Den sveitsiske 35-åringen tok sin første verdscupsiger i 2000 og sitt første VM-gull året etter.
I
tok ho to gull og ein sølvmedalje. Og i VM i Finland tidlegare i år tok ho storeslem med tre gull – langdistanse, mellomdistanse og sprint.
– Manglar vinter-motivasjon
– Motivasjonen for konkurransane sommarstid er der enno. Men motivasjonen for å gå laus på ein ny vinter med hardtrening er ikkje stor nok lenger, skriv ho på
.Det var erfaringar ho gjorde seg sist vinter. – Då var det vanskeleg å trene skikkeleg med skader, sjukdom og barnepass. Eg var heldig som kunne kome i toppform til VM i Finland i sommar, skriv Niggli.
Dermed blir verdscup-finalane på heimebane i Baden komande helg. Der skal ho kjempe for å vinne årets verdscup samanlagt.
– Dette er noko eg har reflektert over ei god stund, og eg har kome fram til at nok er nok. Det er ikkje aktuelt å halde fram på "sparebluss". Skulle eg vore med vidare, måtte det blitt med full satsing, skriv Niggli.
Kjempar for v-cup-siger
Ho ligg på andreplass i
, 51 poeng bak svenske Tove Alexandersson. Ei av årsakene er at ho ikkje deltok på sesongopninga på New Zealand i januar.– Derfor kan eg ikkje avgjere det sjølv. Ikkje eingong to sigrar er nødvendigvis nok, seier Niggli.
Som stiller til start med kart og kompass for siste gong søndag. Dermed er orienterings-trona ledig.