Hopp til innhold

Kommentar: «Strikkmotor utan strikk»

Mjøndalen har kjempa tappert, men hadde ganske enkelt ikkje den naudsynte kvaliteten, eller dei naudsynte kreftene, til å halde seg flytande i eliteserien.

Mjøndalen

SKUFFET: Mjøndalen ledet lenge mot Viking, men tapte til slutt 3-1.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Det kokte i Stavanger, Kristiansand, Drammen og Bodø! Etter ein heseblesande innspurt kunne vi til slutt gratulere Strømsgodset med sølv og Start med kvalikplass.

At Mjøndalen gjekk ned var ikkje overraskande, men sjølv var eg blant dei som fekk trua på MIF tidleg i sesongen. I første eliteserierunde var eg på Isachsen Stadion, der heimelaget Mjøndalen slo Viking 1-0.

Dette fekk meg til å varsle om eit muleg unntak frå regelen om at stort budsjett gir sportsleg suksess.

No må eg berre ete orda i meg. Laget med det klart største budsjett vann serien, i suveren stil, medan dei to laga med minst budsjett rykka rett ned. Lillestrøm hamna midt på tabellen, nøyaktig der dei økonomisk sett høyrer heime.

Alt ved det normale, altså.

Heldigvis er ikkje sanninga fullt så enkel. I så fall ville aldri Stabæk, nr. 13 på budsjettabellen, teke medalje. Det burde derimot Molde - årets mest skuffande lag i serien - medan Start skulle ha kniva med Lillestrøm om prisen som årets gylne middelhavsfarar.

I staden måtte sørlendingane kjempe ein desperat kamp for å unngå nedrykk.

Det ligg altså andre årsaker bak sluttstillinga i topp og botn av tabellen. Dette er mi forklaring:

1. Rosenborg: Lagmaskin med finesse

Rosenborg vann ein fortent seriemeisterskap. Tala seier det meste: dei scora mest og slepte inn færrast. Dei hadde toppscoraren, Alexander Søderlund, og spelaren med flest målgjevande, Mike Jensen.

Rosenborg scora mykje i viktige fasar av spelet. Dei avgjorde fleire kampar ved å score tidleg, for dernest å rulle motstandaren i senk med hurtige overgangar. I tillegg var det ingen lag som scora meir mål enn Rosenborg den siste halvtimen av kampen.

Dei var attpåtil mest populære. Rosenborg hadde det høgaste tilskodarsnittet i eliteserien, heime så vel som borte. Eit entusiastisk publikum dreiv fram eit lagmaskineri som berre vart betre utover sesongen.

Men RBK var meir enn eit maskineri. I Pål André Helland og Tobias Mikkelsen hadde dei eit vingpar det verkeleg svinga av. Når desse fekk det til å flyte, såg det enkelt ut. Då Yann-Erik de Lanlay kom frå Viking i sommar, hadde dei også eit habilt alternativ.

Viktigast av alt: RBK hadde ein midtbane ingen andre kunne matche. Mike Jensen – årets spelar, etter mitt syn – saman med den finslepne Ole Selnæs, som fekk sitt definitive gjennombrot denne sesongen.

Vi skal heller ikkje gløyme solide Fredrik Midtsjø, nummer sju på assist-lista. Denne trioen gjorde andre lag fullstendig svimle med sine kvikke pasningar og lure løp.

2. Strømsgodset: Comeback-kongane

Godset var blant førehandsfavorittane, men skuffa brutalt i første del av sesongen. Då David Nielsen fekk fyken i april, låg laget på ein skuffande 9. plass.

Inn kom ein skikkeleg redningsmann med langt fartstid i klubben, som assistent og spelarutviklar: Bjørn Petter Ingebretsen.

Han etablerte ein fast formasjon (4-3-3), i sterk kontrast til Nielsen sitt rotasjonsregime, og fekk enorm respons frå spelargruppa. 14 sigrar på 20 seriekampar og ein målforskjell på 51-23. Ingen lag tok fleire poeng enn Godset i denne perioden.

Det ligg to nøkkelord bak den imponerande snuoperasjonen under Ingebretsen: organisering og utvikling.

Godset slepte inn mange surremål den første delen av sesongen, ofte på grunn av dårleg samhandling mellom forsvar og midtbane. Ingebretsen strama opp: under hans leiing låg ledda tettare saman og forsvarsfiraren minna meir om enn ei rett linje enn det geografiske kaoset som herska innleiingsvis.

Så til utviklinga. Fleire spelarar som såg ut til å ha stagnert, fekk fart på sakene. Midtstopparen Gustav Valsvik opplevde ei renessanse – ein opplagt kandidat til årets lag i mi bok – det same gjorde lynvingen Gustav Wikheim, medan Iver Fossum tok store skritt mot landslaget.

Til og med den fortapte sonen, Marcus Pedersen, klarte Ingebretsen å puste nytt liv i. 11 mål på 11 seriekampar vart fasiten for Pedersen etter heimkomsten. I siste runde var det hans to scoringar som sikra sølvet.

Viss utviklinga held fram, kan det verte endå edlare valør neste år for SIF.

3. Stabæk: Bronse med vemod

Medan Godset opplevde eit positivt vendepunkt, gjekk det motsett i Stabæk. Midtvegs i sesongen spelte dei briljant fotball og låg i hælane på Rosenborg. Men så forsvann krumtappen i laget, Adama Diomande.

Økonomi viste seg å ha ein vesentleg effekt likevel. Då Stabæk fekk bod frå Hull City, hadde dei ikkje råd til å seie nei. Etter det var gullkampen i realiteten avgjort. Sjølv ikkje ein taktisk ringrev som Bob Bradley klarte å erstatte den beste spissen i eliteserien.

Men elles er gode kjøp ein vesentleg grunn til at Stabæk tok medalje i år, mot alle førehandstips. Klubben gjorde nemleg nokre smarte signeringar signeringar den siste tida før sesongstart.

Både Yassine El Ghanassy (3 mål, 11 målgjevande) og Ernest Asante (10 mål, 11 målgjevande) har vore ekstremt viktige for Stabæk. Begge kom til klubben i mars, førstnemnde berre eit par dagar før overgangsvindauge lukka.

I tillegg har Bradley fått unge spelarar til å skinne. Venstreback Birger Meling har vore ei openbaring. Ein viss mann med namn Høgmo bør absolutt ha Meling i tankane når og viss Noreg skal til EM neste sommar.

Det var med eit visst vemod at Stabæk avslutta sesongen. Bronse var bra ut frå føresetnadene, men også ein nedtur etter å ha snusa på gull og hatt kontroll på sølvet såpass lenge.

Som om 6-1-tapet mot Glimt i siste runde ikkje var ille nok, vart vemodet forsterka av følgjande kjensgjerning: Stabæk kan neppe utfordre i toppen neste år, utan profilar som Muhamed Keita og El Ghanassy. Nyleg vart det stadfesta at Bradley også forsvinn.

Norsk fotball er stadig for liten for dei største fiskane. Kva så med dei minste fiskane? Dei finn vi i botnen av tabellen.

Felles for dei tre siste laga er ein sensasjonelt dårleg statistikk på bortebane: berre éin fattig siger av 45 mulege! Så dårleg har det aldri blitt prestert på bortebane før. Dette åleine er ei god forklaring på kvifor akkurat desse enda i hengemyra. Men det er individuelle skilnader også.

14. Start: For mykje ungdommeleg overmot

Før siste runde hadde Start statistikken både for og mot seg. I motsetnad til Mjøndalen kunne dei sjølv sikre kvalikplassen ved å vinne.

Men vinne, det har ikkje Start gjort sidan 4-1 heime mot Stabæk 4. juli. Femten kampar på rad utan siger er laget si verste rekke utan siger i toppserien nokon sinne. Med slike stats i bakhovudet, er det ikkje lett å mønstre inn mot avsluttingskampen.

Start skal ha cred for satsinga på dei unge. Det er bra med ungdom, men børa vart tung. All ære til kaptein Kristoffer Ajer for ein fantastisk sesong, men dei rundt han var berre unntaksvis på same nivå.

Mangelen på rutine gav seg utslag i mangel på disiplin. Start fekk åtte straffespark mot seg denne sesongen - flest av laga i eliteserien. Slikt kan vere uflaks, men også eit symptom på defensivt rot. Ikkje overraskande hadde Start årets råtass: forsvarsspelaren Michael Christensen (8 gule kort).

Det som kom inn av forsterkingar, slo aldri heilt til. I likskap med Godset henta Start tilbake ein gammal kjenning, Mads Stokkelien, spissmakkeren til sjølvaste Raul i New York Cosmos inntil nyleg. Det såg dessverre ikkje ut til at Stokkelien hadde studert avsluttingsteknikken til den spanske måltjuven: eitt mål på 11 kampar er magert utbytte.

Symptomatisk nok tapte Start 0-3 i den avgjerande kampen.

Redninga var at det fantes to endå svakare lag i årets eliteserie. Ingen lag har tidlegare berga plassen med meir enn 13 strake kamper utan siger i ein sesong. Det fortel det meste om kor svak botnen av eliteserien var i 2015.

15. Mjøndalen: Manglar breidde

I min første kampanalyse frå årets sesong roste eg Mjøndalen sin inngang til sesongen. Det var fornuftig, meinte eg, å ikkje satse over evne.

Men utover sesongen skulle det syne seg at MIF rett og slett mangla både breidde og reell kvalitet i stallen. Innsats og entusiasme kan gjere gråstein til gull, men berre ei viss tid. Mjøndalen gjekk ut som ein strikkmotor, men strikken vart meir sliten for kvar runde.

Betre vart det ikkje då den einaste diamanten i spelargruppa, Vamouti Diomande, øydela kneet i tredje serierunde.

Å miste ein Diomande skulle vise seg å vere det verste som kunne hende eit lag i årets eliteserie.

Mjøndalen var fulle av innsatsvilje i siste kamp mot Viking, og ei stund såg det ut til å betale seg. Eit tidleg mål av Erik Midtgarden gav håp, men i typisk stil – MIF har slept inn mykje mål den siste halvtimen i årets sesong – klarte laget å rote bort sigeren.

Dei kjempa tappert, men hadde ganske enkelt ikkje den naudsynte kvaliteten, eller dei naudsynte kreftene, til å halde seg flytande.

16. Sandefjord: Eleganse utan kompetanse

Etter å ha sett dei kruse gjennom Obosligaen i 2014, hadde eg sett fram til å sjå Sandefjord i eliteserien. Kunne det dristige taktiske opplegget til Lars Bohinen fungere på øvste nivå?

Nei, det kunne det ikkje. Eller berre glimtvis. Det var ganske enkelt for ambisiøst med tre mann bak og balltrilling. Sandefjord mangla den naudsynte klassen til å gjennomføre spelestilen.

Etter ein frisk start var det openbert at dei leid av eit klassisk heislag-syndrom: Elegante i 1. divisjon, for svake i eliteserien.

Sjeldan har ein påstand kunna underbyggjast av klarare tal:

Sandefjord gjekk gjennom heile sesongen utan bortesiger. Samanlagt har dei 30 bortekampar på rad utan siger i eliteserien. Det utgjer den lengste rekka utan siger nokon sinne i øvste divisjon.

Dei få poenga dei greidde å sanke, kom stort sett på heimebane: 14 av 16.

Det verste av alt er imidlertid innsatsen mot slutten av kampane. Sandefjord slepte inn 21 mål i løpet av dei siste 15 minutta i år. Inkludert overtidstapet mot Sarpsborg i siste runde har dei gått 18 poeng i minus dei 10 siste minutta av kampen. Det gir eit leit statistisk fakta:

Om alle kamper hadde slutta etter 80 minutt, ville Sandefjord overlevd med grei margin.

Uflaks eller udyktigheit? Sandefjord har vore litt uheldige – både med eigen innsats og enkelte dommaravgjersler – men sanninga er at dårlege lag ofte går på ein smell mot slutten.

Fokus på kondis og konsentrasjon til neste år, Bohinen?

Fotball

  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Bellingham senket Barcelona i El Clásico på overtid

    Barcelona tok ledelsen to ganger i El Clásico, men det gikk mot 2-2 og status quo i gullkampen i La Liga inntil Jude Bellingham ga Real Madrid seieren.

    Det skjedde på overtid og på pasning fra Lucas Vázquez, som var involvert i alle de tre hjemmemålene på en dag da seriegullet i praksis ble sikret.

    Lucas Vázquez og Vinicius Junior samarbeidet om to utligningsmål tidligere i kampen, og Real Madrid økte med seieren sitt forsprang til serietoer Barcelona til hele elleve poeng når seks serierunder gjenstår. (NTB)

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Molly Darlington / Reuters
  • Glimt gikk på sesongens første poengtap

    Glimt fikk en drømmestart i toppkampen mot Molde da Nino Zugelj stanget inn 1–0 etter kun syv minutter.

    Men Molde kjempet seg tilbake i oppgjøret. Ti minutter ut i andre omgang rev Kristoffer Haugen seg fri på bakerste stang, og pirket et innlegg fra Kristian Eriksen over målstreken.

    Dermed gikk Bodø/Glimt på sitt første poengtap for sesongen, mens Molde unngikk å gå på sitt andre strake tap.

    De to deler tabelltoppen med Brann, alle på ti poeng. Men Glimt har en kamp mindre spilt enn rivalene.

    Bodø/Glimt-spillere feirer etter målskåring på Aspmyra 21. april
    Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK
  • Perle da Liverpool slo tilbake med seier

    Liverpool reiste seg etter europaligaexiten og vant 3-1 borte mot Fulham i Premier League søndag. Klubben er fortsatt med i tittelracet.

    Liverpool-manager Jürgen Klopp overrasket og henviste både Mohamed Salah og Darwin Núñez til benkeplass til oppgjøret.

    Uten stjernespillerne fra start sørget Trent Alexander-Arnold, Ryan Gravenberch og Diogo Jota for tre viktige poeng i kampen om Premier League-tittelen.

    Seieren sender laget à poeng med Arsenal på tabelltopp. Manchester City har en kamp mindre spilt og går forbi begge om den vinnes. (NTB)

    Premier League - Leicester City v Liverpool
    Foto: CARL RECINE / Reuters
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden