Hopp til innhold

Risikerer milliontap på VM-satsinga: – No eller aldri

Langløparen Astrid Øyre Slind droppar Marcialonga for å komme seg til Ski-VM, og gir med det frå seg ein ikkje urealistisk sjanse til å håve inn halvannan million i premiepengar.

Astrid Øyre Slind på trening i Les Rousses

VIL TIL VM: Astrid Øyre Slind har sett seg sjølv i posisjon til å kunne oppfylle draumen om å VM-tremil og Vasaloppet på to dagar i mars.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Det vart eit vanskeleg val. Men eg har bestemt meg for at det er no eller aldri med tanke på å komme seg til eit VM, seier Slind til NRK.

34-åringen frå Oppdal er ein del av Team Aker Dæhlie. Jobben hennar er å vinne langløp i Ski Classics. Men på veg inn i denne sesongen hadde ho ein draum om ein spesiell dobbel: Å gå VM-tremila i Planica laurdag 4. mars og det 90 kilometer lange Vasaloppet dagen etter.

Vegen til VM går via verdscupen, og Slind klarte tidleg i sesongen å gå seg inn på verdscuplaget. Under Tour de Ski vart ho nummer seks og beste norske på 15 km klassisk fellesstart i Val di Fiemme.

Det var nok til at Slind gjorde seg høgaktuell for VM-laget på tremil, men ikkje nok til at plassen på laget er trygg.

Landslagstrenar Sjur Ole Svarstad stadfestar at Slind fekk klar beskjed om at for å sikre VM-plassen, måtte ho komme til Les Rousses for å gå 20 km klassisk fellesstart søndag. Då skulle Slind etter planen ha gått Marcialonga, som er eit av dei fire grand slam-løpa i Ski Classics.

Astrid Øyre Slind

FESTAR VM-GREPET: Astrid Øyre Slind er vand til å stake på blanke ski, men treng festesmurning for å klatre bakkane som kan ta henne til VM.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

– Alt ryk

Etter litt områdingstid, takka ho ja til å gå verdscup.

Gultrøya og alt ryk når eg vel å gå her, erkjenner ho når NRK møter henne torsdag ettermiddag.

Kor mykje kan du tape i kroner på å droppe Marcialonga?

Det er snakk om halvannan million. Så eg ofrar mykje for å komme meg til VM, seier ho.

Ikkje det at Slind kunne vunne halvannan million i Marcialonga åleine. Men i og med at ho trekkjer seg, mistar ho i realiteten høvet til å vinne den gule samanlagttrøya i Ski Classics.

Ho mistar også høvet til det aller mest lønnsame, nemleg å vinne alle dei såkalla grand slam-løpa, som er Marcialonga, Jizerska, Vasaloppet og Birkebeinerrennet.

– Pengar er ikkje alt

Slind understrekar at ho uansett måtte hatt maks utteljing for å klare det. Men ho vann både Vasaloppet og Birkebeineren i fjor, og har vunne dei to siste konkurransane i Ski Classics før Marcialonga.

Det skal jo mykje til at det klaffar på alle fire der, men er det ein sesong der det kanskje kunne gått, hadde det vore denne. Men pengar er ikkje alt, er det ikkje det dei seier, smiler Astrid Øyre Slind, som har gått inn litt over 160.000 premiekroner i verdscupen så lang i vinter.

n1FaK8d39Ig

STERK I TOUREN: Astrid Øyre Slind vart beste norske på 15 km klassisk fellesstart i Val di Fiemme under Tour de Ski.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Slind seier at ho ikkje har fått nokon klar beskjed om kva ho må prestere i rennet søndag.

Viss eg vinn, så er det sikkert. Så det er det ein må gå for, seier ho.

Men det handlar om kor fort dei andre norske går, kor mange andre som vil gå tremila i VM og kor mykje betre eg kan gjere det på ei tremil enn på ein 20 km med fiskebein, seier Slind, og avslører at løypa i Les Rousses inneheld ei lang fiskebeinbakke som ikkje fell henne heilt i smak.

Eg må berre gå alt eg har og håpe at det held, seier ho.

Reiser ikkje som reserve

Etterpå vil ho ha eit klart svar på om ho er inne på tremilslaget eller ikkje. Å vere i VM-toppen er nemleg ikkje interessant i seg sjølv. Slind reiser ikkje til VM som reserve.

Nei, då går eg langløp, fastslår ho.

Landslagstrenar Svarstad vil ikkje seie når eit eventuelt klarsignal kan bli gitt, men stadfestar at det kan bli aktuelt at løparar kan får klarsignal på enkeltdistansar før avreise til Planica.

Ja, det kan det vere, seier han til NRK.

Noreg har fire plassar på kvar distanse i VM. Ut frå sesongen så langt, ser Tiril Udnes Weng og Anne Kjersti Kalvå ut til å vere sjølvskrivne på tremilslaget. Sannsynlegvis slåst Heidi Weng, Astrid Øyre Slind og Ingvild Flugstad Østberg om dei to siste plassane – med mindre nye namn slår til i Les Rousses i helga.

Sportsnyheter

Narve Gilje Nordås og Per Svela hentes av Gjert Ingebrigtsen etter løpet i Huelva

Nordås hentet av Gjert Ingebrigtsen etter seieren: – En trist sak for alle parter

Narve Gilje Nordås sier han kan fortsette trenersamarbeidet med Gjert Ingebrigtsen selv om det har blitt ut tiltale mot treneren. Tirsdag kveld forlot de stadion sammen.

Siste nytt

  • Elverum klar for sluttspillfinale i håndball

    Elverum tok seg videre til finalen i sluttspillet i håndball etter at de vant 41-30 borte mot Arendal tirsdag kveld.

    Elverum møter Kolstad, som slo ut Drammen i sine semifinalekamper med 2-0. Første finalekamp i best av tre spilles mellom de to lagene 22. mai i Trondheim.

  • VG: Bård Finne får to kampers karantene

    Branns Bård Finne må utebli fra klubbens to neste kamper etter at han ble utvist i 0-0-kampen borte mot KFUM Oslo i helgen.

    Det bekrefter Eirik Lindstrøm, leder av NFFs disiplinærutvalg til VG.

    – Dette opplevde vi som en grei sak. Verken mer eller mindre enn to kamper, sier Lindstrøm til avisen.

    Brann-spissen ble sendt i dusjen etter en høy fot mot KFUM-keeper Emil Ødegaard. En VAR-sjekk gjorde at det gule kortet til Finne ble omgjort til rødt. Dermed måtte han ta den tunge veien over fotgjengerfeltet i Ekebergveien og i garderoben etter en snau halvtime.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Ryerson hylles før storkamp: – Som en pitbull

    Komplimentene til Julian Ryerson satt løst da Borussia Dortmund-sjef Edin Terzic og Emre Can møtte pressen foran årets viktigste kamp mot Paris Saint-Germain.

    Onsdag spilles den første mesterligasemifinalen mot det franske storlaget. Den 27 år gamle lyngdølen er eneste gjenværende nordmann på herresiden i Champions League.

    – Han gjør jobben for laget og løser også trange situasjoner godt, sa Terzic.

    – Alle lag trenger en spiller som ham. Han sier ikke så mye og jobber bare hardt. Han er som en pitbull på banen, sa lagkamerat Emre Can. (NTB)

    Germany Soccer Bundesliga
    Foto: Sven Hoppe / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal