bentley gav Odd føringa i det 11. minutt, og det var viktig, ettersom dei ikkje har tapt i årets eliteserie når dei har scora det første målet.

Det var den evig fryktlause Olivier Occéan som serverte Bentley. Han var også nådelaus då han sette in 2-0 på straffe. Stabæk hadde ingen tilsvarande tanksenter å stole på. Frå tribunen på Nadderud kunne ein høyre fortvilte rop etter mål utover i kampen.

Mål fekk dei sjå, i det 84. minutt ved Luc Kassi, men då dommaren bles av kampen var nederlaget eit faktum for heimelaget.

Pressfaktoren

Forventingspress vart også avgjerande for utfallet. Stabæk starta sesongen med moderate forventingar, men etter kvart som dei har kome i posisjon har presset bygd seg opp. Kanskje tankane allereie sveva litt rundt neste kamp, den potensielle gullduellen mot Rosenborg?

Konkrete utslag av dette var meir nervøsitet, fleire pasningsfeil og klønete tilløp i forsvaret, som då El Ghanassi lagde straffe i første omgang.

For Odd er det heilt motsett. Etter periodar med varierande prestasjonar, har presset minka. No har dei fordelen av å vere ein mørk hest i medaljestriden. Det er lettare å vere i opposisjon enn å sitje i regjering, som ein seier i politikken.

Dette såg vi mot Dortmund, då ingen forventa triumf. Det mannskapet som leia 3-0 på Skagerak Stadion, dog berre for ei stakka stund, var kjemisk fritt for høge skuldrar.

Det same kan seiast om Molde mot Standard Liége. Dei torde å sleppe seg laus, i kontrast til fleire av kampane i den heimlege ligaen, der laget har slite med å takle forventingspresset som tittelforsvarar.

Lov å gjere feil

Lysglimta til trass: norsk fotball har stadig eit sjumilssteg å ta når det gjeld spelarutvikling. Det er ikkje utan grunn at stoppartalentet Tord Johnsen Salte – som gjekk frå Bryne til Lyon i sommar – framheva tekniske ferdigheiter som den største skilnaden på norsk og fransk fotball då han nyleg vart intervjua av Josimar.

Tord Johnsen Salte

Tord Johnsen Salte

Foto: Bryne FK

I tillegg er det lov å gjere feil, fortalde Salte, så lenge utviklingsvilja er der. Norsk fotball renn over av spelarar med upåklagelege basisferdigheiter, men som aldri har utvikla seg vidare.

No som vi har ein underskog av bra talent, er det essensielt at dei får lov til å ta sjansar, slik som unge Salte i den beste talentavdelinga i fransk fotball.

Det tekniske og det mentale, altså. To punkt der norsk fotball har sakka akterut heile 2000-talet. Etter mitt syn er vågemot den beste medisinen mot ytterlegare forfall.

Norsk fotball må kvitte seg med det tryggleikstyranniet som alt for lenge har rådd grunnen. Den gylne norske middelsvegen skrik etter ei dumdristig motvekt, à la det Odd la for dagen mot Dortmund.

Dette gjeld også på kort sikt. I det pågåande rotteracet om medaljeplassane, handlar det om å dyrke vågemotet, slik Viking gjorde mot Sandefjord på laurdag, og Vålerenga mislukkast med mot Aalesund på fredag.

Odd er proppfulle no, mens Stabæk må tilbake på sporet om dei skal slå Rosenborg på Lerkendal. Det er nemleg liv i den gamle klisjeen om at den som vågar, faktisk vinn.

Sportsnyheter

Bayern München raste 12 minutter på overtid – hevder dommeren innrømte feil

Nesten tretten minutter på overtid satte Bayern München ballen i mål, men dommeren blåste av for offside like før. Det skaper reaksjoner.

Siste nytt

  • Regjerende mester Molde slapp med skrekken – snudde til seier etter Sarpsborg-utvisning

    Sarpsborg 08 var nær en skikkelig cupbombe, før Sondre Ørjasæter ble sendt i dusjen. Da snudde de regjerende mesterne Molde til 4-2-seier på hjemmebane.

    Dermed lever fortsatt Moldes drøm om å forsvare NM-tittelen.

    Det var Sarpsborg som kom best ut fra startblokkene da Peter Reinhardsen sendte Sarpsborg i ledelsen etter en drøy halvtime.

    Tre minutter inn i 2. omgang utlignet Kristian Eriksen for Molde, men det resultatet holdt seg ikke i ett minutt engang før Sondre Ørjasæter sendte østfoldingene i ledelsen igjen.

    Dessverre for 20-åringen var veien kort fra helt til syndebukk da han satte inn en grisetakling på Eirik Haugan. Det resulterte i hans annet gule kort og marsjordre.

    Dermed åpnet det seg store rom for de regjerende mesterne, som satte inn to raske mål signert Anders Hagelskjær og Magnus Wolff Eikrem.

    Med åtte minutter igjen på klokken fastsatte Eirik Hestad resultatet for vertene.

    I Bærum tok Stabæk seg videre med 5-1-seier over divisjonskollega Bryne, mens Sandnes Ulf vant 5-3 borte over Eidsvold Turn. Fredrikstad sikret seg også avansement med 3-2 borte over Raufoss.

    Etter ekstraomganger klarte også KFUM å ta seg videre med 3-2-seier over Lysekloster, mens Vålerenga tok seg videre på straffet på bekostning av HamKam. (NTB)

    Kristian Eriksen
    Foto: NTB
  • Beltran sendte Fiorentina til conferenceligafinalen – 4-3 sammenlagt over Vetlesen og Nusas Brugge

    Lucas Beltran ble den store helten da han sikret 1-1 til Fiorentina borte mot Brugge i semifinalen i conferenceligaen.

    Italienerne hadde nemlig en 3-2-ledelse fra det første oppgjøret og er dermed klar for finalen i conferenceligaen med 4-3-seier sammenlagt.

    Hugo Vetlesen startet kampen for Brugge og pådro seg et gult kort før han ble byttet ut etter 70 minutter. Antonio Nusa startet på benken, men kom inn etter 86 minutter.

    Brugge fikk en drømmestart på kampen da Maxim De Cuyper stanget vertene i ledelsen etter 20 minutter. Dermed sto det også likt mellom lagene.

    Dessverre for belgierne pådro de seg en straffe da det bare sto igjen fem minutter på klokken. Den banket Beltran i nettmaskene bak Simon Mignolet.

    Vetlesen
    Foto: AP
  • Hoppkvinnene får utvidet skiflygingsrenn i Vikersund neste sesong: – Et veldig stort skritt

    Neste sesong skal for første gang 25 kvinnelige hoppere få delta i et skiflygningsrenn i Vikersund. Det blir også renn i Holmenkollen, tross VM i Trondheim.

    Det ble klart da hoppkomiteen i Det internasjonale ski- og snowboardforbundet (FIS) hadde møte i slovenske Portoroz onsdag.

    – Vi er stolte over at vi får til en Raw Air-turnering også i VM-året i Trondheim, og vi gleder oss ekstra til å vise fram VM-heltene i Holmenkollen og Vikersund bare noen dager etter mesterskapet, forteller prosjektleder for turneringen, Ståle Villumstad.

    Til tross for at det skal arrangeres ski-VM i Trondheim mellom 28. februar og 9. mars, har også Holmenkollen fått hopprenn bare fire dager etter mesterskapet, på en torsdag.

    Forrige sesong satte Silje Opseth verdensrekord i Vikersund, og hun gleder seg nå over at 25 kvinner skal få delta i 2025. Denne sesongen var det 17. (NTB)

    Silje Opseth
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal